Novelle – Den andre verda – Historiar frå planeten Proxima b

Den gode planeten – del 3

Vår planet og vårt liv

Om landbruket og produksjon av mat på Proxima b er det mykje å fortelje. Mjølkeproduksjon t.d. er gjort ute på store jorder heile året, for i dei tempererte områda kan desse dyra vera heile året. Mjølkinga er utført av robotar med menneskeutsjånad, og vert transportert til store foredlingsplassar for så å verte køyrt ut til dei som abonnerar på dette. Korleis ser desse «mjølkedyra» ut på vår planet, vil du kanskje spørje. Det skal eg snart fortelje meir om, men først litt om anna produksjon av mat og drikke.

Me har forbod mot å ete kjøt frå andre skapningar her på planeten. Ein kan få streng straff om gjer slikt. Derimot et me mykje av det dyra sjølve gjev av overskotet etter at deira eigne ungar har vorte store og ikkje treng å die lenger. Anna drikke for oss kjem naturlegvis frå ufattelege mengder av ulike frukter. I enkelte områder, spesielt rundt ekvator, gror det fantastiske og store skogar med ulike frukttre. Ja, de skulle ha sett det! Og, desse skogane er urskogar. Ville vekstar. Det me dyrkar i mindre plantestader ligg lenger sør eller lenger nord for det breie tropiske beltet rundt «magen» til Proxima b.

På desse plantestadene er det kilometer lange åkrar for alle slags grønsaker og bær som me dyrkar. Her finns også nokre laboratoriar for kunstig dyrking av ulike typar kjøt, men dei er veldig kontroversielle og skapar av og til heftig debatt mellom tilhengjarar og motstandarar på Planetarium, dei digitale sosiale plattform stolpane som står over alt. Diskusjonen eller kranglinga om ein vil, føregår også ofte på Proximarium som er den globale digitale såkalla Avatar-kanalen som visast på «luftskjermar» mange stader. Denne kanalen er den offisielle og som dekker mesteparten av dei befolka områda på planeten. Luftskjermar er stilleståande visuelle bilete, rett og slett i sjølve lufta, prosjisert av eit nettverk av «svevande» antenner. Fleire slike globale kanalar finns ikkje, berre enkelte lokale som er familiedrevne.

Men, det var maten vår og vekstar eg skulle attende til. Rundt desse lange planteåkrane er det og mange frukttre. Eg må her nemne at mesteparten av desse matvekstane er originale på Proxima b. Berre nokre få artar har me som kom for 50 år sidan hatt med oss frå Mars. Dei vart utvikla i drivhusa der i over 100 år. Frå Mars tok me også med oss arvemateriale til den noko genetisk endra «Jordkua». Dette vart opprinneleg teke med på den første reisa frå Tellus, der av namnet Jordkua. I alle høve, ho er noko av det beste me kunne ha teke med oss ernæringsmessig. Etter litt genendring her på planeten gjev ho oss både til sine eigne avkom og til oss, i «bytter og spann» (som det heitte på Tellus-språket ei gong, der mor og far kom frå).

Korleis vert all denne dyrking av mat og drikke transportert rundt? Først vert dette dyrka og samla inn av no 3. generasjons agrorobotar, programmert ned til minste algorytme. Men, det mest fasinerande og storslåtte, synes eg, er det alt vidtrekkande systemet av hurtiggåande «tubetog» på magnetskinne. Denne teknologien fører varene utover til alle buande områder og vel så det. Robotar sorterar frukt og grønt og pakkar det i store mathallar, plasserar varene i desse raske tubene og avgarde farer dei i nærare lydens fart, mot det målet/byen/tettstaden som er i ordrane. Avatar-robotar står for det heile, men styrt av ingeniørane våre.

