Thorleif Myrholt Berthelsen, til minne:

Foto: privat. Frå artikkelen «Thorleif sin historie», sjå sarkomer.no
Eg sender dykk desse tankane eg har no:
Thorleif, hans liv som aktivist og kjempar for rettferd og mot undertrykking vil stå som ein bauta etter han. Som ein av mine beste vener gjennom mange, mange år, personleg hjelpar og politisk kollega er eg djupt takksam for å ha vore din ven og aktivistbror i utallege demonstrasjonar og markeringar. Takk for alt me har gjort saman, Thorleif!
Veldig, veldig glad i deg, vil tenkje på deg alltid!
Eg har skreve to dikt til Thorleif, her:
Eitt før han døydde og eitt etter han døydde.
God lesing.
Thorleif
Frå universet kom du
Til universet reiser du
Atomane sette deg saman
til eit vakkert menneske
————————-
For eit vakkert menneske
er du, som lever på Jorda
i eit augeblikk i milliardane
sin ugjennotrengelege forståing
av tid
——————————
I eit ljosglimt mellom to myrke
er du med oss andre og skapar
dei varmaste solidariske tankar
i menneskeverdet sitt teikn
—————————-
Takk for at atomane sette deg
saman til den du er.
Me kan ikkje få sagt det nok:
Takk for at du er TIL, Thorleif!
———————————
Du sit ikkje der lenger
Du sit ikkje der i stolen
på kjøkenet mitt lenger
og diskuterar Lenin og
tesa om Imperialismen
som Kapitalismen sitt
Høgaste stadium
—————————
Du sit der ikkje lenger
og fortel meg om kor
jævla forbanna du er
på ekstrem høgre og
Folkemordet i Gaza
—————————-
Du sit der ikkje lenger
og lurer på kva tid du
skal kome til meg neste
gong og hjelpe meg, og om
me skal dra saman på neste
Palestina-demo
——————————
Du sit der ikkje lenger
og ser lurt på meg
når eg ikkje har forstått
noko som helst av det du sa
til meg for berre minuttar sidan
——————————–
Du står der ikkje hjå oss lenger
og viser oss kva solidaritet er,
kva menneskeverd er, kva det
Å bry seg om andre betyr
og korleis me skal kome oss
ut av denne knipa, kapitalismen
Du er der ikkje lenger, men du er
Her evig for oss alle, Thorleif