Den gode planeten – del 6
Forandringar – Forvandlingar
Den pulserande reisa
Forteljinga om den lange reisa til nærast pulsar, byrja lenge før sjølve reisa. Sjølvsagt gjorde ho det. For det første måtte me bygje romfarkosten så sterk og kraftig som mogleg, og for ikkje å gløyme ein farkost med utruleg hastigheitspotensiale. Med «me» meiner eg romfartsorganisasjonen vår, som me har gove det nye namnet «Proxima b Space Mission». Namnet vart stemt inn ved ei folkeavstemming for ei tid attende. Det gamle namnet meinte styresmaktene, Planetrådet, var utdatert og «gamaldags», og ikkje gav det oss proximittar meining lenger heller, meinte folk. Det var med akronym også og heitte «XMUSK b». Eg er heilt samd i at det var eit veldig dårleg namn, ja. Ikkje politisk bra var det heller.

Romskipet heiter «Pulsar Space» og vart bygd ferdig på under eit planetår, utruleg raskt med andre ord. Me lyt seie at me har veldig flinke romingeniørar her på Proxima b. Det var det jo på Tellus og Mars også, men eg vil hevde at «romkunstnarane» våre har kome ein del lenger. Mellom anna ei spesiell legering me vel er åleine om, i høve til dei planetane menneska har vore før, altså. Denne legeringa me no kler romskipa våre med er ein miks av tre mineraltypar: det eine er så enkelt som namngove etter solsystemet vårt Alpha Centauri, og heiter «Centauritt». Stilig namn spør du meg, kjære lesar. Dei to andre metalla har noko kjedelegare namn, kan ein påstå, «Terra a» og «Terra b». I alle fall så er denne legeringsblandinga reine «dynamitten» for å seie det slik. Og, som nemnt er ikkje desse metalla kjende andre stader,
Det som er bra med denne «kåpa» som romskipet har er motstanden mot ekstrem varme og ekstrem stråling, når ein t.d. nærmar seg ein Pulsar. Og, det er presis det som skal hende. Proxima b sender ein ekspedisjon til næraste Pulsar. Eller rettare sakt reisa er allereie i gong, for nokre månader sidan. Og, tenk det kjære lesar, eg, «gamle mannen», er no med i romskipet.
Eg som skriv dette er no 135 år, og har vore på Proxima b i 50 år, eg brukar Tellusår i denne forteljing. Eg og Signy tok ei strabasiøs reise frå planeten Mars, etter fleire år med urolegheiter og konflikt. Dette etter fleire gode år. Men, Mars er ridd av mange valdsame sandstormar og dei tildels enorme drivhusa våre tålte dei godt lenge, men på eit tidspunkt hugsar eg det var så mange store sandstormar etter kvarandre at det vart hungersnaud lenge. Dei fleste drivhus vart knuste også dei kilometerstore med sine solide takkonstruksjonar. Folk svalt og mange døydde. Som kjent, naud skapar konflikt og naud skapar grådigskap. Nokon få karrar til seg mykje, mange får ingenting. Krigen vart eit faktum.
Det var ikkje berre denne mat- og dyrkingskatastrofen som vår årsak til «Marskrigen», sjølv om han var den utløysande faktoren. I lengre tid hadde det vore misnøye med dei som styrte koloniane på Mars. Dei vart klaga på for vanstyre, korrupsjon og nepotisme. Kjende klagemål på Jorda som dei kom frå. Ironisk nok vart dei ikkje kvitt desse typiske og dårlege menneskelege trekka, sjølv om dei hadde reist til Mars. Nei, det er nok ikkje slik at ein reiser frå elendig tankegods og får eit nytt godt eitt berre ein reiser til ein ny stad. Denne misnøya tiltok i styrke over fleire år og fredelege protestar utvikla seg til væpna gjengar og til slutt milits. Diverre hadde menneska teke med seg våpenkunnskapen og teknologien til Mars. Mange vart drepne og skadde på begge sider i den 5-årige krigen og noko våpenkvile kunne ein sjå langt etter. Etterkvart var berre halvparten av folket att, omlag 110 000. Dei som ikkje slåss var att, men livsgrunnlaget som mykje var øydelagt var ikkje bærekraftig for alle. Så nokon måtte reise vidare. Men kvar? Romskip og teknologien til lange reiser hadde dessutan overlevd krigen.
