
Denne vesle diktboka gav eg ut på eige forlag for to år sidan. Ei ny diktbok er i emning våren som kjem. Boka har dikt tileigna alle mødre og mor mi, skreve dei siste 5 åra. Eg har også med eigne teikningar i boka, som er av mor mi når ho levde. Det er ei bok med dikt tilknyta mor mi på eit eller anna vis, men som skreve, er det like fullt også ei hyllest til alle mødre. Ho kan med andre ord passe for ei kvar si mor.
Boka er framleis i sal i Norli sentrum bokhandel og hjå Ark Beyer bokhandel i Bergen.
Vil nokon kjøpe boka direkte av meg, gje meg ei melding på e-post: ivar.jordre@student.uib.no
Eg sender då boka i posten, frakfritt, til 200 kr pr. stk. Opprinnleg pris, 250 kr.

Eitt av dikta:
Den tomme stolen
Det står ein tom stol
her på verandaen
Der kunne du ha såte, mor
Du kunne ha såte der og smilt
om noko me nettopp hadde sagt
Noko morosamt
Du kunne ha såte der og fortalt
om ungdomens og krigens dagar
Det gjorde du ofte
Du kunne ha såte der og hardnakka
påstå noko me ikkje var einige om
Me gav oss begge, til slutt
Du kunne ha reist deg opp og ga inn,
hente ein kopp kaffi og sei:
«Han e visst litt billigare no, kaffien»
Du kunne ha kome ut att på verandaen
mens du sa: «Det e felt me denna bombingje»
Eg såg raskt på deg og nikka.
Du kunne ha såte der ei lita stund til
før sommarkvelden vart noko kjølegare
«Ein lyt vel leggja seg snart, veit eg», sa du
Nesten ingen blir likt av alle og det er heller ikkje vitrsen med kunst, den skal nettopp bryta nytt land. Derfor skriv om 1. Gaza, 2. Skriv om Ukraina, 3.Skriv om Sameland, 4.Skriv om Indianerne, 5.Skriv om Austral «negrene» , 6. skriv om de svarte i USA, skriv om sør-afrikanerne, skriv om Libyerne. Skriv om Nicaragia, skriv om Cuba, Skriv om revolusjonen i Frankrike, skriv om revolusjonen i Russland, skriv om revolusjonen i Kina og skriv om alle som eg har gløymt, feks. skriv om Sigøynerane og skriv diktet om Strilane sin kamp for likeverd.
Altså ikkje gje deg !
Roger
Your poem you added and shared here, even with Google Translate, gives warm and peaceful feelings. Thank you. Congrats, dear Ivar!