USA trampar på Folkeretten utan skam – Ei forbryting mot internasjonal rettsorden

«Imperialisten über alles», tusj på papir, A4, jan. 2026, Ivar Tveito Jørdre
Trump-administrasjonen gjennomførte natt til laurdag 3. januar militære åtak på Venezuela retta direkte mot hovudstaden Caracas og fleire stader i landet. Venezuelas president Nicolas Maduro og kona Cilia Flores vart bortført av US-amerikanske spesialstyrkar (Delta Force), flydd til USA og er no stilt for retten i New York. Tiltala for «narko-terrorisme» og leiing av narkokartell. Desse påstandane er grunnlause og strekt imøtegått av mange, m.a. FNs spesialrapportør for Venezuela og mange land verda rundt, minus Vesten. Operasjonen, kalla «Absolute Resolve», vart nøye innøvd i fleire månader, ifølge General Dan Caine, leiar for «Dei Felles Stabssjefane», som snakka på Trumps nyheitskonferanse etter åtaket. Tala på drepne under åtaket varierar frå rundt 60 til over 80.
Slik opptrer ei stormakt i nedgang, desperat etter hegemonistyring i sin eigen «bakgard», Latin-Amerika og Den vestlege sfære, og utan strategi i det heile, seier Douglas Macgregor, ein pensjonert oberst, kampveteran og tidlegare seniorrådgjevar for USAs forsvarsminister.
Trump sa allereie på Fox & Friends at «handlinga mot Venezuela» kunne utvidas til Mexico og Columbia. «Noe må gjøres med Mexico,» sa Trump. Han fortsatte med å spesielt sei at Colombias President Gustavo Petro trenger å «passe på rumpa.» Under pressekonferansen i Det Kvite Hus la utanriksminister Marco Rubio til Cuba og sa at folk som bur i Havana burde være «bekymret.» Kven vert det neste landet, Grønland? Iran? Dei vestlege land har ingenting å skryte av med fordømming av USAs angrep, dei er omlag «musestille i kritikken».
Marco Rubio er ein fanatisk ektremhøgre fyr fødd i Miami med ex-cubanske foreldre. Han er truleg den viktigaste hjernen bak angrepet på Venezuela. Rubio er også sentral i kampanjen og bombinga av småbåtar i karibisk farvatn. Mellom september og desember er over 100 menneske drepne i desse utanomrettslege myrderia. Dei er anklaga for narkotrafikk, men aldri har USA kome med noko prov på dette. Denne drapskampanjen kan også sjåast på som opptakten til angrepet på Venezuela.
Trump utelukka, noko overraskende for mange, men ikkje for meg, å samarbeide med ekstremfigur og Nobelvinnar Maria Corina Machado. Og så ho då, som hadde via prisen sin, til Trump! Det er berre det at han sjølv ønska seg å vinne prisen så inderleg: TIL DEN AMERIKANSKE FREDSPRESIDENTEN, intet mindre. «Hun har ikke støtte i, eller respekt i, landet,» sa Trump. Snakk om «pay back time»! Eg lo ein ironisk storlatter då eg høyrde det. MEN latteren vende over til det bitre og forbannelsen over imperialismens høgborg tok over.
Denne krigen handlar om å beslaglegge Venezuelas rikdom og overlevere den til store oljeselskaper som Chevron. Ein av verdas verste OLJEGRIBBAR som allereie vert rikgjort av stigande aksjekursar etter Trumps angrep. Dette er i IMPERIALISMENS solide interesse! Desse selskapa, Chevron og Exxon er dei samme som donerte millionar om ikkje milliardar til Trumps valkampanje. Dei samme selskapa som har lobba for tilgang til Venezuelas olje i mange tiår. Mens Trump trugar Venezuela med fleire USA-bomber, er Chevron først i køen for å tene På Trumps oljeran som det einaste US-AMERIKANSKE oljeselskapet som for tida opererar i Venezuela. Chevron er også notorisk den primære energileverandøren for Israel, og er eit stort internasjonalt mål for den Palestinsk-leia Boikott -, Deinvest- og Sanksjonsbevegelsen sidan 2022, BDS.