Mot slutten av Marskrigen fekk ein på Mars forståinga av at ei gruppe menneske måtte kome seg vidare ut i verdsrommet for å finne ein eigna planet der ein kunne byrje på nytt. Endå eit framstøyt for ein redningsaksjon for menneslekta, eller? Me hadde i alle fall lenge høyrt om eit solsystem 4,2 ljosår unna, der ein planet ved namn Proxima b gjekk rundt den vesle stjerna Proxima Centauri, i trippelstjernesystemet Alfa Centauri. Føljesvennen min Signy og eg var så heldige å få vera med i denne første gruppa som reiste med stjerneskipet «Starstruck» på den lange ferda mot vår nye heim.
Me reiste altså frå planeten Mars til planeten Proxima b, i tre-stjerne systemet Alfa Centauri for 50 år sidan. Dette stjerne- og planetsystemet er det næraste til Sol-systemet og Tellus (menneskeslekta si Jord) og er 4,37 ljosår unna. Her lever me godt, dei få av oss som er her. Signy er også med meg enno, takk Universet for det! Denne forteljinga er skreve ned på ære og samvit, anno 2295 før år 1 (Tellusår). Litt om korleis eg og Signy har det på denne gjestmilde planeten (sett bort frå monstersandstormane ei gong i hundreåret). No i våre eldre dagar held me på med litt av kvart, litt dyrking..sokalla politiske ting..reising..osb… Eg lyt skunde meg å fortelje at føljesvennen min, Signy, har namnet sitt etter mi mor (litt for å ta vare på gamle Tellusnamn), men ho brukar no mest proximttnamnet QAlva A.
Mest av alt er me saman med andre rundt vår eigen alder. Det er ei lita gruppe som me tilhøyrer som likar å bade og å fiske. Det gjer me i virtuell realitet. Noko som vil seie at gjennom ein liten chip som alle innbyggjarane på Proxima b har innplantert inn i hjernen, har me ei nokolunde samstemt tilhøve til kvarandre med respekt og difor er det også lite konfliktar.Me opplever alle like tilhøve i samfunnet ved at alle opplever like ting gjennom dei virtuelle opplevingane. Når eg seier «alle» så er det med nokre unntak sjølvsagt. Som i alle samfunn før oss her på planeten, så vidt me veit, er det alltid nokon som ikkje vil halde seg med fleirtalet. Og det er greit, synes me. Dei som ikkje vil ha innplantat i hjernen gjer sine ting i verklegheita, som elles. Me gjer begge delar. Det verkelege og det virtuelle. Me har forresten gode tilhøve til dei, som ofte kallar seg «Proximistane». Dei meinar at dei har eit planetnært tilhøve til liv og natur.For flott natur er det på Proxima b, med kjempestore savanner, grasland, lange slake dalbotnar, enorme elvestryk, gigantiske fossar der fjell finns, og små innsjøar.
Lenge, lenge før alt dette gode livet her på Proxima b, hadde altså dei første koloniane på Mars etablert seg. Grunnane til at menneske reiste dit er dette: Dei enorme klimatiske problema menneska på Tellus då hadde, i tillegg krigar. Det var som det var profeti på alle dei konfliktar, pandemiar og «Den store krigen», som då var i emning i hundreåret etter, skreiv nokre av forfedrane til min far. Desse olde- og tipoldeforeldra hadde også tidlegare kjelder å bygge på, frå 2000-talet (Tellustid), hundreåret før. Det er spesielt to dømer på sanselause krigar som far min fortale om frå dagboknotatane og dokumenta frå forfedrane som besteforeldra hans tok med seg til Mars, som eg vil fortelje om her. Truleg begge desse krigane kan vera med på å kaste ljos på opptakta til «Den store katastrofen»:
Menneska var i byrjinga av å utslette seg sjølve (utan å skjøne det på det tidspunkt), om ikkje noko «revolusjonerande» var i ferd med å hende. Men, som me alle veit no her på Proxima b så «brente dei verda mens dei gjekk». Berre nokre få millionar levde på Tellus etter mange tiår med krig og pandemiar. I tillegg kom dei menneskeskapte klimaendringane. Midt oppe i alt dette reiste ei gruppe menneske til Mars, med einvegsbillett!