Det er også ville dyr på Proxima b. Ikkje i like stort mangfald som det var på Tellus riktig nok, men veldig interessant på sin spesielle måte. Eit spesielt og morosamt døme er nokre dyreartar som brukar bytemiddel til å «kjøpe» seg mat av kvarandre. Ja, du les rett: Dei rett og slett betalar for tenester med noko form for «pengar». Dei er heldigvis ikkje pengar på Tellus-vis, med kapitalistiske trekk og alle problem det førte med seg. Likevel, noko forskarar har merka seg er at desse dyra byter til seg andre tenester enn mat også, som t.d. seksuelle tenester!

Desse dyra eg her talar om liknar ein del på dei pelskledde primatane eg har sett foto av frå Tellus. Eg nemner her 3 andre primatar me har oppdaga på Proxima b, dette i tillegg til denne arten «Sfinxaper», som altså brukar bytemiddel. Namnet har dei fenge avdi hovuda deira er ganske stort i høve kroppen. Mykje større enn oss og sine artsfrendar som levde på Tellus. Dei er nok borte alle der no er eg redd. Truleg offer for dei store masseutryddingane som gjekk føre seg for om lag 200 år sidan på Tellus. Korleis det ser ut på planeten der no veit ingen. Det er ikkje sendt noko ubemanna observasjonsfarkost dit, ikkje frå oss på Proxima b i alle fall.

I alle høve, desse sfinxapene er fasinerande skapningar. Dei er i gjennomsnitt 1m 0g 20cm høge, har veldig lange armar, korte bein og altså eit tydeleg stort hovud. Veldig intelligente er dei og dei har eit form for språk, med mest bruk av konsonantlydar. Forskarar har funne ut at dette «språket» har grammatikk og noko bøyingar ein har funne ut har tid- og romaspekt i seg. Meir veit me ikkje og ikkje har me tyda språket deira enno heller. Temmeleg uvitande om dei og dei andre primatane er me synes eg. Men, slikt går det an å gjera noko med tenkjer eg. Det har Planetrådet forstått, og har no sett i gong fleire forskingsprosjekt for å få meir viten om desse primatane og anna flora og fauna hjå oss for den del.

Elles, er naturen her både mangfaldig og sjølvsagt heilt spesiell, skulle berre mangla, og opp i alt dette har me «urfolk». I alle fall på den måten at dei er dei første som kom til planeten, og ikkje utvikla noko type samfunn me har, men heller lever i naturområder langt frå oss og på naturen sine premiss. Dei er kjempelange, både «kvinner og menn» (i alle fall minner dei om oss, men likevel veldig ulike) og har ei nydeleg blåfarga hud med mørke blå striper. Meir om dette «Blåfolket» seinare..

Ein særeigen kunstutstilling i det største galleriet vårt vakte stor oppsikt. Der var det stilt ut kjempelerret, ja, verkeleg kjempelerret i ulik lengde og breidde. Men, det merkelege var, synes eg i alle fall, var at ingen av dei var måla på. Berre den grå lerretsfargen stod fram. Kva ville kunstnaren ha fram her? Litt etter litt kom tanken med det fram. Det var ein artig idé viste det seg. Lerreta sjølve var i seg sjølv kunstnaren. Det var ikkje skapt kunst på dei. I staden var lerreta utøvarar med eigen hjerne (data programmert) som inviterte publikum til å måle og teikne på dei. Og mens dei som våga seg til å prøve så var kommentarar og vegleiinga frå lerreta sjølve det ein høyrde av stemmer i galleriet. Utøvarane kunne også stille spørsmål om framgongsmåtar, teknikk, fargeval, osb. til lerretet som då svara og kom med innspel o.l. Vart det noko usemje eller noko slikt vart det diskusjon lenge kan hende. Slik var det dette kunstprosjektet arta seg. Det vart etter kvart fleire som deltok i laupet av utstillingsperioden, men alle lerreta vart ikkje måla, noko lerreta sjølve beklaga sterkt. Det var ingen som stod fram som idémakar til prosjektet, difor var utstillinga kalla «Mostra da Incognito» (Utstilling frå Ukjent). Fram til i dag er det ingen som har funne ut kven idémakaren eller kunstnaren bak dette «stuntet» er. Og slik vil det truleg verte også. Men, denne utstillinga hugsar me lenge.

