Dikt: «Det tunge epos» – Om brutalitet, okkupasjon, dobbelmoral og det kjempande palestinske folk

Viva Palestina, olje på lerret, 85 x 40 cm, 2013, Ivar Tveito Jørdre

Dette skrivet nedanfor eg kallar eit «eposdikt», har eg brukt om lag alle mine kunstnarlege krefter på. Eg er sliten, mest psykisk, men eg orkar meir. Eg må orke meir. Eg har ei fordømt plikt til å orke meir. Det håpar eg de andre som les denne bloggen vil gjera også, orke meir. Me må ha håpet. Me må vise at me har håp og solidaritet, for også å vise det palestinske folket at me har det, slik at dei kan styrke sitt håp. At dei ikkje kjenner seg forlatne og åleine i dette valdsame traumet, er truleg det viktigaste av alt!

Det vart eit langt sokalla eposdikt dette, men det måtte verte slik. Eg måtte berre få ut mykje, det pressa seg på. Slik vart det og slik er det. Eg håpar likevel de tek dykk tid til å lesa det, og sende varme tankar (og pengar) til det palestinske folket no i desse veldig vanskelege tider. Eg set pris på kommentarar, ris og ros, til dette epos. God lesing!

Det tunge epos

ingen mat

ingen vatn

ingen hus

ingen drivstoff

ingen stad å rømme

ingen verdigheit

——————————————————

støvskya la seg litt

dei såg betre ei stund

dei leita i betonghaugen

det som ei gong var deira hus

fleire kom til, byrja leite, gravde med hendene

det var ikkje drivstoff meir til gravemaskina

der såg dei noko nede i betongholet

dei gravde endå fortare, febrilsk no

ein liten arm kom fram, hovudet også

«det er ei lita jente, ho lever!», ropte fleire, jublande

«varsom, varsom», sa dei, og lirka ho ut

——————————————————-

dei hadde redda eit liv, ei lita jente

dei hadde redda eit liv før på dagen også, bror hennar

foreldra tok borna sine til seg med utstrekte armar

utruleg letta, med bøner mot himmelen

dei såg mot nabotomta, der var absolutt ingenting oppreist

berre smadra betong, jarn stikkande ut

som eit stort skjelett med beinmargen ute

dei var ikkje like heldige dei som der hadde budd

ein familie på 23 gjekk med i bomberegnet, ingen att

naboane tenkte «kvifor lever me og ikkje dei»

——————————————————–

«bombene byrja tidleg førre natt, utan stans, aldri sove

ungane våre skreik i redsle, frykteleg redsle, me vaksne og

der trefte ei bombe huset, det seig saman skrått, me kom oss ut

kvar er borna, me såg dei ikkje, fortvila høyrde me skrik

så rasa resten av huset saman, då vart alt stilt, eit lite bel

så kom neste bombetokt, då vart nabohuset til ein grushaug

ingen lydar og rop kom derifrå, me skalv i nattekulda og byrja grave

som i feber gravde me, til morgonen kom, etter guten vår, jenta vår

me takkar Gud dei lever, og me ber for sjelene til våre døde naboar»

———————————————————–

ein palestinsk journalist høyrer denne Gaza-familie sitt vitnesbyrd

sender det ut i verda, på den store webben, til dei mektige media

bryr dei seg der ute, om desse tusenvis av historiar som er like

bryr dei seg, spør dei seg, der i ruinen sin, der i støvet sitt, der i tørsten sin

der i svolten sin, der i telta sine, der i fortvilinga si, der i sorga si, der i sinnet sitt?

———————————————————-

bryr verdas leiarar seg, bryr Vesten sine leiarar seg, eg spør på nytt, eg ropar ut:

kven bryr seg? kven i helvete bryr seg? kva er ikkje geo-politisk bestemt? 

kva er ikkje maktpolitisk bestemt? kva er ikkje USA-politisk bestemt? 

kva er ikkje dårleg samvitspolitisk bestemt? kva er ikkje superkynisk bestemt?

kva er ikkje dobbeltmoralsk bestemt? ekkoet frå folket lød: 

ALT saman, alt saman, for helvete!

——————————————————–

blodet renn frå våre leiarar, frå Vesten sine leiarar, me også, du også, eg også

me har valt våre leiarar, me har trudd på dei, me har trudd på orda deira

me har trudd på demokrati, rettferd, menneskeverd, at «me alle har same verdi»

me har trudd at har me fyrst fått alt dette, har me det for alltid

me har trudd at dobbelmoral finns ikkje hjå oss, det er berre «dei andre» som har det

me har absolutt valt våre leiarar, kor naive har me ikkje vore? kor trufaste har me ikkje vore?

kor enkle har me ikkje vore? kor ukunnige har me ikkje vore? kor egoistiske har me ikkje vore?

