
Eg har før skreve på om korleis Vesten økonomisk og NATO militært har «sneke» seg meir og meir inn i tidlegare austblokkland og dermed «gjerder» inn Russland. Dette er ei høgst levande kjensle hjå mange russarar. Ukraina er eit siste døme på dette. Der Vesten og spesielt USA over lang tid ville ha eit regimeskifte, til eit vestvenleg eitt. Med økonomiske midlar og hjelp til organisering av endringsvillige miljø (då meiner eg ikkje dei radikale og sosialistiske rørslene i Ukraina, dei fekk ingen hjelp frå Vesten), fekk dei til slutt oppstanden til å virke og dermed endringa i jan/feb 2014. Midt oppe i dette annekterte Russland Krim meinte Vesten og helvete var i gong. Ei lang historie med Ukraina som barken mellom Aust og Vest toppa seg. No er økonomiske og politiske sanksjonar mot Russland for lengst gjennomført og ny kald krig etterkvart eit faktum. Om det også endar med ein «varm krig» sett i høve til seinare tids opptrapping og gjennomføring av militærøvingar, kan mange ulike faktorar avgjere. Ein ting er Russland sitt problem med si eiga interessesfære i regionane, ein annan ting er Vesten sitt svar på det og dobbelmoralen i høve det å intervenera på sine premiss som i Ukraina i 2014.
No er det ny spenning i dei sjølvstyrekontrollerte provinsane i Aust-Ukraina. Ukraina skuldar Russland for å sende mange tropper til grensa mellom dei to landa. Kreml seier at tropperørslene ikkje er noko trugsmål. Washingtons er sjølvsagt raskt ut med si «urokkelege» støtte til Kiev når det gjeld dei spente tilhøva til Russland. Noko anna ville vore overraskande. USA truga med og har no sendt to krigsskip til Svartehavet. Så er det i gong att. Vesten hakkar på Russland, Nato ventar i bakgrunnen og me i Vesten «står og ser på». Norske styresmakter er til og med så frekke at dei krev russisk attendetrekning i sitt eige land. Ein tidlegare leiar i Sovjet ser med uro på kva denne forsterka spenninga kan tyde på for krigsfaren.
Mikhail Gorbachev, president i Sovjetunionen 1985-1991, skreiv i Time Magazine i 2017 m.a. dette: «Det mest alvorlege problem i verda idag er militariseringa av politikken og det nye våpenkappløpet.» Han skreiv og at «kjernevåpentrugsmålet endå ei gong er reelt,» med «argumentering for våpenopprustning og det militær-industrielle kompleks». Vidare skriv Gorbachev noko særs viktig: «In modern world, wars must be outlawed, because none of the global problems we are facing can be resolved by war—not poverty, nor the environment, migration, population growth, or shortages of resources.«
Nato og Vesten har lenge skamlaust lurt Russland og alle oss andre som ikkje vil ha Nato-utviding austover. Ekspansjonen til Nato austover har i åresvis vorte hevda som noko dei ikkje hadde lova Russland å ikkje gjera. Det er ikkje sant, det er ei løgn som altfor lenge har fenge festa seg. Det er no på tide ei gong for alle å avsløre denne misleiande retorikken og misbruken av historia. Som ein kan sjå på lenkene nedafor så er det openbart at Nato lova NEI til utviding utover på 1990-talet: The west’s assurances to Soviet ministers on eastward expansion of Nato – Nato, Ukraine and the EU army plan
Er det eit håp for at den «vesle istida» mellom Russland og Vesten tinar, om ikkje med det første? Ja, det er det, men då lyt minst halvparten, eg sa minst halvparten, av vestlege leiarar og folkevalte bytast ut, og det straks, med avspenningsvenlege politikarar som forstår seg betre på Russland. Og så lyt minst halvparten og meira til av folket krevje dette, velje nye og tenkje at det er mykje, mykje betre å snakke med vår store nabo i aust, vera i dialog og lage venskap, enn det er å terge, tie ihel og konfrontera naboen. Det er berre å håpe dette hender før noko alvorleg inntreff. For å vera oppmerksame på dette har me alle eit ansvar.
Ikkje minst må «Minsk-avtalane»* haldast av Ukraina, noko Vesten må presse dei til. Russland har også skreve under på denne avtalen og er no frustrert over at Ukraina bryt han, hevdar dei. Spenninga vil halde fram heilt til begge partar kjem til forhandlingsbordet att!
Ivar Jørdre
*Minsk-avtalane frå 2014 og 2015 har som mål å stanse valdshandlingane som oppstod i Aust-Ukraina som følgje av Ukraina-krisen. Avtalane kom i stand under leiing av Organisasjonen for Samarbeid og Sikkerheit i Europa (OSSE).
Minsk I
«Den første av de to Minskavtalene – Minskprotokollen – ble undertegnet 5. september 2014 i Hviterusslands hovedstad mellom Russland, Ukraina, Folkerepublikken Donetsk og Folkerepublikken Lugansk. Avtalen ble utarbeidet av den trilaterale kontaktgruppa for Ukraina bestående av OSSE, Russland og Ukraina.
Avtalen ble undertegnet av Ukrainas tidligere president, Leonid Kutsjma, den russiske føderasjonens ambassadør til Ukraina, Mikhail Zubarov, OSSEs representant, den sveitsiske diplomaten Heidi Tagliavini og lederne for de folkerepublikkene Lugansk og Donetsk, henholdsvis Igor Plotnitskij og Aleksandr Zakhartsjenko.»
Minsk II
«Den 11. februar ble en ny avtale – Minsk II – undertegnet i Hviterusslands hovedstad mellom Russland, Ukraina, Folkerepublikken Donetsk og Folkerepublikken Lugansk representert ved de samme personene som undertegnet Minsk I. Denne avtalen ble framforhandlet på toppnivå av den russiske, ukrainske og franske presidenten samt den tyske forbundskansleren. Dette samarbeidet kalles Normandie-formatet. I forkant av undertegnelsen satt disse fire statslederne og lederne for de to folkerepublikkene i Donbass sammen i 17 timer under harde forhandlinger. Også denne avtaleprosessen foregikk formelt i regi av OSSE.»
Kjelde: Store norske leksikon