
Far ville ha vorte 105 år i dag, 6. november. Fødd og oppvaksen på Jørdre arbeidde han der heile sitt liv som gardbrukar. Ein arbeidsam kar som alltid stod på for å halde garden drivverdig og å drive han saman med mor, for å gje familien eit grunnlag for eit godt liv på Jørdre. Det var mange ting å gjera og far sa fleire gonger at han låg vaken om nettene av og til med tankar om kva som skulle prioriterast eller ikkje av alle dei gjeremåla han synes han aldri rakk heilt over. Slik var og slik er det nok framleis på ein mellomstor gard, der ein som bonde kan ha mange utmaningar i den daglege drifta. Noko av det far ofte var litt lei seg for var at han aldri heilt fekk tid til ei stor interesse han hadde heilt frå ungdomen. Det var trekkspelet. Diverre vart det lite speling for han opp gjennom åra, heilt til han på slutten av livet tok det fram av og til. Far var samfunnsinteressert og fylde godt med på politikken. Me hadde mang ei gong ganske så «oppheita» diskusjonar om politiske tema. Her fekk eg trena meg på argumentasjonar eg seinare har hatt god bruk for.
Diktet nedanfor vart skreve rett etter far døydde 8. mai 2008. Litt av ein dato også, for hans generasjon, sjølve frigjeringsdagen 1945! Fred vera med far sitt minne!
TIL FAR SITT MINNE (skreve i mai 2008)
Det står ein tom stol heime no
me fyller han med minner
Det står att ein tom kopp på kjøkenet no
me fyller han med minner
Eit langt liv er levd
mykje arbeid og slit har det krevd
Ei epoke av røynsler er over
Det gode med alt dette er;
at livet er stort,
at livet er mangfaldigt
Eit stort tomrom er det etter deg, far
Men me skal fylle det med gode minner
og varme kjensler
Ei anna reise har no byrja, far – god tur!
Far 105 år, tenk det! (skreve 6. november 2026)
Far kunne ha vore 105 år
Det kunne han ha vore, ja
Men, det er berre eit tal
Eit tal er det berre, ja
Det er livet hans som har vore
Eit langt liv har det vore, ja
Langt og arbeidsamt liv, ja
Eit verdig og livsglad liv også, ja
Mykje slit, mykje glede og
Mykje ansvar, mykje omsorg og
Mykje i tankar, mykje i hugen og
Mykje gard, mykje humor og
Ein bonde, frå ei anna tid
Ein kar, frå sin gards univers
Like framt som den vårlege bris
Like framt som det duggvåte gras
Ligg våre minner i fars faktiske liv
Der ligg minnene som perler på snor!
Sender deg ein varm tanke,Ivar. I morgon reiser eg til Eivindvik, kor eg vaks opp. Då skal eg på grava til foreldra mine, heidersfolk og slitarar. Klem frå Kjell.
Takk for din varme tanke, Kjell. Det same til deg!
Ja, det gjer godt å få minnast sine foreldre. Dei har gove oss starten på livet, veit du.
I mitt liv var det ein god start på oppveksten heime på garden, i alle fall.
Det er ikkje alle som har vore lika heldige.