Krigs- og militarismeideologien sin forvridde logikk

Militarismen gjer noko med oss som menneske. Opprustninga si vanvetuge ulogiske framferd, manipulerar oss, til å tru på makta og militærapparatet si forteljing om at superstyrking av dei militære og våpenindustrien er heilt turvande for sikkerheita vår i ei uroleg og uføreseieleg tid (som dei seier det). Det er her det store paradokset og motseiinga kjem inn. På den eine sida…

«Reluctant hawk» er den som er «konstruktiv naiv». Kristian Berg Hartviken, sosiolog og forskar (no direktør ved Det Norske Nobelinstitutt), ser på seg sjølv som det, Linn Stalsberg er det motsette. Ho vert kalla naiv med sitt syn og anti-militarisme, men det å hevde at opprusting og at «krig førere til fred» er minst like naivt, seier ho. Noko dei begge er samde om er at fredsrørsla og antikrigsorg. er ikkje gode nok og samorganiserte nok, til å styrke den fredelege motstanden mot krig og opprusting. Det er eit taktisk mistak å ikkje klare dette. Dette er eg som sjølv er med i antikrigsrørsla, einig i. Det må eit heilt anna leiarskap til å sameining av organisasjonar som meinar mykje likt om antikrig og korleis ein best kan mobilisera saman på eit globalt og regionalt plan mot ei verd som militært og geopolitisk sett fullstendig er på feil kurs. Ein svært farleg kurs! Samstundes skal ein heller ikkje overdrive korleis verda ser ut. Men, finne ut kva og korleis farane utspeglar seg. Berre ved meir kunnskap og god innsikt i problema kan me klokleg og håpnadsfullt kome styrka ut i kampen mot krig. Og det trengs verkeleg…

Ikkje-vald og fredleg motstant som t.d. lærarstreiken under 2. verdskrig er eit godt døme på det.

Atomtrugsmåler er no meinar mange, større enn nokon gong. Hartviken seier det er eit stort paradoks at det ikkje er større organisert motstand mot denne trusselen. Det kan vera noko i det

«Fred er å skape» heiter det i songen. Stanhaftig samhald er noko av det mest sentrale i dette. For også å motvirke avmakt er sosiale og kulturelle møtestader heilt avgjerande.

Det er no hundre år sidan Lenin døydde. I sine skriv om imperialisme og krig handsama han mykje som er aktuelle, ikkje minst no. Noko mange kjenner til er hans omtale om at «Imperialismen er kapitalismens høgaste stadie». Kampen om ressursar og koloniane som hovudårsak til 1. verdskrig er dei fleste kjennarar samde om. Men, er folk i dag samde om liknande likskapar i dag?

Eit dilemma Lenin tok føre seg var om ein nasjonal frigjeringskrig kunne gå over til ein storkrig mellom store imperialistiske makter eller ikkje. Dette kan vera ein problemstilling som er aktuell i dag også, med t.d. Ukrania-krigen og følgjer av han. Lenin meinte vidare at spørsmået om nasjonal frigjeringskrig ofte splitta arbeidarklassen. Difor var det ofte fleire arbeidarparti i mange land som resultat av denne splittinga. Ein annan ting som truleg er viktigare for oss i dag er spørsmålet om opprusting eller nedrusting i konfliktstigande tider. No som då, rett før 1. verdskrigen, var det røyster som tala om nedrusting og diplomati som det sentrale alternativ i ei krigshissande tid. Det fanns freds- og avspenningsrøyster då, også organiserte. Men som i vår tid, var dei i mindretal og stort sett ikkje likt eller høyrt på av dei etablerte parti og makt- og militæreliten. Ei krigshissande og rådande narrativ om «at me har ingen annan alternativ enn å ruste opp for ein eventuell kommande krig», er ei ufordrande sak for ei fredsrørsle. Det var til fulle tilfellet i tida før og under 1. verdskrig. Denne motvilja til freds- og nedrustingsrørsla er noko me som er med der møter mykje av. For å forstå dette grundig lyt me også hugse på at det står mektige krefter bak også. Det militær-industrielle kompleks er stikkord her.Vårt eige våpenproduserande kompleks, om enn mindre enn dei digre Usanske, og noko store britiske, franske, tyske og svenske, er Kongsberg-grppen med Nammo i spissen. Desse våpenprofittørane og politiske parti arbeidar godt i team, og dei møtes nok også på Teams for viktige avgjersler.

