Haakonsvern-basen – Noreg, USAs 53 stat?

03.03.24 – sydvesten.no
Av Ivar Teito Jørdre, leiar Raudt Laksevåg og Loddefjord og Sunniva Vollset, styremedlem
Heile Norden vert no militarisert i eit rasande tempo. Kva er det våre leiarar gjer no? Dei manipulerar oss borgarar i ei endå meir krigshissande skodde. Ho er jammen meg tjukk nok frå før.
MENINGERDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Større og større militærøvingar og fleire og fleire nye USAnske basar er vår tid sitt mantra. Nato si storstila opprusting er ein annan stygg og farleg faktor i konfrontasjonen mellom Vesten og Russland.
Det er som om vår store nabo kjem til å invadera oss i Norden kva tid som helst. Trur me verkeleg på slikt? Når me kritiserar Russland for krigspropagande og krig, så må me for svarte også kritisera våre eigne land og leiarar for det same.
Baseavtalen Solberg-regjeringa inngjekk med USA i 2021 vart godkjent av Stortinget, mot Raudt og SV sine stemmer. Det gjeld 4 basar, og har lenge vore eit ikkje-tema i det offentlege ordskiftet.
Avtalen bind Noreg endå sterkare til USAs militære maktspel og stormaktsrivalisering i vårt område.– Avtalen forverrar eit allereie spent nabotilhøve til Russland. Baseavtalen vart ikkje avklart om den er i strid med Grunnlovens § 25, som omtalar avståing av sjølvråderett. Støre-regjeringa har no inngått nye baseavtalar med USA, denne gongen 8 stk. I blant dei, Haakonsvern. Slike basar vert sjølvsagte bombemål i ei eventuell storkonflikt. Haakonsvern er ein av Nord-Europas største maritime militærbasar. Dei siste åra har eit stigande tal på atomubåtar kome der kvart år. Desse ubåtane har om lag alltid med seg atomvåpen ombord. Basen vart rusta opp for 350 millionar kroner, m.a. med nye «ubåtfasilitetar». På toppen av dette vert no større deler av basen USAnsk myndigheitsområde, der norske styresmakter gjev frå seg suvereniteten sin. Hemmeleghaldet rundt tilkoma av atomubåtar vert endå større enn før. Noko som gjer at befolkninga i stor grad er uvitande om farane desse representerar, militært og ved eventuelle atomubåtulykker.
I tilfelle ei ulykke vil konsekvensane for Bergen og heile Vestlandskysten verte katastrofale.Me i Raudt Laksevåg og Loddefjord er veldig uroa over denne eskalerande militære opptrappinga i Noreg og på Haakonsvern. Og i verda elles!Me arbeidar i staden for freds- og nedrustningsavtalar gjennom m.a. FN-systemet. Det vart gjort mellom stormaktene på 1980 og 1990-talet. Det kan gjerast på nytt. Men då må me som folk velje leiarar som vil dette og ikkje dei som er i henda til den mektige våpenindustrien. Norsk sikkerheitspolitikk har vore i kneståande for USA lenge nok, det er på tide å snu tvert om. Denne konflikthissande «moglegheit for krig» stemning kan fort verte sjølvprofeti. Dette kan me protestera mot, også i gatene. Det er eit godt val å ta!
Sunniva og Ivar.
Flott.!
Roger