Me elskar vel fred …alle?
Dette innlegget skreiv eg for snart 2 år sidan, i februar 2022. Det er på langt nær utdatert. Tvert om! Rett etter dette kom på «trykk» kom krigen i Ukraina, og no i over 100 dagar krigen mot palestinarane av det sionistiske fascistregimet i Israel. Sør- Afrika har stevna Israel for folkemord i Gaza inn for Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC), der saka i skrivande stund vert vurdert om ho skal godkjennast vidare for handsaming i domstolen. Det er å håpe at grundig handsaming vert resultatet av denne fyrste del av prosessen.
I mellomtida må me ut i gatene i større hordar enn nokon gong før over heile verda, for å protestera KRAFTIG mot denne grufulle nedslaktingen av palestinarane, i MENNESKEVERDET sitt namn!

Ivar Jørdre, kunstnar og styremedlem i Antikrigsinitiativet
06.02.22 09:00
Dette innlegget er ei oppmoding til oss alle om å vera med i kampen mot krig og for fred.
MEININGAR Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Me veit like godt «alle saman», at me no lever i ei tid med store konfliktar og problem verda over. Då tenkjer eg ikkje berre på klima/naturkrise og pandemi. I tillegg tenkjer eg ikkje minst på om verdas statar skal halda fram på den øydeleggande vegen der alle ueinigheiter, interessemotsetningar og konfliktar skal handterast med vald, krig, trugslar om krig, sanksjonar, militær opprusting og all slags anna fiendskap.
Lengst inne i menneska sine tankar handlar dette om kva for jord me vil ha. I dei mest ekstreme og indre kretsane i USA sin maktelite snakkast det om fyrstehands bruk av atomvåpen. Kva i all verda er det for tankar vil mange spørja.
Ja, det kan ein spørja! Ei katastrofe for verdas folk vert slikt og det kan skje planlagt eller ved eit reint uhell.

Slike moglege hendinga må me slåss mot det me klarar, og for en annan veg. Ein veg som også Noreg kan fremja mykje meir enn det me gjer. Til dømes syna for verda at tilhøvet mellom statar skal styrast av FN Pakta der fredeleg sameksistens, respekt for alle land sin integritet og sjølvråderett, er det grunnleggjande.
Ei anna særs viktig hending var den sokalla Bandungkonferansen i Indonesia i 1955, der 29 nøytrale afrikanske og asiatiske statar som ville stå «utanfor» den kalde krigen kom saman og lagde eit tipunkts-dokument. Det tok avstand frå kolonialismen og sette grunnlaget for innbyrdes samarbeid landa imellom og generell nedrusting i verda.
I dette arbeidet treng me også freds- og antikrigsrørsla i Noreg. Ho har har vore svak og oppdelt altfor lenge. Men no hender det mykje bra! Blant dei organisasjonane som arbeidar for fred er Noregs Fredsråd og Antikrigsinitiativet (AKI), sistnemnde vart starta i Bergen og har etter tre år medlemmer i om lag alle fylke. Kampen mot dei amerikanske basane, som tyder at amerikanske bombefly med atomvåpen om bord, vil kunne vera permanent stasjonert på Rygge-, Sola- og Evenes flyplass i Noreg, er noko av arbeidet til fredsrørsla som no går føre seg for fullt. Desse basane vert slik at norske styresmakter ikkje har nokon som helst moglegheit til å kontrollera eller påverka denne suverenitetsavståelsen til USA. Det er det alvorlegaste og farlegaste tap av norsk sjølvråderett, kanskje sidan 1945, om avtalen vert vedteken i Stortinget i vår.
Militarisering i vår tid. USA har utplassert atombomber i desse fem NATO-landa: Italia, Tyskland, Belgia, Nederland og Tyrkia. Eit alvorlig brot på internasjonale lover! Dette har lenge vore kjent (spesielt av Federation of American Scientists- FAS). Men, tydelegvis ikkje av norsk media? Eit dokument kom på nettet ved ei tabbe av Nato for nokre år sidan som avslørte denne sokalla løyndomen. Russland har også sine stormaktsinteresser, men dei har i alle fall ikkje plassert atomvåpen utanfor eigne landegrenser.
I fredens teikn er eg så lei av å høyre om det såkalla «Nye Nato» som vil vera meir globalt retta. Som skal engasjera seg meir i strategiar mot Kina. Som skal vera den reiskapen som me skal tru på «må» verna verdas «demokrati» mot dei andre. Mot Russland, mot Kina.
Eg er også lei av å høyra om kvar gong det er Nato toppmøte i Brussel der eit par tusen politifolk stengjer av heile byen for å verna om ein militaristisk elite. Ein elite som gjer veda meir utrygg, dei seier det motsette. Ein elite som vil ha meir og meir av medlemslanda sine pengar og der Nato-sjefen tek til orde for eit Nato med meir inngjerding av Russland, større budsjett og endra byrdefordeling. Ein elite som er ein del av det militære klimarekneskapet i verda som er rekna til om lag 5 prosent av verdas CO2 utslepp. Her ikkje medrekna utsleppa frå krig og konflikt.
Det er også eit problem at folk verda over ikkje protesterar nok mot militærbruk i staden for kamp mot fattigdomen. Og at me i Nato-landa ikkje klarar å mobilisera til kjempeprotestar mot våre styresmakter med krav om å bremsa den vanvitige rustningsspiralen me er med i som fylgje av Nato sitt påbod om auking av militærbudsjetta til to prosent av BNP i kvart land og heller krevja å fjerna subsidiane til militærindustrien og konvertera den til sivil og miljøretta industri.
Eg håpar verdas unge også er «dritlei» og vil organisera seg i stort monn til protest mot dei gamle tankane og for noko nytt og medmenneskeleg. Dette meiner eg er vårt beste håp i fredens teikn!
Fyrst publisert i avisa Hordaland, 6. februar 2022
Hvordan skal vi sloss mot kriger og fattigdommen i verden?
Jo ved å redusere vårt forbruk av naturen og det ved å produsere smart og med minimalt ! forbruk ! av menneskene i Norge sin tid.
Dvs si krev 6 timers arbeidsdag som en overgang til 4 timers felles arbeidsdag.
Reduser forbruket av natur og mennesker og frigjør mennesker til sosial aktivitet og til fritt arbeid.
Dette må gå «hånd i hånd» med kravet om IKKE kriger og Reduksjon av forsvaret til et forsvar og slett ikke til bruk i angrepskriger.
Altså Minimal felles ! arbeidstid og kun et minimalt militært forsvar av egent land, da en skal utvikle samarbeid, samvirke og samforståelse på tvers av grenser, som eksempelvis Kinas «Belt and Road».
Roger