Den gode planeten – del 5
Frå ugjestmild natur og energibruk frå vulkanar på Proxima b, til trist historie frå Tellus
I dette brevet, kjære lesar, har eg tenkt å ta dykk med til noko av dei mest ugjestmilde stadene på planeten vår, polane. Både sørpol og nordpol er dekka av is: Sørpolen er dekka av eit islag på det meste på om lag 10 km og Nordpolen har eit lag med is på det meste på om lag 5-6 km tjukk. Enkelte kjempesvære «lommer» under isen består av nokon veldig rare fenomen, dei heiter Stromolittar og kan vera opp mot 5-8 m høge. Dei er i tusental og er nyleg oppdaga av vitskapsfolk. Dykkarar har vore nede på 20-30 m djupn og dei er forbløffa over synet som møtte dei. Om de kan førstille dykk noko som liknar ei slette med svære «knollar» ståande bortover i rekker, mange rekker, Dei er brun-gule av farge i ulik storleikar. Og det mest slåande av alt, kjære lesar, er…………………dei er levande organismar! Bygd opp av den oksygenproduserande alga, «blå-grønalga», gjennom millionar av år. Dette har eg seinare funne ut, ved å lese naturhistorie frå planeten Tellus, på hovudbiblioteket vårt i Hovudbyen, er liknande det forskarar fann for snart 300 år sidan under innlandsisen i ein av fjordane i Antarktis på Tellus. Den gongen spekulerte vitskapsfolk at å finne liv på ein av dei mest ugjestmilde stadene på den planeten kunne tyde på at det var på slike plassr at livet på Tellus byrja. Om det er slik tenkte dei, så kan det vera»prototype» på liknande livsdanningar på planetar i andre solsystem også. Jøsses, tekte eg!
Om denne teorien om «livets byrjing» nokon gong kan provast, er usikkert. Det vil framtidas forsking visa. Men, om me tek dette som eit premiss, at livet oppstod på denne måten, så kan me her på Proxima b truleg leite vidare etter prov og sakte men sikkert spore vår biologiske fortid lenger og lenger attende. Denne siste oppdaginga av mange Stromolittar under isen på vår sørpol kan under alle omstende vera det viktigaste «observatoriet» for meir forsking i prosessar som kan vise seg å gje overraskande «svar» Er det slik det held seg så kan jammen meg det vera det same døme på Proxima b. Det kan vera ein slik stad på vår planet også som forskarar har funne no. Då vert dette meir og meir spennande….
Ein annan ting eg vil fortelje om i dette brevet er om undersjøiske vulkanar (som er aktive) på havbotnen, i nærleiken av Sørpolen også. No har eg tidlegare skreve at me nesten ikkje har hav, som knapt kan kallast det. Det har me ikkje heller. Anna enn eit djupvassområde ved den austlege sørpol. Rettare kan ein kalle det ein sjø. Ein kjempestor sjø omkransa av noko karrig vegetasjon med ein storleik på ufattelege 100 millionar kvadratkilometer. Det er vanskeleg å førestille seg denne kjempa, spesielt for oss som bur i større sentra på planeten, ikkje minst me som bur i Hovudbyen. Me er rett og slett ikkje underviste godt nok i geologien og geografien på vår eigen planet. Utruleg, tenkjer du kanskje? Men, saka er den at store deler av områda både sør og nord er ubudde av folk, berre nokre få grupper av urfolk bur enkelte stader. Dei fleste av oss bur på «midten» og nord og sør for ekvatorlina. Difor er desse meir perifere delane av planeten ganske så ukjend og uutforska. Det er først i seinare tid at vitskapsfolk og andre har «oppdaga» dette landskapet. No har det vore fleie ekspedisjonar som har hattlengre opphald, spesielt då sør på planeten. Ein av turane nyleg har reist til denne gigantsjøen. Der vart desse vulkanane oppdaga på fleire hundre meters djup. Ein reknar no med at djupna i «Proximasjøen» som han er vorte kalla, er om lag 1000 meter på det djupaste. Eit fasinerande undervassliv er og konstatert, har eg lese meg til, med mangfoldige ulike artar og vekster, bere fantasien kan overgå. Temperaturen er ikkje særleg høg så langt sør på Proxima b, men sjøen er såpass temperet og stabil på rundt 25 grader takka vera desse vulkanane at eit slikt yrande liv kan trivast i eit overaskande stort mangfald.
Attende til det med desse undervassvulkanane som er oppdaga. Det visar seg at me kanskje kan bruke dei som energikjelde. Om me får til god nok teknologi i nær famtid til å utnytte desse «ovnane» kan me nytte tydeleg meir straum som kan førast i lange kablar til våre tettare folka områder. Men, kor langt fram i tid veit me ikkje enno, håpnadsfullt innan få stjernerundar rundt Proxima Centauri.
