Kunstfront for FRED og MOT krig – Utstilling i Fana Kulturhus, 15. oktober – 9. november 2026

«Tilstand», Olje på lerret, 60 x 60 cm, 2024, Ivar Tveito Jørdre

«Slik er vi….enda», Tresnitt-plate 2m40cm x 2m40cm, 2006, Roger Gjerstad

Kunstfront for FRED og MOT krig – Verda treng aktivistisk og politisk KUNST, som aldri før!

Er samfunnet interessert i politisk kunst? Det er diverre tvilsamt at mange er det. Endå det er veldig viktig at kunstnarar brukar sin kunst som motmakt mot verdas maktstrukturar. I vår tid meir enn nokon gong er Kunstfront mot krig og for fred, sentralt. Me tenkjer at det er for lite politisk kunst i vår tid. Kunst som kritiserar det kapitalistiske system og kunst som set søkeljoset på ei verd der internasjonal folkerett og rettsorden er under sterkt press, trengs, og som tittelen på utstillinga seier:

Kunstfront for FRED og MOT krig!

Sterkare politisk kunst trengs for medvitsgjering og som middel for endring av system/samfunn.

Ein installasjon om Gaza By og store tresnitt-panel vil håpnadsfullt vise kva me ønskjer å vise.

Nedanfor er det ein tekst som forklarar noko om føremålet vårt med utstillinga og om kvifor me meinar politisk kunst er eit veldig viktig verkemiddel for medvitsgjering, samfunns- og systemkritikk av kapitalismen.

Til denne utstillinga brukar me også eit «Kunstfrontmanifest», Motmakt mot kapitalismen ved hjelp av ein Kulturfront, skreve av oss i 2016 (sjå lenke).

På denne utstillinga tek me føre oss ulike typar kunstuttrykk for å vise (med visuelle verkemiddel) sider ved det kapitalistiske samfunnet, systemkritikk, framandgjering, konkrete saker som krig og fred, osb. Døme på andre idear/måtar å vise kunst som motmakt på i praksis, som ein utstilling kan vera med å sette i gong, kan vera sokalla GRAFISKE KUNSTVEGGER – som ope debattforum – der kunstverka kan virke  som ei veggavis, ei oppslagstavle, ei politisk meining. Biletet/a kan t.d. stå i ei avgrensa tid på eitt år, før det evt. vert flytta til ein annan stad/kommune. Andre døme er poetiske uttrykk, gateteater, demonstrasjonsgigs, o.l.

For å kome vidare i forståinga av kva kunst er og korleis kunsten fungerar (eller ikkje fungerar) innanfor kapitalismen sine råmer, lyt ein sjå på ideologisk og politisk filosofi. Her kan Marx sine tankar hjelpe til:

“På same måte som vara ser kapitalistane på kunsten som omsetteleg, med sin mytiske og fetisjaktige karakter. Så snart kunsten opptrer som vare, så endrar han seg til ein ting som ein kan sanse som har oversanselege eigenskapar. Kunsten vert ufarleggjort og kan brukast i kapitalen si interesse. Her ligg også manipuleringa og undertrykkinga av kunsten som eit reiskap for kapitalen sitt ve og vel. Ein skal på borgarleg vis «kose» seg med kunst og investera i han, men kunsten må ikkje føre til folkeleg opplysning og kime til opprør og endring. Kunsten står dermed med eit bein i kapitalismen og eit bein i opprøret og sosialismen. Det vert då viktig å få begge bein radikale (rotvelting) og på bakken, og ikkje berre med eit bein utanfor kapitalen, ei frigjering av kunsten er naudsynt for endring” (fritt oversett).

Marx seier at vara sin mystiske karakter ikkje spring ut av bruksverdien ho har. Vidare i Økonomisk-filosofiske manuskripter og andre ungdomsverker, ss. 189-208, skriv han: “Ut fra nasjonaløkonomien selv har vi, med dens egne ord, vist at arbeideren synker ned til å bli en vare, ja til den elendigste vare, at arbeiderens elendighet står i omvendt forhold til produksjonens makt og størrelse, at konkurransen nødvendigvis fører til en opphoping av kapitalen på få hender, det vil si til gjeninnføring av monopolet i enda verre form, og endelig at forskjellen mellom kapitalist og grunneier, mellom bonden på åkeren og arbeideren i manufakturbedriften forsvinner og at hele samfunnet må dele seg i to klasser – eiernes klasse og de eiendomsløse arbeidernes klasse.”

På 1980-talet hadde EIT KUNST-MARXISME PROSJEKT teke opp desse ovannemde tinga til handsaming, så vart det stille LENGE. Håpet er å få desse perspektiva fram att som viktige i venstresida sitt arbeid. Denne utstillinga ser me på som ei god byrjing. Det er også viktig for oss å få gode innspel frå publikum til gode idear på tema og politiske saker ein kunstfront kan arbeide med, og gode overskrifter alá “kva er det du irriterar deg mest over i dagens Noreg” eller “kva er den fullkomne framandgjering i kapitalismen i dag”.

Kunst må verte ein naturleg del av anna politisk arbeid – dette bør venstresida ta inn over seg og gjera noko med!

Sjå også bloggen https://artfightforchange.wordpress.com/ for meir info og søke etter: Motmakt mot kapitalismen ved hjelp av ein Kulturfront

Roger Gjerstad og Ivar Tveito Jørdre, kunstnarar og politiske aktivistar

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Art & Science, Artist/Kunstnar, Marxism, Politikk&Samfunn og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.