————————————————————

«ingen mat har me

ingen vatn har me

ingen hus har me

ingen drivstoff har me

ingen stad å rømme har me

ingen verdigheit har me

ingen verdi har me»

—————————————————————

skjønar me i Vesten no kva for leiarar me har, kva for kynisme me har?

kva for våpenproduksjon me har, kva for kapitalisme me har???

eg vert ganske fortvila når eg høyrer på siste versjon av Vesten sin moral

då med oppsummering av kor fantastiske frie me er og kor fantastiske moralske

og kor fint det er at me er fint einige om dagens verdsorden med oss i Vesten mot resten

med våre liberale demokrati, og kor fint det er med den gode etikken vår

og kor fint det er med verdiane våre og alt det der, men kva med «dei andre», langt borte?

(sjå korleis dei same landa me elskar å vera saman med, held seg til Israel med Gaza-folkemordet med omlag 14 000 sanksjonar mot Russland og 0 mot Israel), 

det vert ikkje diskutert i det heile

palestinarane ser på oss og ler sarkastisk og sårt

og, det å prøve å forby solidariske demonstrasjonar for palestinarane si sak

i Frankrike, England eller Tyskland, det er det liberale demokratiet sin konsekvente ytringsfridom det, heh? palestinarane ser på oss og ler sarkastisk og sårt

—————————————————————

leiarane er og fint einige om tryggleikspolitikken, med Nato som det viktigaste verktøyet

og det er til og med liberalt og demokratisk, seier dei, dei er «dei gode», også i høve Israel

nesten ingen leiar talar om problem med opprusting og at kanskje «kunne Nato 

vera spenningsdrivande også, og at det er ikkje berre ein part i ei konflikt, men TO»

men nei, ingen snakkar om slikt, nesten ingen i Vesten spør om det heller! 

og, «det er den eine parten (palestinarane) som er oppfarande og valdelege»

nei, ingen snakkar om sionismen som det, nesten ingen i Vesten spør om slikt!

palestinarane ser på oss og ler ikkje lenger, dei er triste og sinte

———————————————————

eg føler meg ganske uvel å høyre på det heile, berre litt, berre litt anna syn på situasjonen 

hadde hjelpt, men nei, nesten ingen kritikk og tiltak frå Vesten

ooh, noko meir om den negative sida av okkupasjonen og den vilkårlege valden, men nei

det er berre det gode, som er «oss» i Vesten og det vonde som er «dei»

utruleg føreseieleg og kynisk, kritikk av USA og land som har palestinarane sitt blod på henda

finns ikkje blant vår leiarelite, åleine skal ikkje Palestina vera mot dette!

det kan ikkje halde fram med denne nedslaktinga!

vil Vestens leiarar framleis vende seg vekk, som bøddelen som ventar på neste avretting

bøddelen det er våre leiarar, våre våpen, vår ignoranse, vår hjelpeslausheit, vår «godheit»

palestinarane ser på oss og ler ikkje lenger, dei er triste og sinte

—————————————————————–

verdas folk vil  stå opp mot denne galskapen, verdas folk står opp mot dette

me vil stå opp mot denne galskapen, me står opp for det palestinske folk!

håpet er det som ligg att i «Pandora si øskje», me må bruke det til handling, NO!

—————————————————————

«me skal ha mat

me skal ha vatn

me skal ha hus

me skal ha drivstoff

me skal ikkje tvingast vekk

me krev verdigheit

me krev verdi

me krev fred

me krev sjølve livet, og eit land!»

———————————————

Ivar Tveito Jørdre


Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under dikt, Midt-Austen, Palestina, World Peace Wave og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to Dikt: «Det tunge epos» – Om brutalitet, okkupasjon, dobbelmoral og det kjempande palestinske folk

  1. thorleifb's avatar thorleifb seier:

    Takker og bukker! Dette måtte sies. Folkemordet i Gaza viser råttenskapen i imperialismen.
    På demonstrasjonen i Bergen 16/12 startet en av appellantene med å kritisere Hamas for «terrorangrepet 7.oktober». Han ble raskt avbrudt med piping og slagord fra demonstranter fortrinnsvis med palestinsk bakgrunn. Det fortalte meg at de er oppgitt og sint – hvordan kan hvite nordmenn snakke om Hamas (som tidligere ville blitt kalt frigjøringsbevegelse) som terrororganisasjon når palestinere drepes for fote?! Krigen startet ikke 7.oktober, det er ikke Hamas som har skyld i den; det har Israel og blokaden. Og okkuperte folk har rett til motstand ifølge folkeretten. Som FNs generalsekretær uttrykte det; «angrepet 7.oktober skjedde ikke i et vakuum».
    Leder i Palestinakomiteen kalte det blodige angrepet 7.oktober for krigshandling.
    Det er på tide palestinernes forståelse får mer plass – hvite nordmenn vet ikke alltid best.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.