Appell om olje-strupetaket på Cuba

STRYPETAKET PÅ CUBA

7. mars i eit møte med 17 høgreekstreme latin-amerikanske og karibiske statsoverhovud sa Trump (i den nye reaksjonære klubben sin, der ingen venstrestyrte land var invitert) at no må dei gjera noko med Cuba. No står Cuba for tur. Han sa at «utanriksminister Rubio kunne ta seg litt tid frå Iran-krigen så han kunne ordne opp I dette». USA har i lengre tid stoppa all oljetilførsel til Cuba og prøver no å strype landet økonomisk og politisk. Men det som er endå verre er at dei også stopper andre land som vil frakte olje til øya. Og som vanleg med USA-imperialismen er det veldig brutalt dette. Det er verkeleg ein krig utan bomber. Så langt.

Dette er ein kjend USA-politikk kor dei prøver å lage situasjonen så vanskeleg som mogleg for å få regjeringar til å falle. Det er mange eksemplar i imperialismen si historie der statar, og spesielt USA, prøver å gjera det så ille at folk skal gjere opprør. Slik som ein såg teikn på i protestane på Cuba, sommaren 2021. Men, yankiane lukkast ikkje då, ikkje alltid andre gonger heller. MEN, då brukar dei kanodiplomatiet med trugsmål om invasjon. Om ikkje det hjelper heller, så invaderar dei eller aller best hjelper til med eit militærkupp. Som yankiane så veldig mange gonger før har gjort, i mykje over 100 år. (snart vert det vel feiring av eit rundt årstal for invasjonane sin barndom. I den nye ballsalen til Trump, vis han vert ferdig, då.)

ER DET NOKON HER SOM TVILAR PÅ USA SOM VERDAS FARLEGASTE STAT? DEI SLÅR ALLE ANDRE IMPERIFORSØK I HISTORIA NED I JERNSTØVLANE MED SIN BRUTALITET I OVER  150 ÅR. DEI MÅ STOPPAST!

Trump og hans høgreekstreme krigshaukar fekk «applaus» frå dei høgreekstreme regjeringsvenene sine i fleire latin-amerikanske land, og ei nobelprisvinnar,  då Det kvite hus-mafiaen 3. Januar bortførte Venezuela sin president Nicolas Maduro og kona Cilia Flores. Eit soleklart brot på Folkeretten og internasjonal rettsorden. Reglane er slik Mr. Trump: Ein driv ikkje å bortfører andre lands statsleiarar. OG., ein trugar ikkje land som fraktar olje til land ein ikkje likar. Det er forbod mot det, forstår du, nedskrive i traktatar som eigentleg FNs sikkerhetsråd skal verne om.  Men, DET GJEV JO DE FAEN I!

– Vil den norske regjering stadfeste klart at denne oljeembargoen og øvrige sanksjonar mot Cuba er brot på Folkeretten og internasjonal lov og rett? Og i tilfelle militær inngripen, fordøme det med sterkast mogleg kraft? Då vil me borgarar ha sanksjonar mot, ja, nettopp USA!

Cuba har vore i ein desperat situasjon i fleire år, ein indikator på det er at den ei gong så låge barnedødlegheita er tredobla, og at rundt 20 prosent av befolkninga har utvandra sidan 2019. 

Dette skuldast DEI HARDE ØKONOMISKE SANKSJONANE, dei har vore der i 65 år! Med opptrappingar av blokaden under Trumps første OG andre regjering, og Bidens motvilje mot å fjerne dei nye restriksjonane OG alle, i sin periode. Det er hovudårsaka til Cubas skjebne!.

Cuba brukar olje til å lage straum til nesten heile landet, og dei bruker det til omlag all transport. 

Når Trump nå hindrar olje i å komme inn i landet, og Cuba berre klarar å produsera nok olje sjølv til å dekke 1/3 av sitt behov, rammar det absolutt alle sider av livet. Det er straumbrot i lange periodar. Landet strypast sakte men sikkert og det cubanske folk lir.

Me håpar regjeringa ser med største alvor på situasjonen på Cuba, som vert verre dag for dag. Når sjukehusa ikkje lenger kan ta seg av den mest basiske helsehjelp, ja, då er det ille!

Me i LAG-Bergen og tilslutta organisasjonar krev:

-at Noregs regjering må fordømme USAs oljeblokade.

-at Noreg må sende olje til Cuba. Noreg har både råd og kapasitet til det.

-at Noreg må sende humanitær hjelp og støtte til energiuavhengigheit, f.eks. solcellepanel.

Ignorering av internasjonal lov og rett, slik USA no gjer, kan påverke oss alle.

Dette er farlege tendensar også globalt sett, skal dette verte internasjonal praksis, så vert det ei verd me ikkje på nokon som helst vis ønskjer å leva i. Me ser det for alvor i Iran-krigen no.

Slike grove brot på internasjonal lov og rett må me som borgarar, OG regjering, reagera og handle sterkt mot!

STOPP TRUMP – LEVE CUBA!

STOP TRUMP – VIVA CUBA!

LA LUCHA PARA SIEMPRE! VINCEREMOS!

Ivar Tveito Jørdre (Appell halde på Cuba-markering, mot USAs oljeembargo), Vågsallmenningen, 14. mars


Tekst til markeringa på sosiale media:

Siden Fidel Castros revolusjon på Cuba i 1959, har USA forsøkt å skape regimeskifte. En hovedmetode har vært økonomisk krigføring som rammer Cubas handel – både med USA og tredjeland.

Trump-administrasjonen har nå tatt politikken til et nytt og grotesk nivå. USA har siden desember aktivt stoppet oljeleveranser til Cuba og siden januar truet alle land som leverer olje. I et allerede svært fattig land som bruker olje til både transport og strøm, er dette i ferd med å skape en humanitær katastrofe.

Oppå en allerede tøff økonomisk og politisk situasjon, rammer oljeblokaden alle sektorer av økonomien.

Det finnes nå knapt medisiner, og barnedødeligheten skyter i været. Søppelet blir ikke hentet inn, noe som fører til epidemier. Folk flest opplever dagslange strømbrudd, leveransen av vann stopper, og maten råtner uten kjøleskap. Mange eldre sitter i mørklagte boliger uten mulighet til å komme seg noe sted, og noen frykter for at dette er opptakten til en krig. FN sier at situasjonen blir verre dag for dag.

Vi vet at bergensere flest sier nei til kollektiv avstraffelse og utsulting av sivile for politiske mål. 

Vi inviterer derfor deg til markeringen La Cuba Leve på Vågsallmenningen lørdag 14. mars klokka 13. 

Paroler:

■ Norges regjering må fordømme Trumps oljeblokade.

■ Norge må sende olje til Cuba.

■ Norge må sende humanitær hjelp og støtte til energiuavhengighet, f.eks. solcellepanel.

Arrangører:

Latin-Amerikagruppen i Bergen
Rødt Bergen
Norsk Folkehjelp i Bergen
Antikrigsinitiativet i Bergen
Internasjonal kvinneliga for fred og frihet
NKP Vestland
Bergen Rød Ungdom

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.