Artistar og lydteknikar bak protestkonserten på Haukeland. F.v. Helge Stokke, Klaus Vatne, Øystein Lydvo aka Lydven, Linn Kristin Løvfall-Breistein aka Løvfall, Synneva Noel og Stine Karin Sæle.Foto: Privat
Øystein Lydvo, 21.04.26
I desember vart det vedteke at Pasientbiblioteket på Haukeland Universitetssjukehus i Bergen skulle leggast ned, som eit ledd i i budsjettkutt der føretaket skal spare 250 millioner kroner. 18 kommunar, mellom anna Voss Herad, tilhøyrer Helse Bergen sitt føretaksområde og engasjementet for å bevare Pasientbiblioteket aukar for kvar dag. Oslo Universitetssjukehus satsar stort på Pasientbiblioteket, med 4,5 årsverk fordelt på to bibliotek. Ved Trondheim Universitetssjukehus la dei ned pasientbiblioteket for nokre år sidan, medan ei prosjektgruppe no jobbar for å etablere eit nytt pasientbibliotek på St. Olavs hospital. I Bergen legg dei ned.
Eg har vore pårørande på Haukeland i over eitt år no og har stor nytte av Pasientbiblioteket. I ein kvardag prega av sjukdom og alvor representerer Pasientbiblioteket for meg ei heilt anna verd enn det venteareal og sjukehuskorridorar gjer. Denne kulturoasen genererer håp og fungerer som ein ladestasjon. Når eg er der, ser eg at biblioteket er i bruk på ulike måtar: Lån av bøker, avkopling i Jon Fosse-kroken, leik i barneavdelinga, lesing av gratisaviser eller lån av sjukehuset sin einaste pasient-PC. Mange ynskjer å treffe besøket sitt her i staden på eit fleirmannsrom, medan andre sit med PC-en og jobbar.
Argumentasjonen kring vedtaket er dårleg belyst. Den faglege begrunninga frå kommunikasjonsdirektør Erik Vigander er at pasienter i større grad brukar eigen mobil til underhaldning og det vert vist til ei digital utvikling i samfunnet. Han ser ikkje ut til å bry seg om at Brukarutvalet i Helse Bergen er bekymra for barn og unge sin skjermbruk på sjukehuset og at nedlegginga er i strid med Regjeringa sin leselyststrategi «Sammen om lesing», som skal snu den digitale trenden i samfunnet.
Vigander meiner at sjukehuset vil spare kring ein million på nedlegginga, noko eg meiner er ei sanning med modifikasjonar: Bibliotekaren held fram som tilsett og internleiga for lokalet må ei avdeling på Haukeland uansett betale. Dersom ein ser på den totale innsparinga til helseføretaket står ein igjen med utgifter til bokinnkjøp. Føretaket må heve denne saka over avdelingsnivå og sjå på alternative løysingar for å drifta biblioteket vidare.
Som pårørande har eg, i saman med pasientar, tilsette og andre pårørande, sidan desember jobba for å bevare Pasientbiblioteket. Me opplever ein uvilje hjå leiinga til å gå i dialog for å sjå på løysingar. Dei har ikkje invitert på møte, svarer sjeldan på e-postar, og når det kjem eit svar er det det same: Vedtaket kan ikkje reviderast. På kort tid samla me inn over 2000 underskrifter mot nedlegginga, men heller ikkje det ser ut til å ha motivert til dialog.
Ei kulturmarkering som skulle formidle bekymring kring nedlegginga vart stoppa av leiinga, med begrunninga at ein ikkje kunne ha politisk markering på sjukehuset sitt område. Då me opplevde at bodskapen ikkje blei lytta til, tydde eg nyleg til sivil ulydigheit og arrangerte uanmeldt aksjonskonset på scena ved Pasientbiblioteket. Etter konserten kom ei dame bort til artistane og takka oss for konserten. Ho hadde vore pasient på sjukehuset i eitt år og brukt Pasientbiblioteket kvar dag. I dag skulle ho skrivast ut og ho var sjokkert over at dette flotte tilbodet skulle leggast ned.
Dei som kontaktar meg er ikkje berre bekymra for Pasientbiblioteket. Dei kjenner også på at demokratiet er trua, når føretaksleiinga på eit av Noregs største sjukehus verkar å vera lite lydhøyre og prega av maktsentrering. Politikarar har engasjert seg og er i kontakt med Helse- og omsorgsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Vår eigen politikar Terje Breivik var styreleiar i Helse Bergen då vedtaket vart fatta, og kanskje kan ein forvente at også han engasjerer seg? For saka vedkjem ikkje vossingane berre fordi dei kan ha nytte av Pasientbiblioteket dersom dei sjølv må søkje helsehjelp på Haukeland, men også fordi demokratiet, grunnsteinen i samfunnet vårt, er trua. Eg høyrer tilsette på Haukeland snakke om ulike demonstrasjonar for å redde Pasientbiblioteket, som hadde sin siste opningsdag på fredag. Det kan vera lurt å lytte til folket. Stopp nedlegginga av Pasientbiblioteket på Haukeland no!
Takk for at du posta dette! Vonar det kan engasjere endå fleire i kampen for å redde Pasientbiblioteket.
Takk for det. Ja, me alle håpar biblioteket kan reddast! Det er jo ei skam og gnitaskap dette!
Er det fleire ting me kan gjera framover for å protestera mot toskeskapet?