Flyktningar, vår tidsalder og fridomen sin pris

25.12.21 10:00
Ivar Jørdre, kunstnar og politisk aktivist
Jole- og nyårsynsket til Ivar Jørdre er i dette lesarinnlegget færre gåver til oss sjølve og meir støtte til flyktningarbeidet.
MEININGARDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Aldri før har den individbaserte «fridom» vore større, meiner liberalistane. Samstundes har dei globale krisene aldri vore større heller: Miljøkrise, økonomikrise flyktningkrise og pandemi.
Midt oppe i dette er vår forståing av fridomsomgrepet sentral. Fridom vert universelt sett oppfatta som positivt, dei fleste vil ha det, men dei færraste definerer innhaldet i det. Heilt frå antikken, hjå grekarane og romarane (og før) til om lag vår tid har omgrepet «fridom» vore diskutert.
To hovudretningar gjer seg gjeldande: Den liberalistiske fridom. Definert som «fråvær av innblanding», frå staten eller andre menneske. Ofte forbunde med den kapitalistiske marknaden sin «fridom» og den individuelle «fridom» til å velja sitt konsum. Denne liberalistiske ideologien har sitt opphav på tidleg 1800-tal, mellom anna med filosofen Adam Smith.
Det andre fridomsomgrepet har sitt opphav i antikken og vidareført i mellom anna den usanske (1776), franske (1789) og norske grunnlov (1814). I nyare tid har ein brukt omgrepet «republikanisme» (har ingenting med dagens republikanarar i USA å gjera!). Dette politiske fridomsomgrepet har mellom anna i seg «fridom frå vilkårleg makt, tyranni og tvang». Ein kan her leggja til, fridom frå vilkårleg marknadsmakt og kjøpepress, fattigdom og krig.
Dette krysspunktet mellom ulike innhald i «fridom» lyt me som menneske forhalda oss til, også i krisetider som vår. Me ser gradvis forverring av mange sider av flyktningsituasjonen. Folk som rømmer frå noko så alvorleg og uhaldbart som krig, svolt og fattigdom. Kontrasten er stor til «vår fridom».
Innan EU er den kapitalistiske fridomen dei «fire fridomar»: Fri flyt av varer, kapital, tenester og menneske. Men, skal nokon inn i dette Schengen-området (EUs ytre grensekontroll og felles visumreglar) og med Dublin-forordninga (reglar for asylsøknadar i EU-land), vert saka straks annleis. Då er krava harde og utveljinga av folk som får kome inn urettvise.
Dette «EU-regimet» fekk framover seinsommaren 2015 sin største utfordring nokon gong. Den sommaren og hausten kom det fyrst om lag 350.000 menneske, så over millionen til kontinentet frå land som Afghanistan, Eritrea, Irak og Syria. Tusenvis av medmenneske bankar framleis på «vår dør» no i 2021. Lat oss hugsa litt på dette også i vår travle og noko oppspilte jolestemning. Ein del færre gåver til oss sjølve og meir støtte til flyktningarbeidet er jole- og nyårsynsket!
I 2020/21 er stemninga i Europa endra sidan 2015. Ingen vil ha flyktningar lenger. Grensene vaktast meir og meir. Dei mange redningsbåtar i Middelhavet er vekke, berre få att. I 2021 har titusenvis av menneske forsøkt å kryssa det sentrale Middelhavet, og minst 1236 har mista livet. Flyktningar «fanga opp» av libysk kystvakt vert tvangsreturnert til forferdelege inhumane tilhøve i Libya. I austleg middelhav har Hellas sine store problem med flyktningleirar på greske øyar. Her vert flyktningar ofte verande i årevis, dei kjem seg ingen stadar.
Kva for liv er alt dette for våre medmenneske? Er dette den fridomen Europa og me vil stå for og vera stolt av?
Fyrst publisert i avisa Hordaland, 25. desember 2021