Utdrag frå Tellus-notata:
Afghanistan-krigen
Erling Borgen skreiv eit veldig godt Facebook-innlegg i 2021, om Afghanistan-krigen. Sitat derifrå:
«Norge har vært med på en brutal angrepskrig i Afghanistan, siden vi sendte de første soldatene dit ved årsskiftet 2001/2002. 9000 norske soldater sendt til landet av våre politikere. Vi har valgt å se bort. …….. Ledende norske politikere har prøvd å fremstille dette som en lang fredsoperasjon. Da Jonas Gahr Støre var utenriksminister sa han at norske soldater var ”på et krystallklart fredsoppdrag i Afghanistan”.
Sanninga er heilt annleis. Afghanistan-krigen, leda av USA og Storbritannia, var ein komplett katastrofe. Meir enn 70 000 sivile døde. 69000 døde afghanske soldatar. 3500 døde amerikanske soldatar. Ti norske soldater mista sitt liv i krigen.

Målet for USAs åtak på Afghanistan hausten 2001 var slett ikkje å bygge ein demokratisk stat og bygge skular så også jenter fekk utdanning. Kor mange gonger fekk me ikkje servert dette som ei viktig årsak for norsk deltaking I krigen? Nei, det var å knekke Taliban-regimet og sette inn eit USA-vennleg regime. Dette i eit strategisk svært viktig land geopolitisk, m.a. som eit bolverk mot Kina og for kontroll over store delar av Asia. Olje og mineralressursar finns det og.
Det kjempeironiske er at det Taliban USA og vestmaktene ville ha vekk og ikkje fekk til gjennom 20 års krigføring, var det Taliban som kom attende etter at Biden-administrasjonen trekte USA ut «med halen mellom beina» i august 2021. Når yankeeane stakk av frå Kabul rulla Taliban inn i Kabul!
Å bombe eit folk til demokrati og kvinnefrigjering er imperialismens forsøk på kvitvasking av det reelle målet – forsterking og utviding av kapitalismen! Kamp mot diktatur og for demokrati er underordna geopolitisk og strategisk militarisme. Det er t.d. Utallege dømer frå historia på brutale militærdiktatur sett inn av USA i Latin-Amerika. Kva imperialisme fører til ser ein i Afghanistan, Irak (krig 2003-2010) og Libya (2011). Og Noregs rolle som USAs løpegut I mykje av dette er skammeleg. Berre i Libya er Norge ansvarleg for å ha vore truleg den flinkaste I «bombeklassen»: Norske F-16-fly slepte 588 bomber over Libya. Nato slepte i alt 7642 bomber over Libya frå mars til oktober 2011. Noreg si deltaking var med på å produsera millionar av flyktningar, og for å ha gjort befolkningen i Libya og omkringliggende afrikanske land til fritt vilt for terroristar. Kaoset denne «regimeskiftekrigen» skapte er framleis høgst til stades.
Det er folket i eit samfunn som skal bestemme si eiga framtid, ikkje imperialistmakter!
Iran-krigen (starta i månaden Mars i Tellus-året 2026, varte fleire månader)
Før den midlertidige våpenhvilen i Iran, får vi kanskje aldri vite hvor nær vi var atomkrig da Donald Trump truet med at «en hel sivilisasjon vil dø i natt.»

Denne krigen setter iranske sivile i fare for katastrofale skader, samtidig som den setter amerikanske tropper direkte i fare. Hele samfunn blir redusert til mål, deres menneskelighet slettet for å rettferdiggjøre vold. Historien har vist nøyaktig hvor dette fører.