Vår energiutsikter til side. No vil eg gje dykk ei forteljing om kva tilstand dei få menneske me nyleg har oservert frå våre sondar me har sendt i bane rundt planeten Tellus er i, og kva årsakene er til at dei kom i denne sørgelege situasjonen.
Historia frå Tellus eg gjerne vil fortelje, går slik:
Det vart rekna ut frå ein rar, men klok person at menneskeslekta, at homo sapiens sapiens har totalt vore17 milliardar på Tellus i den tida arten har eksistert, om lag 200 000 år. Og at om lag 300 000 tusen av dei har vore lukkelege ifølge dette reknestykket. Kva no det meinast med lykke, veit ikkje eg? Kanskje var det matriell lykke dei meinte eller var det kanskje sosial lykke dei meinte? Av forbruk og overforbruk vart menneska i alle fall ikkje lukkelege av, viste forsking på den tida. Det var ikkje berre krigar, pandemiar og naturkollaps som etterkvart tynna ut talet på menneske, men aukande overforbruk i storskala av dei rikaste og øvre middelklasse, var ein medvirkande årsak til at det gjekk så gale som det gjekk. På det meste var forbruket på den kloden såpass valdsamt at forskarar fann ut at skulle alle jordbuarar forbruke på dette nivået så måtte dei hatt nærare 4 jordklodar. Det var rett og slett ikkje bærekraftig i det heile teke. Dei brukte opp Tellus sine ressursar på rekordfart og som me no veit er det knapt menneske att på Tellus og kloden er inne i eit klimakaos som ikkje stoppar med det første. Alt dette bygger me på informasjon frå små undersøkings sondar me har sendt mot Tellus for omlag 20 år sidan og som no går i bane der. Dei undersøker korleis det står til på planeten, den blå kule som ho vert kalla. Det står ikkje så bra til, nei, visar våre data. Planeten virkar ganske øde, lite dyreliv og veldig varmt klima, altfor varmt! Noko som er mest slåande er at sondane oppdagar ingen større teikn på menneskeleg sivilisasjon. Ingen større byar og ingen nemneverdig produksjon av matvarer og anna viktige ting til menneskeleg trong. Dei siste data me har frå sondane våre viser at dei tydelegaste teikn på at arten homo sapiens sapiens framleis finns på Tellus er spreidde busetnader nord og sør på planeten. Der er det klimatisk sett råd å vera. Elles er ekvator og dei klimasonane nord og sør for han uråd å overleve i. Trist for menneska, men slik er det. Stadige kjempetornadoar i desse sonane, i tillegg til store vulkanutbrot, gjer det heilt ulevleg der. Difor er dei få menneska som er att busette langt nord og langt sør. Isen over alt på Tellus har smelta for lenge sidan og havstigninga, nokre områder over 10 meter (har sondane oppdaga), har gjort at det totale landområde har skrumpa ganske så mykje. Dei landområda som framlei er buande då grunna klimaendringane, er altså dei norlegaste og sørlegaste områda, og oftast finn me bustnadar langt frå hava, inn og opp i terrenget. Der «klamrar» dei seg fast i små samfunn

«Kyr – Det var ei gong på planeten Tellus», Olje, 50×65 cm, 1984, Ivar Tveito Jørdre.
Eg byrja denne forteljinga med menneska sitt forbruk og oerforbruk som ein av dei sentrale årsalene til kollapsen av menneskesamfunn, klima og natur. Til dette valdsame konsumet ligg det ressursar bak som vert utnytta sjølvsagt. Dermed aukar krig og konflikter også i kampen for stadig minkande tilgong til dei. Veksten kan ikkje vekse inn i himmelen, sa nokre menneske, men det va det dei higa etter heile tida, då måtte det skjære seg og det til dei grader og. Stakkars menneskeslekt , men dei har seg sjølv å takke.
Eg er jammen glad nokre av oss har kome til denne vår vakre planet, Proxima b, i det tripple stjernesystemet Alpha Centauri. Men, eg kan ikkje la vera å tenkje på det triste lagnaden til våre forferdrar sin planet Tellus. Så kom ein liten gjeng seg først til Mars og derfrå kom etterkomarane seg hit me er no. Noko trist det eg avslutta brevet mitt denne gongen, kjære lesar, men opptimistisk også i det høvet at nokon av menneskeslekta fann seg ein ny stad å vera i Universet med livslyst og håp som innsats.
*I Tellusåret 2295 etter år 1, er proximitten Ravi 135 år = fødd i år 2160
Skreve ned på ære og samvit, Proximitt «Ravi 999999», Proxima b, 22-24. stjernerunde rundt Proxima Centauri, i trippelstjernesystemet Alfa Centauri, Tellusåret 2299 etter år 1.