APPELL, laurdag 08.11.25, Den blå steinen, Torgallmenningen
- desember 1981 i El Salvador begynte ein Salvadoransk militæreinheit
oppretta og trent av DEN AMERIKANSKE Hæren å slakte alle dei kunne
finne i ein avsidesliggjande landsby kalt El Mozote. Før dei myrda
kvinnene og jentene, valdtok soldatane dei gjentatte gonger, inkludert
nokon så unge som 10 år gamle, og spøkte med at favorittane deira var
12-åringane. Eit vitne beskreiv ein soldat som kasta eit 3 år gammalt
barn opp i lufta og spidda han med bajonetten. Det endelege dødstalet
var over 800 menneske.
Utryddinga av El Mozote var berre ein dråpe i havet av det som hende i
El Salvador i løpet av 1980-talet. Rundt 75 000 salvadoranarar døydde
under det som kallas ein «borgarkrig», sjølv om nesten alle drapa vart
gjort av regjeringa og deira tilknyta dødsskvadronar. Med militær og
logistisk støtte frå «Uncle Sam».
Dette er berre EITT døme på brutaliteten som USA la grunnlag for og
støtta i tohundreår og meir. I boka
Dying by the Sword frå 2023, riv
forfattarane Monica Duffy Toft og Sidita Kushi, ned den vedvarande myta
om USA som ein nølande krigar, motvillig trekt inn i konfliktar av andre.
Nei, den påstanden må «yankiane» lenger ut på prærien med. I sittMilitary Intervention Project – det mest omfattande datasettet i sitt slag
– beviser dei at USA har vore og er den mest intervensjonistiske staten i
moderne historie. Tala er sterke: Frå 1776 til 2019 engasjerte USA seg i
392 militære intervensjonar. 34 prosent av desse hende i Latin-Amerika
og Karibia. Meir enn halvparten av alle intervensjonar har funne stad
sidan 1945.
Imperialismes stormeistar USA med CIA og hæren i spissen har støtta
utallege militærkupp og trena opp like mange fascistdiktatur i Latin-
Amerika. Og mange andre CIA og Washington-støtta intervensjonar. Lista
er enorm, her nokre få eks:
USAs okkupasjon av Nicaragua (1912–1933) – Nicaragua vart
administrert av USA inntil 1933.
Militærkupp I Paraguay i 1954 – diktaturet varte lenge, til 1989.
Militærkuppet i Guatemala i 1954 – den demokratisk valde presidenten
Jacobo Árbenz Guzman, vart styrta – innføring av USA-venleg
militærdiktatur.
Invasjonen i Grisebukta (1961) Cuba – forsøkte å styrte Fidel Castro Ruíz,
men total mislykka invasjon.
Brasil i1964 – innsetting av militærdiktatur, dette brutale diktaturet varte
til 1985 – Kuppforsøk mot president Dilma Roussef i 2016.
Chile i 1973 – CIA-støtta militærkupp styrta sosialisten president
Salvador Allende – Eit brutalt militærdiktatur varte til 1990.
Statskupp i Uruguay i 1973 – diktaturet varte til 1985.
Argentina i 1976 – brutalt militærdiktatur til 1983
Invasjonen av den vesle øya Grenada i Karibia (1983) – som vart
okkupert, Reagan innsette USA-venleg regime og avsette president
Maurice Bishop, henretta etterpå.
USAs invasjon av Panama (1989–1990) – tidlegare USA-ven, general og
militærdiktator, Manuel Noriega vart styrta.
I tillegg, kuppforsøk i Venezuela i 2002 og 2019, sokalla parlamentariske
kupp i Honduras i 2009, Peru i 2022, kuppforsøk i Bolivia i 2024
(Bolivia har verdsrekord, med 24 statskupp totalt, kor 13 var mislykka).
No kjem ideane om endå meir kontroll over eigen bakgård tilbake for
fullt, med Trump og latin-amerikahataren, ex-cubanaren Marco Rubio, i
spissen for korstoget. For ein må vera latin-amerikahatar for å ville «sitt
eige folk» så vondt som fanatikaren Rubio vil, seier mange latin-
amerikanarar.
Til slutt litt om fanatikaren, militærinvasjonselskaren og nobelprisvinnar
2025, María Corina Machado.
Alfred Nobel snur seg truleg i grava no etter at Nobelkomiteen si
tildeling. Makan til feil fredspris skal me leite lenge etter. Makan til ytre-
høgre pris er det lenge sidan kom. Heilt tilbake til massemordaren
Kissinger fekk prisen i 1973 under Vietnamkrigen må me truleg for å
finne liknande. Og, makan til feilslutning og avstand til Nobels
testamente kjem det nesten ikkje. Er dette ei etteraping av Trumps
fanatiske vilje til sjølv å få prisen? For ein Nobelkomité me har, og for ei
forkvakla valdeleg «fredsdue» til prisen!
For noko fredsdue er Machado slettes ikkje:
Machado har vore ytre-høgre nyliberalist i heile si politiske virke. Ho var
med i det sokalla påskekuppet i 2002, der ho deltok i innsettinga av det
kortvarige Carmona-regimet som tok makta i eit USA-støtta militærkupp
mot Hugo Chávez. Ho signerte det sokalla Carmona-dekretet, som
forsøkte å oppløyse nasjonalforsamlinga og høgstesterett. Etter berre få
dagar var Hugo Chávez attende i presidentstolen, hjelpt fram av
folkelege storprotestar mot kuppmakarane.
Machado er ein kompromisslaus og fanatisk politikar.
Ho har teke til orde for ei overgang til hennar demokrati krev bruk av
makt.
Ho har heile tida vore negativ til forhandlingar med Maduros regjering og
opposisjonen, noko som delar av den er ueinig i. Ho framstår som ein
polariserande og splittande figur, ikkje er Nobel vilje det vel…
Ho omtalar Trump og Rubios aggressive aksjonar i regionen som modig
og visjoner og uttalte seg positiv til USAs militære angrep mot småbåtar,
anklaga for narkotrafikk, utan bevis sålangt, men med solide brot på
havrett og folkerett. For dette har Machado møtt sterk kritikk, ikkje
berre frå Venezuela og naboland, men også frå FN, Usanske politikarar,
og elles internasjonalt. Nærare 70 personar er drepne til no i åtaka.
Ho har knytta ideologiske forbindelsar til ytre-høgreparti i Europa, bla.
det spanske ultra-høgrepartiet Vox.
Dessutan, har ho inngått samarbeidsavtale i 2020 med Israels ytre-
høgreparti Likud.
Og, ho og partiet hennar Vente Venezuela har god kjemi med Trump i
USA, Bolsonaro i Brasil og Milei i Argentina, alle fascistoide og farlege
politisk.
Har de fått nok om denne figuren sålangt, eg tenkjer det! Dette er altså
personen som skal tildelast Nobels fredspris 2025! I mange delar av
verda har folk reagert på denne tildelinga kraftig, tilliten til denne prisen
er for alvor i fare. Når Nobelkomiteen har fått seg til å dele ut prisen til
ein slik kandidat som Machado, så kan ein vel spørje seg: Kven får den
neste?
LEVE FRITT COLOMBIA OG FRITT VENEZUELA!
LA LUCHA PARA SIEMPRE! VINCEREMOS!
FUERA YANQUI INVASOR!
Ivar Tveito Jørdre