Apartheidstat, settlarstat og atomvåpenstat – Med vestleg lisens til å drepe!

«Droneprogrammeraren», Tusj på papir, juli 2026, Ivar Tveito Jørdre

Med vestleg lisens til å drepe – Sionismen eig ingen grenser

Denne «type tekst» har vore skreve mange gonger. Han har vore skreve i dag, i går, i førgårs, og han vert diverre skreve i framtida også! Om ikkje nokon særs stor endring hender, så må ein halde fram å skrive. MEN, kvar gong ein skriv er det endå verre enn før, heilt jævleg mykje verre, endå fleire drepne og skadde enn før, endå meir støtte militært til Israel enn før og endå meir «dei» og «oss», enn før. LAT OSS ALLE KREVE AT VERDA (les: USA og Vesten) STOPPAR DETTE BLODBADET OG FOLKEMORDET, ELLER ER VERDAS SJØLVRESPEKT HEILT VEKKE NO? TIDA VIL VISE, OG PROTESTANE VÅRE VIL VISE!

KOR MANGE FLEIRE PALESTINSKE OG LIBANESISKE LIV SKAL OFRAST FOR SIONISMEN?

KOR MANGE? FØR VESTEN OG USA DREG I SNORA OG STOPPAR APARTHEID-ISRAEL?

Me veit det alle saman. Me har blod på henda! Vesten har blod på henda! Ja, det internasjonale samfunn har det. Dette er blodig storpolitikk. Det handlar ikkje om menneskeverd. Det handlar ikkje om likeverd. Det handlar ikkje om rettferd. Det handlar om kynisme. Det handlar om brutalitet. Det handlar om geopolitikk. Det handlar om «dei» og «oss». Me er skuldige i dette!

Sidan det er dei andre så er det forsvar, det er ikkje åtak. Nei, nei, det er ikkje åtak. Og sidan dei andre er f.eks. Palestinarar og libanesarar, så kan me angripe dei og kalle det forsvar. Så kan me la vera å kritisera «den sterke parten», men kalle det forsvar, kalle det forståeleg, kalle det retten til… Så kan me la vera å kritisera vår eigen regjering, for dei forsvarar seg jo. Det er jo «dei» dei forsvarar seg mot. Me går ikkje ut i gatene for «dei». Nei, det gjer ikkje mange nok av oss i alle fall! Og, no skal «me alle» i Noreg også forsvare «oss» mot «dei». «Dei» for oss er russarane. Me rustar oss til tennene! Det har Israel gjort lenge, med vår (Vestens) hjelp!

I snart 80 år har USA og Vesten rusta opp Ekspansjonsstaten, hjelpt med atomvåpen, hjelpt med store summar og våpen. Dei verste våpen har «ME» hjelpt med: klasevåpen, fosforvåpen, KI (Kunstig Intelligens)-droner, KI-drap, og medlemsskap og deltaking i EM i fotball og Melodi grand prix. Big deal, heh!

Slik kan me la det gå sin gong. Det har me gjort så mane gonger før. Det vert vel «våpenkvile» att. Det har no hendt før. Ja, dei klarar nok dette denne gongen også. Mange gonger før har me latt det gå sin gong, me i Vesten. Me som er saman med den sterkaste våpenmakta i verda. Slik har me gjort det mange gonger før. Me har gjort ingenting lenge, me har latt det gå. Me gjorde det i 2006 då det byrja for alvor, me gjorde det under Gazakrigane i 2008-9, i 2010, i 2011 under bakkestyrkeåtak, me gjorde det under Gazakrigen i 2014, i 2018 under grenseprotestane, under bombinga av Gaza om våren 2021 og me gjer det framleis, no, idag, i 2026. Slik held me på!

Under den første organiserte palestinske Intifada (Motstand) i 1987 og seinare i 2000, gjorde heller ikkje vestlege styresmakter noko som helst for å stoppe israelske overgrep, bygging av «Apartheidmuren», hemnåtak med raseringar og «bulldosing» av palestinske heimar og landsbyar. Dei gjorde ingenting. Berre snakk! Berre det evinnelege maset om «at me er djupt uroa over…» Men, «me» heldt fram å gje våpen, ja. Visst gjorde me det. Det er slik me held på!

Gjorde Vesten noko som likna på økonomiske sanksjonar og våpenstans til Israel under invasjonen av Libanon i 1982, til og med heilt til Beirut, bomba ting sønder og saman, med mange drepne? Nei, ingenting! Gjorde Vesten noko med bombinga av Libanon i 2023. Absolutt ingenting! Gjer Vesten noko med det som hender i dag, ny invasjon og storstilt bombing av Libanon sidan mars, med langt over 3000 drepne? Du gissa rett, INGENTING!

Inntil me alle ser «dei andre» som oss. inntil me alle ser det triste, det forferdelege, det meiningslause, det urettvise, ja, så vil det triste, det forferdelege, det meiningslause, det urettvise, berre halde fram. Inntil me ser at ei sterk makt tek andre sitt land, inntil me ser overmakta, inntil me ser Vesten i alt dette, ja, så vil det berre halde fram. Det vil halde fram i det «uendelege». Inntil me alle ser «bjelken i vårt eige auge og ikkje splinten hjå «dei andre»!

Ivar Tveito Jørdre, kunstnar og politisk aktivist

Først publisert i Friheten, juli 2026

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under genocide, Imperialisme, Midt-Austen og merkt , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.