Raudt førebur Noreg på tida etter Høgre!
I Hordaland tysdag 16. februar kom eit «glansbilete» med tittelen «Høgre førebur Noreg på tida etter korona» frå høgretoppane finansminister Jan Tore Sanner og stortingsrepresentant Ove Trellevik om korleis Høgre skal førebu Noreg etter koronaen. Dette sender dei som ferdigskreve manus rundt omkring i landet til lokalavisene. Slik vil dei «lyse opp landet» med si historie om kor fantastisk bra Høgre og regjeringa har takla koronakrisa og kor «varme» dei er med det norske folk. Det er då me vanlege folk lyt stogge opp litt og sjå desse maktfolka ein dei i speigelen. Då kan det hende at speigelbiletet vert ikkje så lite skoddete. Såpass skoddete at ein lyt bruke sonár for å sjå bak fasaden. Gjer ein det vert truleg biletet noko klårare. Lat meg prøve.
Statleg eigedom på billegsal
Mens pandemien gjekk sine nasjonale rundar i landet i 2020, selde staten (les; regjeringa) meir av statleg eigedom og dermed arvegodset til det norske folk på løpande band. Meir enn på mange år. Dette gjekk mykje under radaren i media og elles. Døme: Det førre statseigde selskapet Entra vart privatisert meir og meir frå AP-regjeringa opna opp for sal av staten sine aksjar i 2011. Høgre-regjeringa har halde fram der dei andre byrja og i I november 2020 hadde staten selt seg heilt ut av Entra (no.wikipedia.org). Der staten gjennom Entra før eigde heilt sentrale samfunnsviktige kulturbygg som Nasjonalbiblioteket og Litteraturhuset (begge Oslo) og viktige historiske og arkitektoniske bygg som Tollboden (Bergen) og Havnelageret (Oslo), må no staten betale dyr leige til m.a. svenske aksjonærar. Staten (oss) tapar veldige summar på dette årleg. Det verste i dette er at det er pengar frå det norske rett ut til private investorar både ute og heime. Dyrare vert det i eino med offentleg verksamheit då driftskostnadane skal gje avkastninga og god profitt til dei private eigarane. Mens pandemien held på kan altså regjeringa halde på å selje statleg eigedom på billegsal til rike investorar.
Krisepakkane
I dei store krisepakkane gjekk store middlar til dei store næringsdrivande, der mykje av statsstøtta også vert brukt til aksjeutbyte og honorarar. Regjeringa som er eit nyliberalistisk konsept gjer ingenting for å hindre dette og nektar å forby «statssponsa» ubyte ved lov. Mens næringsleiarar rundhanda gjev ut aksjeutbyte lyt «kvinna i gata» ofte med ungar finne seg i smulane som ikkje rekk til heller og ta den tunge vegen til sosialkontoret eller ta i mot almissar. Kva tenkjer dei høge «herrar» i maktkorridorane om det? Ikkje høyrbare svar på dette i alle fall!
Mens veldig mange, spesielt unge slit seg ut med å få nok pengar til bustadkjøp, let rike eigedomsfolk vera å leige ut bustader, i staden for å senke husleiga registrerar dei dette som tap og får statsstøtte for det dei tapar. Dette tenar dei betre på og bustadprisane går til «kapitalismens himmel». Dei let rett og slett bustadane stå tomme! Kva trur ein folk som misser ulik NAV-støtte etter lang tids ledigheit seier til dette? Og, kva med dei som har fenge støtte etter NAV si meining urettvist og som vert straffa nådelaust, kva tenkjer dei om rettvisa i Noreg? Slik får ein endå større klasseskiljer i landet, dei med og dei utan råd til helse, utdanning, bustad/leige. Nyliberalismen sin faneberar næringsminister Iselin Nybø synes visst dette er heilt greit! Ho vurderar ikkje verdigheita til kvar enkelt utleigeeigar i dette, seier ho. Neivel, ein kan vel då seie at dette er medvite gjort frå regjeringa til gavn for dei hus- og leigespekulantar med fine bilar og mørke solbriller. Slik er kapitalismen sitt grå-svarte anlet!
Reformar, lygn og «grøn tape»
Politireforma skulle verte so mykje betre enn alle dei «minikontora» på kvar ein knaus og kvar ein topp me trudde me hadde før. «Då sentraliserar me heile greia frå 27 til 12 politidistrikt», sa regjeringa Solberg og fekk Stortinget med på det i 2015. Men, det stortingsfleirtalet gjekk i baret på var at regjeringa fann smutthol i reforma og gav mindre pengar, færre tilsette ute i distrikta og fekk til større avstand mellom kontor og folk. Det same lureriet kan ein omtala Fylkes- og kommunereforma som. Talet på fylker er redusert frå 18 fylker før 2020, og frå 1. januar 2020 er Noreg delt inn i elleve fylker, og talet på kommunar er redusert frå 428 til 387. I dette biletet ligg mange tvangssamanslåingar, friviljuge samanslåingar og utrulege store einingar. Dei største konfliktområda er Troms og Finnmark til eitt fylke, Innlandet og Viken. Hordaland og Sogn og Fjordane til fylket Vestland er ikkje uproblematisk det heller. Høgre-regjeringa håpar motstanden mot desse einingane roar seg , men der lyt dei tru om att. Om denne regjeringa får «fyken» ved neste val så vil reverseringsprosessar koma.
«Vi står i dette saman, og saman skal vi også kome oss gjennom pandemien. For regjeringa betyr det å sikre støtte og hjelp til dei som treng no. Samstundes skal vi leggje grunnlaget for tida der pandemien er over .» Dette er det «hule svaret» desse høgremennene kan kome med til dette urettvise støtteregimet. Eg trur IKKJE denne regjeringa med dette står seg serleg godt i det historiske ljos. «Vi må behalde det vi har», skriv Høgre i Hordaland. Det må tyde at dei høge skilnadane i Noreg held fram, dei rike sjefane i næringslivet får det som dei vil endå meir og det sokalla «grøne skiftet» er ein stor floskel. Regjeringa har sett av 4,1 milliardar kroner i 2020 og 2021 til grøne investeringar, om ein berre reknar med den direkte støtta til grøne tiltak gjennom krisepakkane (e24.no). Til samanlikning har dei generelle støtteordningane til næringslivet i fjor og i år vore på om lag 95 milliardar. Regjeringa har også sett av over 100 milliardar i form av låne- og garantiordningar. Av den samla støtta vert 2 prosent sett av til grøn omstilling. Det er om lag verdsrekord i låg satsing på dette samanlikna med mange andre land sine støttepakkar. Fantastisk dårleg! Eg og Raudt er regelrett flaue på vegne av Noreg sine ambisjonar.
Klasseskillet i Noreg har auka dramatisk med nesten åtte år med Blå-regjeringa og under pandemien har det berre forsterka seg. Og, så vil regjeringa trygge oss med mantraet om at me kjem snart attende til «normalen». Det skal verte attende til «business as usual» må vite! Tenk det! Det er då Raudt og mange andre som vil leva ei berekraftig og rettvis framtid må protestera og saman med folket finne dei endringane som trengs til eit nytt økonomisk system i staden for den stadig meir frisleppte turbokapitalismen av i dag!
Ivar Jørdre, lagsleiar i Raudt Bergen Vest og stortingskandidat Raudt Hordaland
(Ein litt kortare artikkel stod på trykk i avisa Hordaland, torsdag 25. februar)