Om kuppel-innbyggjarane. Det var nokon ei gong som sa at dei hadde kome frå ein annan planet i eit anna stjernesystem for lenge sidan. I alle fall at nokon i slekta hadde kome derifrå. Det var litt ullent dette her, syntes mange. «Kva gjekk desse her rundt og babla om, eigentleg», sa folk. Det var ikkje lett å verte klok på slikt. Og så var det alderen på desse folka som fortalde nesten myteliknande historiar synes andre. Mange av desse «historieforteljarane» var mellom 150 og 190 år. (Vert ein over 190 år her hjå oss er det over tålegrensa for kor gamal ein kan verte, det er veldig sjeldan eg har høyrt om slik alder. Eg med mine no 136 år kjenner meg som reine ungdomen i høve desse.) Attende til saka: Alle frå denne folkegruppa (eller kva ein skal bruke som ongrep på dei), budde og framleis bur i nokre gigantiske kupplar, på storleik 300 meter i radius og 200 meter høg. Dei budde i alle fall for lenge sidan i tre kupplar, no er dei færre og bur berre i ein av dei. Den ligg på den sørlege halvkule og er med andre ord tusenvis av kilometer unna, kanskje over titusen kilometer, eg hugsar ikkje heilt. Ikkje så nøye det, det viktigaste å fortelje er m.a. at desse kupplane er bygde for vel 150 år sidan. Slik at dei kan vel ha vorte bygde av folk som kom her til den gongen. Men, det stemmer ikkje om me samanliknar dei med oss. Dei er skapt på ein annan måte, dei har breiare kroppar enn oss og meir pelsliknande hud. Dei har ikkje kome frå Mars slik me har gjort. Det er tidsmessigt og teknologisk umogeleg. Me er dei første og me kom for 51 år sidan og før det hadde me ikkje god nok teknologi heller til å gjennomføre ei slik reise. Nei, anten er dei også, saman med Avatar-folket, dei opprinnlege innbyggjarane på planeten, eller så er dei komen for over 150 år sidan frå ein ganske høgteknologisk og ressurssterk sivilisasjon. Dette er det vanskeleg å finne ut av visar det seg. Desse «foka» er temmeleg løyndomsfulle og fortel berre desse historiane sine, men legg ikkje fram prov og heller ikkje er dei særleg lette å vitje, dei held seg i den eine kuppelen. Der har dei eige grøntareal, eigne bukvarter og eigne dyrkingsområder. Alt i denne 300 meter radius som kuppelen er rund, dei har og fleire etasjar med ulike dyrkingsmetodar. Dette fortel dei få som har vitja dei frå oss. Styresmakta vår, Planetrådet, har også hatt lite kontakt med kuppelfolket. Sist dei har møtast var for tre tiår sidan. Men, dette myteomspunne folket held fram å undre oss i alle høve. Dette får meg til å tenkje på det eg har lese om mytestoff som eldgamle sivilisasjonar på planeten Tellus omgav seg med. Dei er så gamle som over 5000 år desse kulturane, og dei hadde rikeleg med myter å ta av. Gudar og heltar, dødlege og udødlege, opprinnings- eller skapingshistoriar, og mykje meir. Ikkje nok med det. På Tellus hadde dei også myter om tidas endelikt, Domedag, «verdas ende» og andre akopalyptiske historiar mangla det ikkje på. Ein lagnads ironi er då å tenkje på at grunnen til at me som etterkomarar av marsbuarar hamna her på Proxima b, nettopp er grunna sivilisasjonskrasj på Tellus. Og, det er i alle fall inga oppdikta myte, ikkje enno…

