Slutt å bygg ned Laksevåg, høgre-byråd!

Slutt å bygg ned Laksevåg

Laksevåg helsestasjon. Foto: SKJALG EKELANDÅpne deleknapper for artikkelen

 19.06.25 18:00

 Charlotte Maury-Aveline, leiar i Raudt sitt kvinnepolitisk nettverk og medlem av Raudt Laksevåg/Loddefjord, Ivar Tveito Jørdre, leiar, Raudt Laksevåg og Loddefjord og Thorleif Berthelsen, styremedlem, Raudt Laksevåg og Loddefjord

Nei, Laksevåg ligg ikkje i Loddefjord. Laksevåg ligg langt fra Oasen, Vestkanten og sist men ikkje minst Møllendalsveien.

Meninger

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det gjeld å følge med, for sentraliseringsbeistet forstår seg kun på tal, og opererer på vidt forskjellige arenaar i ein og same augneblink.

Medan media dekka den avgjerande kampen for å stoppe nedlegginga av sju skular i Bergen, skjedde det noko heilt i det stille, bak lukka dører: 27. mai vedtok bystyret i Bergen å legge ned helsestasjonen på Laksevåg Senter (Helsestasjonsstruktur og Familiens Hus i Bergen kommune).

På helsestasjonen har gravide, barn og foreldre til no kunne få hjelp frå helsesjukepleiar, jordmor, psykolog og lege. Det er det no slutt på og underteikna stiller seg kritisk til grunngjevinga for nedlegginga. At kollektivtilbudet er godt mellom Laksevåg og Oasen, eller Laksevåg og Loddefjord, held rett og slett ikkje som argument, viss alternativet er ein helsestasjon i gåavstand.

Kven vert så råka av at helsestasjonen på Laksevåg vert stengt?

Mellom anna mødre i barsel, med eller utan far til barnet ved si side. I starten av barseltida vil det seie ein pasient som nett er utskriven frå sjukehuset. Det er heftig nok å føde eit barn, og å attpåtil på dagen måtte ta vare på eit heilt nytt menneske, med all det ansvaret det medfører. At helseforetaka no blir drivne etter samlebåndsprinsippet der mor og barn vert sende heim i ekspressfart, er ikkje heller til hjelp. Tidlegare har mødrene på Laksevåg i alle fall spontant kunne vende seg til den lokale helsestasjonen. Det vert det no slutt på. Og for ikkje å snakke om den førebygginga som skal vere føremålet med helsestasjonen, i følge Helsedirektoratet og saksframstillinga til byrådet.

Ikkje alle har råd til bil, og som nybakt mor er det ikkje enkelt å heise ei barnevogn inn på bussen. Bussane er ofte proppfulle og tillet attpåtil berre to barnevogner, to!

Charlotte Maury-Aveline, Rødt. Foto: Privat

Nei, Laksevåg ligg ikkje i Loddefjord. Laksevåg ligg langt fra Oasen, Vestkanten og sist men ikkje minst Møllendalsveien (!), som byrådet no føreslår som alternativ for mødre på Laksevåg, dette da i samband med eit forslag om fritt val av helsestasjon.

Eg vil seie meg einig i at ei samlokalisering av tenester i Familiens hus på Oasen, der familiar får “én dør inn til flere tjenester” verkar lurt, viss det kan føre til eit tverrfagleg samarbeid, men eg vil ikkje hevde at å legge ned helsestasjonen på Laksevåg vil kunne hjelpe kommunen med å nå si målsetting om tidleg hjelp til mor og barn.

I saksframstilling viser byrådet til to spørjeundersøkingar blant foreldre. Begge handlar om nærleik/reiseveg til helsestasjonen, fagleg kompetanse, og samlokalisering av tenester. I den frå 2021 svara innbyggjarar frå Laksevåg/Fyllingsdalen med at dei ynskja å behalde helsestasjonen der han er i dag og at nærleik til helsestasjonen er viktigare enn samlokalisering.

Byrådet vel derimot å lene seg kun på svara frå 2024, der folk frå Laksevåg/Fyllingsdalen faktisk ikkje er representerte. I denne svarte 75 prosent nei på spørsmålet: «Jeg synes det er vanskelig å komme meg til helsestasjonen», men respondentane var frå andre bydelar.

Byrådet erkjenner så at det ikkje er mogleg å trekke eigne konklusjonar basert på undersøkinga frå 2024 p.g.a få svar frå Fyllingsdalen/Laksevåg. Men så plutseleg, i neste avsnitt, gjer dei akkurat det, når det konkluderer med følgjande: “I den nye undersøkelsen fra juni 2024 kommer det likevel tydelig frem at nærhet til helsestasjon ikke er det som brukerne mener er det viktigste for dem. De er mer opptatt av at de får et godt faglig tilbud som er tilgjengelig når de har behov for det».

Her kan ein spørje seg kven “De” er, og kvifor byrådet vel å sjå vekk frå ei spørjeundersøking der innbyggjarane på Laksevåg faktisk er representerte, til fordel for ei der dei ikkje er det?

Me i Raudt vil reversere nedlegginga av helsestasjonen på Laksevåg Senter.

Nybakte mødre skal ikkje måtte ta bussen og stå i lange køar for å forsikre seg om det nyfødde spedbarnet deira har det bra.

Første gong publisert i Sydvesten.no – 19. juni 2025

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Noreg - Norway, Politikk&Samfunn og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.