
Kjærleik og skugge
Jenta på biletet står i sjukehusgangen
5-6 år er ho, framtida er ho, håpet er ho
Ho støttar seg på to krykker, modig er ho
Ho manglar eit bein, rett over kneet er ho kutta
Modig er ho
———————-
Jenta på biletet er frå Gaza, sterk må ho vera
Skuggen ligg over henne og hennar folk, sterke må dei vera
Fascismen si skugge ligg over dei, og vil kvela dei
Sterke må dei vera
———————-
Jenta på biletet er framtida hjå folket sitt
Kjærleik skal ligge over henne og hennar folk
Krafta har dei til å drive skuggen vekk
Sterke må dei vera
Sterke må dei vera!
…………………………
Ivar Tveito Jørdre