Om den merkelege pandemien. Me er stort sett skåna for store og alvorlege epidemiar her hjå oss. Kva det kjem av, veit me ikkje sikkert. Men, noko av forklaringane kan vera at mange av dei mikrobar, bakteriar og virus som kan gjera oss menneske sjuke ikkje overlevde nokre generasjonar på Mars og difor ikkje vart med oss på ferda hit. I alle fall ikkje nok alvorlege mikroorganismar til at epidemiar og pandemiar ikkje har brote ut. Vitskapen har heller ikkje funne mange slike «bugs» som me har lese at Tellus var så full av. Ei anna tese er at dei kjende mikroorganismar me veit om her på planeten ikkje er så skadelege og smittsame at det vert store sjukdomsutbrot som resultat. Ikkje veit eg, kanskje begge teoriar er truverdige.

Difor vart folk og styresmakter veldig overraska då ein slags pandemi utvikla seg, ganske raskt også, for om lag 10 år sidan. Ingen av oss var førebudd på slikt visste det seg. Ikkje hadde me noko botemiddel å stå i mot med med ei gong heller. Det vart utvikla og teke i bruk først fleire månader seinare. Denne merkelege sjukdomen eller hudpest om ein skal kalle han det, byrja i ein liten tettstad på andre sida av Mons Eternitas (det enorme fjellmassivet vårt, hugsar du, kjære lesar) i høve der me bur. I alle fall, byrja det med at nokre «eldre» (rundt hundre år, kanskje) fekk noko rare ormliknande utslett utover huda. Ikkje berre ein eller få stader, me over det meste, ikkje berre på ekstremitetane (armar og bein), men i alle krokar og krikar, for å skrive det slik, hi, hi. (Stygt å le her, kanskje, men eg kan ikkje hjelpe for det.) Kva er no dette for noko fælsleg, lurte folk på. Nei, ingen visste eller forstod noko som helst. Ikkje før dei «yngre» (rundt 50-60 kanskje) av oss også fekk det. Først då byrja forskarar og styresmakter å verte interesserte. Og, surprise, surprise, ikkje lenge etter fann biokjemikarar og andre ut, riktig nok, at me hadde å gjera med ein slags pest, altså bakterie. Heldigvis ikkje så alvorleg som dei pestbakteriane me hadde lese om hadde vore på Tellus, men likevel. Ille nok for folket på Proxima b som sjølvsagt ikkje hadde noko immunitet mot slikt. Bort sett frå urfolket og «kuppelfolket» (dei var ikkje utanfor sine områder likevel, men seinare forsking synte at dei alle var immune), fekk veldig mange pesten. Ja, og så nokon få av oss innflyttarar fekk ikkje pesten. Om lag 2/3 av oss fekk denne pesten. Dei som hadde immunitet hadde nok det nedarva frå slekters gong som gjekk langt attende i Tellus-tida. Sjølv om pestbakterien «vår» er ulik dei som florerte på Tellus, ifølje bøker, så er denne nedarva motstanden tydelegvis nok til å motstå denne spesielle typen me har. Eller hadde? Denne pesten var lite dødeleg, dei fleste kom seg bra att. Nokre titals døydde.

Kva utvikla denne pandemien seg frå? Og, kvar kom pestbakterien frå, Proxima b eller teke med i «dvaletilstand» frå Tellus? Dette er kjernespørsmål me som samfunn har lurt på sidan. Det er no over 10 år sidan pesten var, men framleis lurar forskarar på desse mysteria. Vil me nokon gong få greie på det. Det er vel best å berre leve med «gåtene» ei stund til, tenkjer nok mange, heilt til neste pest kjem?

*I Tellusåret 2295 etter år 1, er proximitten Ravi 135 år = fødd i år 2160

Me har budd over 50 år på Proxima b, me kom i år 2245, reist frå Mars i år 2236 (krigen tok slutt 2238), reisa tok 9 år..

Skreve ned på ære og samvit, Proximitt «Ravi 999999», Proxima b, 6-9. stjernerunde rundt Proxima Centauri, i trippelstjernesystemet Alfa Centauri, Tellusåret 2297 etter år 1.

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Art & Science, Universet og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.