Skaff barna på Laksevåg ein midlertidig turnhall

Foto: Skjalg Ekeland (BA)
06.07.25 00:10
Av Sunniva Andresdottir Vik, 4.kandidat Raudt Bergen. Ivar T Jørdre og Charlotte Maury-Aveline; høvesvis styreleiar og medlem i Raudt Laksevåg/Loddefjord
Heilt sidan Loddefjord vart innlemma i Laksevåg bydel, ved bydelsreformen i 2000, har dei ulike byråda forsøkt å bygge ned Laksevåg, men denne gongen står me no ovanfor eit byråd med alvorlege sentraliseringsabstinensar.
Meninger
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Jamt og trutt går dei laus på lokalmiljø som er vande med å hamne sist i rekka. Lokale offentlege tenester som helsestasjonar og kulturkontor vert bygde ned/flytta, medan viktige rehabiliterings- og byggeprosjekt som den lokale idretten har vore lova, vert nedskalerte og/eller utsette.
Etter 16 år utan bydelsbibliotek “fekk” Laksevåg tilbake eit eige bibliotek, takke vere eit solid engasjement frå lokalbefolkninga, men med sentraliseringa av kulturkontora som no føregår, er det ikkje godt å seie om det nok ein gong òg vert nedprioritert.
Eitt år etter avgjerda om å legge ned kulturetaten og gi biblioteksjefen ansvar for kulturkontora, sit dei tilsette framleis og lurar på om dei må flytte eller ei.
800 turnarar står framleis og ventar på ein ny turnhall, både den og rehabiliteringa av Laksevåghallen var førespegla ferdige i 2024, i følge byrådet sin handlings- og økonomiplan 2022-2025.
Kapasiteten til Laksevågshallen er framleis sprengt, dei minste barna sit på venteliste etter å byrje på turn, medan dei andre må løfte tungt utstyr ut og inn av konteinarar og ta til takke med seine treningstider i andre bydelar, som i Turnkassen, på Slettebakken! (Hilde Mohn i Sydvesten 03.04.25)
Laksevåg turn- og idrettslag og foreldre ser motlaust etter andre løysingar, og har på beskjedent vis etterspurt ein midlertidig telthall slik at fasilitetane i mellomtida kan verte betre. Da med forslag om å bruke gamle Laksevåg Gymnas sin tomme aula, men nei, det klarer ikkje byrådet å unne dei ein gong. Den aulaen bør aller helst stå tom og vere ute av drift.
Gamle Holen Skole og Damsgård Skole hadde begge svømmebasseng. Dei nye skulebygningane, derimot, vart bygde utan fordi bassenget i Laksevågshallen skulle dekke behovet.
Svømmeglade barn i indre- og ytre Laksevåg må no enten køyrast til Ado eller Ortun Svømmehall i Fyllingsdalen, eller etter skuletid håpe at foreldra har ei stor nok lommebok til å gi dei innpass i luksusbadelandet. For på Vannkanten
Opplevelser er det 10 kr i prisforskjell mellom vaksen- og barnebillett, noko som resulterer i at ein foreldre med to barn må ut med 600kr.
I skuletida er det snakk om i minimum 1400 elevar og lærarar som kvar veke pliktoppfyllande set seg på bussen til næraste svømmehall, når dei i staden, kunne ha teke trappa ned ein etasje til sin eigen svømmehall. Kva prislappen på det er i lengda, er det berre fuglane som rissa handlings- og økonomiplanen som veit.
Kor lenge skal innbyggjarane i denne bydelen haldast for narr?
No må byrådet ta ansvar for brotne løfte, få fortgang i bygginga av turnhallen og slutte å bygge ned Laksevåg.
Skaff barna på Laksevåg ein midlertidig turnhall!
Først publisert i Sydvesten.no – 6. juli 2025