Trumps politisk fascistiske rådgjevar Stephen Miller (White House deputy chief of staff) sa eksplisitt at Venezuelas nasjonalisering av sin oljeindustri på 1970-talet var «det største registrerte tyveriet av Amerikansk rikdom», og avslørte dermed denne administrasjonens sanne mål: FORETAKSPLYNDRING! Stephen Miller er ein av dei aller farlegaste, ilag med Marco Rubio, i mafiaen rundt Trump. Berre det å sjå hans ytre og hans blikk gjev meg frysningar. Miller er kjernetypen på ein beinhard nasjonalist og imperialist, på samme tid. «Vi er sterkest og vi kan ta det vi vil, ingen kan stoppe oss, fordi vi har den største militære makt». Slik snakkar ein fascist, der den korporative militærstaten er det store prosjektet. I USAs tilfelle, også det store IMPERIALISTRIKET!
Viss venezuelansk oljeproduksjon aukast, er det sannsynleg at meir venezuelansk tungolje vil verte importert av US-amerikanske raffineri på Gulfkysten. Dei er stort sett lokalisert der Svarte, Latinos, Urfolk og låginntektssamfunn allereie er utsatt for øydeleggande nivåer av forureining av fossilt brensel. Alt heng saman. Dette er det samme mynsteret av US-AMERIKANSK imperialisme og selskapars grådigheit som har øydelagt land rundt om i verda i flere tiår. I mellomtida trugar Trump med å angripe Iran (kjent for sine store oljereserver), Colombia og Cuba. Han advarte om at han er «låst og lada» for å gripe inn i Iran etter møte nyleg med Israels statsminister og ICC-ønska krigsforbryter Netanyahu.
Kva hender og kva vil hende i sjølve Venezuela framover? Håpet er at folket står opp mot USA-monsteret! Men, ein notorisk USA-venleg opposisjon driv sitt skitne spel. Likevel:
Det Konstitusjonelle Kammeret i Venezuelas Høgsterett ba Visepresident Delcy Rodriguez om å fungera som fungerande president etter USAs bortføring av Maduro. Domstolen bestemte at Rodriguez skulle påta seg «kontoret som President for Den Bolivarianske Republikken Venezuela, for å garantere administrativ kontinuitet og det omfattende forsvaret av Nasjonen». Domstolen sa også at den ville arbeide for å «bestemme gjeldende juridiske rammer for å garantere kontinuiteten i Staten, administrasjonen av regjeringen og forsvaret av suverenitet i møte med tvunget fravær av Republikkens President». Trump hadde tidlegare laurdag 3. januar sagt at USA ikkje ville okkupera Venezuela, forutsett at Rodriguez «gjør det VI vil».
Slik oppfører ein «sann imperialist og kolonialist» seg. Framtida verkar trugande for folket i Venezuela nett no. MEN, folk vil kjempe mot dette «nykoloni-åket». Og, støtte frå venlegsinna latin-amerikanske land som Colombia, Brasil, Nicaragua, Mexico og Cuba, vil gjera det ganske så vanskeleg for «UNCLE SAM» å etablera kolonien Venezuela!
LA LUCHA CONTINUA! EL PUEBLO UNIDO JAMÀS SERÀ VENCIDO!
SKAM PÅ NOREG – FORDØM USA NÅ! SNILLASTE GUTEN I NATOKLASSEN!
FUERA YANQEE INVASOR!
Ivar Tveito Jørdre
Latin-Amerika Gruppa i Bergen krev at:
*Den Norske regjeringa må komme med ei kontant og tydeleg fordømming av USAs brot på Folkeretten.
*Noreg må oppheve alle sanksjonane mot Venezuela som er sjølve essensen av legitimeringa av USAs regimeskifteprosjekt.
*Noreg må forlange ein umiddelbar stans av alle US-amerikanske militærangrep og truslar mot Venezuela og andre land i regionen.
*Umiddelbar lauslating av president Nicolás Maduro og Cilia Flores og utføre deira retur til Venezuela.
*Nobelkomiteen må trekke attende Nobels fredspris til María Corina Machado og kome utan førehald med ein unnskyldning til det Norske folket.