Når konflikten eskalerer i utlandet, skaper det skade hjemme. Muslimske samfunn i USA møter økt overvåkning, trakassering og vold. De samme systemene som rettferdiggjør ødeleggelse i utlandet, forsterker diskriminering og statsmakt innenlands. Dette er et kontinuerlig mønster om hvem som beskyttes og hvem som behandles som engangs.
Det amerikanske folket ser hva som skjer. Bare 24 % mener at Trumps krig har vært verdt prisen. Et klart flertall krever en annen vei videre. Nå må Kongressen handle for å beskytte uskyldige sivile og amerikanske soldater mot Donald Trumps verste instinkter før denne ulovlige krigen spinner enda mer ut av kontroll.
Her hjemme rammer kostnadene allerede arbeidende folk. Familier blir tvunget til å absorbere økende bensinpriser, høyere matkostnader og den økonomiske ustabiliteten som følger hver krig.
Den byrden faller ikke jevnt. Svarte samfunn, latino-samfunn og innvandrerfamilier er mer tilbøyelige til å tjenestegjøre i frontlinjen, mer tilbøyelige til å kjenne presset fra økende kostnader, og mer sannsynlig å tape offentlige investeringer når milliarder omdirigeres til krigsutgifter.
Dette handler om makt og ansvarlighet. Kriger som denne gagner ikke offentligheten. De gagner politiske interesser og rike eliter som tjener på det, mens arbeiderne bærer kostnadene. Hver bombe som slippes, hver opptrapping som gjøres, betales av familier som ikke hadde noe å si i avgjørelsen.
Kongressen har myndighet til å stoppe dette. De kan nekte å finansiere eskalering. De kan kreve tilsyn. De kan tvinge frem en permanent våpenhvile. Men de vil ikke handle med mindre presset er overveldende og umulig å ignorere.
Krig kostar, masse menneskeliv, men og dyreliv, miljø og økonomi. Dei sivile går det alltid værst ut over, alltid! For krigsherrane (det er mest «herrar» som styrer krig) er dei ikkje-militære (sivile) såkalla «kalkulerte ofre». Dei er ein del av den kyniske utføringa av krig. Krigsstrategane legg inn i «det dødelege rekneskapet» at så og så mange sivile og stridande vil verte drept anten av eigne innbyggjarar eller hjå «fienden». Slik er det her hjå oss på Jorda, skriv min far sine forfedrar. Her er det døme dei nemner i høve den delvis korte, men forferdelege Iran-krigen. Sett i gong av to imperialisttenkande tyranniske menn:
Den menneskelege kostnaden ved krig, i tal:
🇵🇸 Gaza: 736 drept siden starten av Trumps Gaza-plan (det palestinske helsedepartementet); 2 073 israelske brudd på Trumps Gaza-plan (Gaza Government Media Office); 72 333 drept under Israels folkemord (Palestinsk helsedepartement)
🇮🇷 Iran: 3 375 drept (Iran Forensic Medicine Organization)
🇱🇧 Libanon: 2 089 drepte (Libanons helsedepartement); 1,1 millioner fordrevne (FN)
🇮🇱 Israel: 26 drept (Israels helsedepartement)
🇺🇲 USA: 13 tjenestemedlemmer drept (US militær)
(Dokument frå anonym kjelde)
Det er ei historie frå Tellus eg gjerne vil fortelje (har fortalt ho før), som går slik:
Det vart rekna ut frå ein rar, men klok person at menneskeslekta, at homo sapiens sapiens har totalt vore17 milliardar på Tellus i den tida arten har eksistert, om lag 200 000 år. Og at om lag 300 000 tusen av dei har vore lukkelege ifølge dette reknestykket. Kva no det meinast med lykke, veit ikkje eg? Kanskje var det matriell lykke dei meinte eller var det kanskje sosial lykke dei meinte? Av forbruk og overforbruk vart menneska i alle fall ikkje lukkelege av, viste forsking på den tida. Det var ikkje berre krigar, pandemiar og naturkollaps som etterkvart tynna ut talet på menneske, men aukande overforbruk i storskala av dei rikaste og øvre middelklasse, var ein medvirkande årsak til at det gjekk så gale som det gjekk. På