
Palestine will be FREE – https___cdn.evbuc.com_images_650316769_134494442682_1_original
For å ha skreve det fyrst som sist: Det er mange ting eg kunne ha skreve om i denne bloggposten frå året 2023. Mange kriser og krigar, men for meg og mange med meg, veit eg, er det EI valdsam hending eg må skrive om, i lag med dobbelmoral, hykleri, imperialisme, våpen, og eit lite håp, der framme ein stad. God lesing (trass det vonde).
Eg skriv denne bloggposten no når året 2023 er slutt, i tristheit og fortviling over det som no hender i Midt-Austen. Men, spesielt sint vert eg også, at det er ein asymmetri i media sitt fokus på partane i denne krigen. T.d. etter Hamas-åtaket så kunne det skrivast «land verda over fordømer på det sterkaste drapa på israelske sivile». Det er jo heilt rett det, sjølvsagt. Men, kva med det same når det gjeld dei palestinske sivile? Etterkvart har det betra seg, men det er langt att før media og verda elles tek skikkeleg inn over seg kva denne krigen verkeleg inneheld, meinar eg. Det er t.d. ikkje ein krig mellom Hamas og Israel, slik ein heile tida høyrer politikarar og media ordlegg seg. Det er for lenge sidan (også lenge før åtaket 7. oktober 2023, ja sidan staten Israel vart til i 1948) vorte til krig av sjølve sionismen (sionisme – Store norske leksikon) mot sjølve det palestinske folk. Først no byrjar kanskje denne, for mange noko ubehaglege historia å feste seg blandt folk og verte skreve meir om i media. Eg håpar det. Og, håpet om eit fritt Palestina for eit fritt palestinsk folk, MÅ me halde på! Elles er me moralsk og politisk fortapte alle saman!
Eg er som kunstnar, skrivar og politisk aktivist og ikkje minst medmenneskje, veldig uroa over kva rolle mediane utgjer i formidlinga av denne konflikta. Gjer dei forståinga av ho betre eller verre? Det vil det kommande år truleg vise. Her er ord og omgrep også viktige naturlegvis, men noko av det aller viktigaste, tenkjer eg, er at ein klarar å skilje ut ideologien «sionismen» frå dette for oss til tider noko vanskelege Midtausten-landskapet, som eit veldig farleg tankegods, og som har hatt veldig store konsekvensar altfor lenge. Mange fleire jødar enn før, både i Israel og i diasporaen, vert no medvitne om dette. Det gjev eit visst håp om endring ei gong, men det er eit stort MEN her. Det er den «imperialistiske elefanten i rommet». Gjett kven det er?
No er det verkeleg alvor i Palestina/Israel! Eg er både trist, lei meg og forbanna for det som no hender. Som i føregåande Gaza-krigar er det også i denne ein asymmetriske krig, som det også er for mykje av enno i massemediane. Og, sjølvsagt fordømer eg drap på sivile uansett kor! Men, legg merke til ein ting: Kor fordømande er me ikkje på drap på israelske sivile (sjølvsagt med rette), men kor fordømande har «verda» (her tenkjer eg spesielt på oss i Vesten) vore opp gjennom åra på drap på palestinske sivile. Det har nesten vorte så daglegdags at t.d. unge palestinarar er drepne av israelske soldatar (drepne i «deira» eige land, det er det utrulege.
Her er nokre spørsmål, kjære lesar: Kor mange veit at under åtaket inn i Israel 7. oktober vart også israelske sivile drepne av israelske soldatar i kampane? Kjelder: Another Israeli witness confirms Israeli tanks killed own citizens on 7. October… Did Israel’s military kill its own civilians on Oct. 7? Veit folk at «Flere enn hver sjette israelske soldat drept av egne styrker eller ulykker i Gaza«? Evidence shows Israel killed many of its own citizens on Oct. 7, then blamed Hamas, Israel admits it killed its own at Nova music festival Og, kor mange veit at no er dødstala på sivile frå 7. oktober nedjustert kraftig.
Så vidt eg veit var året 2021 eit av dei verste med omsyn til drepne palestinarar, og israelarar, sidan 2005, med over 200 palestinske og 30 israelske liv. Til no før denne Gaza-krigen. No, denne hauaten 2023 kjenner eg meg ordfattig når eg skriv at i skrivande stund er nærare 22 000 palestinarar (dei fleste sivile, mest born) drepne i Gaza og nærare 300 drepne på Vestbreidda sidan 7. oktober.
