Bok: Bak idyllen – Dikt. av uro og sinne – revolt og håp

Dette er den nye diktboka, gove ut april 2024. Her er førordet:

Det er mange ting poesien kan gje: Innsikt, undring, spørsmål, sinne. håp, aktivisme og mykje meir. Fleire av dei dikta eg har valt ut i denne boka har eit dystert bakteppe vil mange meine. Spesielt dikta om Gaza og dei bestialske (nesten utan ord) forferdelege overgrep og drap det palestinske folk er utsette for. Men sjølv i det djupaste mørke er det eit ljos av håp i dikta. Humor har også plass i boka, humor er «seriøst nok» til det.


Mange kriser og krigar er i tida vår, men for meg og mange med meg, veit eg, er det nettopp i slike tider at poesi kan vera ei sterk kraft. Ei kraft for kunnskap, tankar, abstrakte hendingar og håp om endring. Eg håpar i alle fall det. Det er også noko eg må skrive om, må måla om, må fortelje om. I ei verd av dobbelmoral, hykleri, imperialisme, våpen, miljø- og naturkriser, finns det også håp, stoltheit, kampvilje for ei betre verd og for menneskeverdet og fridomen som er noko av det mest dyrbare me har. Fridomen ligg der framme ein stad, han må me omfamne og kjempe for, kvar einaste dag, lik «eit barn varsamt på armen»(Nordal Grieg, Til ungdomen).

Eg er som kunstnar, skrivar og politisk aktivist og ikkje minst som medmenneske, veldig sinna over dei av verdas makthavarar som spelar rulett med vår notid og framtid. Men sinne vert til handling. handling vert til håp, håp vert til endring! Dikta må hjelpe oss her. God lesing (trass alt)!


Bergen, mars 2024 Ivar Tveito Jørdre

Dikt frå boka:

Bak idyllen


Bak dei tildekte løgnene
innanfor alle dørene
lever den arrogante makt
Dei militæres tunge ord
sleng dei i folkets ansikt


I all opprustninga
bortanfor all fornuft
dreg dei våpna fram
utan omsyn til
menneskeverdet ikring

Bak idyllen og falsk fred
ligg råtne tankar
om mørke fiendar
Folket må reise fanen
mot denne råskap

Trugsmålet om krig
og kjernevåpen handla
med profitt i grådige hender
er fiendar av sjølve livet
Stopp det med fredens kraft
Stopp det med folkeleg makt

(Fyrst publisert i avisa Hordaland, juli 2022)

—————————————————

Gaza sine tårar


Tårar av blod i Gaza no
Armar heva i tomrom
Spør seg, kvifor?


Kvifor drep dei oss?
Kvifor denne degradering?
Kvar er menneskeverdet?


Verda må ikkje gløyme:
Palestinarar har også verdi
Dei bomber oss, utan stans

Frå ytre høgre stil dei kjem
Med hemn og krig som ballast
Fyller dei hatet sin leir
Kva om me ikkje er meir?

La menneskeslekta kjenne denne forteljing:
Om eit folk kjempande for overleving
Mot alle odds og fornedring
Vil rettferd ei gong vinne?

—————————————————

Det er sonen min


Han står der i døra
Profesjonelle er dei vel?
tenkjer mora
Han skal ut i krigen


Eg forlater deg ikkje mor
eg kjem attende
Kvar skal du slåss?

I ein meiningslaus krig
Kva kjempar du for?
spør mora
Eg veit ikkje mor, svarar han


Du kan verte kanonføde
seier mora fortvila
Dei store maktene drep oss, ja
svarar sonen og går ut døra

(Fyrst publisert i avisa Hordaland, april 2023)

Boka kjem i sal i Norli sentrum bokhandel og hjå Ark Beyer bokhandel i Bergen.

Vil nokon kjøpe boka direkte av meg, gje meg ei melding på e-post: ivar.jordre@student.uib.no

Eg sender då boka i posten, frakfritt, til 350 kr pr. stk.

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Bøker, dikt, Politikk, samfunn og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.