det meste var forbruket på den kloden såpass valdsamt at forskarar fann ut at skulle alle jordbuarar forbruke på dette nivået så måtte dei hatt nærare 4 jordklodar. Det var rett og slett ikkje bærekraftig i det heile teke. Dei brukte opp Tellus sine ressursar på rekordfart og som me no veit er det knapt menneske att på Tellus og kloden er inne i eit klimakaos som ikkje stoppar med det første. Alt dette bygger me på informasjon frå små undersøkings sondar me har sendt mot Tellus for omlag 20 år sidan og som no går i bane der. Dei undersøker korleis det står til på planeten, den blå kule som ho vert kalla. Det står ikkje så bra til, nei, visar våre data. Planeten virkar ganske øde, lite dyreliv og veldig varmt klima, altfor varmt! Noko som er mest slåande er at sondane oppdagar ingen større teikn på menneskeleg sivilisasjon. Ingen større byar og ingen nemneverdig produksjon av matvarer og anna viktige ting til menneskeleg trong. Dei siste data me har frå sondane våre viser at dei tydelegaste teikn på at arten homo sapiens sapiens framleis finns på Tellus er spreidde busetnader nord og sør på planeten. Der er det klimatisk sett råd å vera. Elles er ekvator og dei klimasonane nord og sør for han uråd å overleve i. Trist for menneska, men slik er det. Stadige kjempetornadoar i desse sonane, i tillegg til store vulkanutbrot, gjer det heilt ulevleg der. Difor er dei få menneska som er att busette langt nord og langt sør. Isen over alt på Tellus har smelta for lenge sidan og havstigninga, nokre områder over 10 meter (har sondane oppdaga), har gjort at det totale landområde har skrumpa ganske så mykje. Dei landområda som framlei er buande då grunna klimaendringane, er altså dei norlegaste og sørlegaste områda, og oftast finn me bustnadar langt frå hava, inn og opp i terrenget. Der «klamrar» dei seg fast i små samfunn.
Eg byrja denne forteljinga med menneska sitt forbruk og oerforbruk som ein av dei sentrale årsalene til kollapsen av menneskesamfunn, klima og natur. Til dette valdsame konsumet ligg det ressursar bak som vert utnytta sjølvsagt. Dermed aukar krig og konflikter også i kampen for stadig minkande tilgong til dei. Veksten kan ikkje vekse inn i himmelen, sa nokre menneske, men det va det dei higa etter heile tida, då måtte det skjære seg og det til dei grader og. Stakkars menneskeslekt , men dei har seg sjølv å takke.
Eg er jammen glad nokre av oss har kome til denne vår vakre planet, Proxima b, i det tripple stjernesystemet Alfa Centauri. Men, eg kan ikkje la vera å tenkje på det triste lagnaden til vår forferdrar sin planet Tellus. Så kom ein liten gjeng seg først til Mars og derfrå kom etterkomarane seg hit me er no. Noko trist det eg avslutta brevet mitt denne gongen, kjære lesar, men opptimistisk også i det høvet at nokon av menneskeslekta fann seg ein ny stad å vera i Universet med livslyst og håp som innsats.
*I Tellusåret 2295 etter år 1, er proximitten Ravi 135 år = fødd i år 2160
Skreve ned på ære og samvit, Proximitt «Ravi 999999», Proxima b, 26-28. stjernerunde rundt Proxima Centauri, i trippelstjernesystemet Alfa Centauri, Tellusåret 2301 etter år 1.
Må si denne dystopiske novellen viser noe som ligger dypt i menneskets natur, og det er trangen til å utforske universet og komme seg lengst mulig bort fra denne overbefolkede ogbden stygt forurensede planeten vår, så her vil jeg tro at mange mennesker vil kjenne seg godt igjen i din fortelling om hvordan jorden vil ende opp som en helt ubetydelig planet som ikke er levelig for menneskeheten. Godt skrevet også om hvordan man kan utforske og erobre levelige planeter i andre solsystem og til slutt ødelegge de på samme viset.