Både i vår tid og før og under 1. verdskrig er/var det altså freds- og antikrigsaktivistar og fredsrørsler. Ei av dei mest sentrale allereie på slutten av 1800-talet var Bertha von Suttner, fødd i Praha (Keisardømet Austerrike) i 1843. Ho var skrivar, pasifist og antikrigsaktivist og var med å grunnla fleire fredsrørsler. Ho var første kvinne til å få Nobels fredspris i 1905. Slike sterke initiativtakarar og aktivistar treng me i aller høgste grad goså i dag. Truleg det aller viktigaste me kan gjera er å organisera oss og drive politisk aktivisme. I antikrigsarbeid, i klima- og naturkrisa, treng me kollektivet: Organiser, organiser, organiser!

Noko av det viktigaste eg kjempeopritig meinar me skal gjera i vårt eige land, er mobilisering mot vårt eige militær-industrielle kompleks og…

Dei norske opprustarane!

Me lever i ei tid då ordet «nedrusting» er eit framandord. Ja, for det er det motsete som råder i dag, «opprusting». Eit einstemmig Storting, OGSÅ RAUDT, vedtok langtidsplanen for forsvaret 2025-2036, det sokalla forsvarsforliket i juni 2024. Med denne langtidsplanen er alle også fint einige om den ekstra gigantpakka på 611 milliardar kroner til forsvaret fordelt på 12 år, til 2036. Fram til 2036 skal Noreg då bruke 1635 milliardar kroner på ulike forsvarsføremål. Og, forsvar skal ha prioritet, heiter det, på kvart statsbudsjett heretter, ikkje helse, skule, infrastruktur o.a. I tillegg til alt dette har det kome dei siste åra fleire støttepakkar på fleire milliardar frå regjeringa til våpenprodusenten Nammo på Kongsberg. Regjering og Storting går saman om dette, ei storstilt militarisering av Noreg, og i lag med dei andre landa, heile Norden!

Det er ei stor tabbe av Raudt å vera med på forsvarsforliket. Me i fleire lokallag merkar utmeldingar, og meiningsmålingar ligg rundt 4 prosent for tida. Er det nokon samanhang her? I alle fall spør folk seg, kvar er freds- og nedrustingspartiet Raudt vorte av? Det er for tida ingen høg røyst som brukar orda forhandlingar, fredsinitiativ eller nedrusting lenger på Stortinget. Ikkje ei gong Raudt! Nesten det værste med heile forliket er at det IKKJE er eit sjølvstendig sjølvkontrollert norsk forsvar ein har stemt for. Nei, det kjem langt innanfor NATO’s kommandostrukturar og i siste intans kontrollert av Pentagon. Det gjeld alle våpensystem, alle styringssystem, og all kommunikasjon.Kva tenkjer dei som stemte for om det?

Raudt skil seg ikkje ut på fredsfeltet lengger, me er vorte eit main stream sos.dem. no. Vil me dette?

«Heile verda» rustar opp, ser det ut for. I tillegg kjem Donald Trump til makta att, men vert han meir krigslysten enn det Biden var?

Raudt må verte eit reelt fredsparti att – RU ba moderpartiet trekke støtta til forsvarsforliket. Det hende ikkje! Men, det er ingen skam å snu.

Definerar nokon vår tid, lat oss seie av forskarar om 150 år, vil dei då kalle denne perioden for «antropocene up in arms»?

Det er 1. mai! Me går for fred, solidaritet, menneskverd, nedrusting, anti-imperialisme, likestilling, mot ulikheit, og mykje meir. «Mot opprusting!» Her kjenner eg på at Raudt går med eit Janusanlet dette året. Det er ikkje bra for sjølvkjensla mi. Det bør det ikkje vera for heile Raudt heller!

Ivar Tveito Jørdre

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Imperialisme, Kapitalisme, Politikk, samfunn og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.