Til minne: Thorleif Myrholt Berthelsen (1975-2025) – 1 år sidan han døydde

Thorleif Myrholt Berthelsen, til minne:

Foto: privat. Frå artikkelen «Thorleif sin historie», sjå sarkomer.no

29. august 2026: For eitt år sidan la eg inn denne helsinga på minnesidene til Thorleif. Eg bloggar ho på nytt her. Til minne om Thorleif på 1-årsdagen for hans død!


Eg sender dykk desse tankane eg har no:

Thorleif, hans liv som aktivist og kjempar for rettferd og mot undertrykking vil stå som ein bauta etter han. Som ein av mine beste vener gjennom mange, mange år, personleg hjelpar og politisk kollega er eg djupt takksam for å ha vore din ven og aktivistbror i utallege demonstrasjonar og markeringar. Takk for alt me har gjort saman, Thorleif!

Veldig, veldig glad i deg, vil tenkje på deg alltid!

Eg har skreve to dikt til Thorleif, her:

Eitt før han døydde og eitt etter han døydde.

God lesing.

Thorleif

Frå universet kom du

Til universet reiser du

Atomane sette deg saman

til eit vakkert menneske

————————-

For eit vakkert menneske

er du, som lever på Jorda

i eit augeblikk i milliardane

sin ugjennotrengelege forståing

av tid

——————————

I eit ljosglimt mellom to myrke

er du med oss andre og skapar

dei varmaste solidariske tankar

i menneskeverdet sitt teikn

—————————-

Takk for at atomane sette deg

saman til den du er.

Me kan ikkje få sagt det nok:

Takk for at du er TIL, Thorleif!

———————————

Du sit ikkje der lenger

Du sit ikkje der i stolen

på kjøkenet mitt lenger

og diskuterar Lenin og

tesa om Imperialismen

som Kapitalismen sitt

Høgaste stadium

—————————

Du sit der ikkje lenger

og fortel meg om kor 

jævla forbanna du er

på ekstrem høgre og

Folkemordet i Gaza

—————————-

Du sit der ikkje lenger

og lurer på kva tid du

skal kome til meg neste 

gong og hjelpe meg, og om

me skal dra saman på neste

Palestina-demo

——————————

Du sit der ikkje lenger

og ser lurt på meg

når eg ikkje har forstått

noko som helst av det du sa

til meg for berre minuttar sidan

——————————–

Du står der ikkje hjå oss lenger

og viser oss kva solidaritet er,

kva menneskeverd er, kva det

Å bry seg om andre betyr

og korleis me skal kome oss

ut av denne knipa, kapitalismen

Du er der ikkje lenger, men du er

Her evig for oss alle, Thorleif

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under dikt, Noreg - Norway og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.