Det er utruleg trist å høyre om dei daglege nyhende om sionistane si massive bombing av Gaza, i 3 månader no. Eg er veldig forbanna på oss i Vesten og spesielt USA naturlegvis, som let dette opelyst hende, og utan sanksjonar av noko slag. Snararae tvert om gjev meir våpen til regimet, samstundes med tomprat om at Israel må take omsyn til sivile. Dette hykleriet er motbydeleg å høyre på, også frå norske styresmakter! Det ER krigsforbrytingar det Israel no gjer i Gaza. IDF (den israelske hæren) bombar sjukehus, skular, FN-lokalar, infrastruktur, ALT i Gaza. Ikjje «respekt etter krigens reglar» i det heile. Det skapar heilt forferdelege scener derte, sikkert det verste Israel har gjort nokon gong. Det seier ikkje lite. Kor i helvete er Vesten komen, berre kynisk dobbelmoral dominerar!
Innlegg i aviser: Menneskeverdet sitt samanbrot?
Nokon sa ei gong at «det er lettare å førestille seg verdas undergong enn å førestille seg kapitalismens undergong». Dette er ei tankevekkande formulering. Ei formulering som fortel kva for utmaningar me står overfor. For det første…er humanisme, moral og menneskeverd nære undergongen, i Vesten no, i orda si rette tyding? Det er heit utruleg! At me som menneskeslekt har klart å kome så langt! I menneskeforakt!
For det andre: Kva er det med oss no? Er me fortapt i likesæla? Kor går me etter dette? Eg trur knapt det eg ser. Det verkar uverkeleg. Er dette fiksjon? Er dette film? NEI, det er ikkje det! Det er verkeleg, det hender her og no. Det er noko vanvettug me ser, det er noko umenneskeleg me ser, det er noko bestialsk me ser, det er noko djupt umoralsk me ser. JA, det er krig me ser. Men, det er meir enn det. Det er folkemord me ser. JA, det er folkemord me ser! Få dette inn i «skallane» på våre leiarar, våre politikarar. Vesten sine idiotar. Våre idiotar! Verdas idiotar, som ser på dette folkemordet gå føre seg. Det har hendt mange gonger før, eg er klar over det, at folkemord har gått føre seg utan inngripen. Men, det gjer ingen skilnad på det som hender no, for det. Tvert om. Skal ikkje verda ha lært noko som helst? Skal ikkje verda klare å stanse desse jævlege drapa? Vil ikkje verda presse drapsbeistet til endes?
Det er jammen meg nok no! Det er meir enn nok no! Det skulle aldri ha hendt. Sjølvsagt, i humaniteten sitt namn, skulle det aldri ha hendt. Det er for seint no, med dei over 16 000 drepne palestinarar i Gaza. Og, kor mange ligg enno att under ruinar og betong? Dei er borte for alltid. Denne galskapen må stanse no. Det er ikkje til å bære. Det må ikkje vera til å bære. Verda skal ikkje tåle dette lenger.
Dette er det nedrigaste eg har sett, det som hender i Gaza no. Eg ser dette frå ein trygg stad, tusenvis av kilometer unna. Eg er heldig, eg er så heldig. Og, eg kjenner meg medskuldig, som høyrer til i Vesten. Ja, faktisk gjer eg det. Om eg ikkje gjer noko og protestera mot denne uretten og massedrapa, kjenner eg meg endå meir medskuldig. Eg er forbanna, skikkeleg forbanna. På våre leiarar, som langt frå gjer nok for å stanse sionistregimet i deira udådar. Ikkje pressar nok politisk, og ikkje minst ikkje pressar i det heile teke økonomisk og militært. Det er utruleg å vera vitne til denne dobbelmoralen. Sanksjonar har hagla over Russland, men ikkje Israel. Verda er nær eit moralsk og humanistisk samanbrot, ja. Om ikkje noko hender no som set ein stoppar for denne galskapen! Er det ei slik verd utan folkerett og menneskerett me vil ha?
Ivar Tveito Jørdre