Ord vert fattige i helvetet sin forgard – Då trengs poesien!

Viva Palestina, olje på lerret, 85 x 40 cm, 2013, Ivar Tveito Jørdre

Desse to nye dikta nedanfor har vore vanskeleg for meg. Det som hender no i Gaza no er so brutalt og umenneskeleg at me sakanar ord. Ord i daglegtalen strekk ikkje alltid til for å fortelje om denne lemlestinga av eit heilt folk, på vettug vis. På ein måte sit me i maktesløysa og fortvilinga sitt grep. Så også for meg. Det er synd for der må me ikkje vera. Men, det er vanskeleg å kome ut av etter slike utan sidestykkje, i mitt liv i alle fall, vanvettige overgrep, drap og øydeleggingar som krigssionistane no gjer.

Som skreve so strekk ikkje alltid orda til, men då prøver eg poesien og kunsten elles, for å gjera eit forsøk på å uttrykkje den liding, men og den kamp som det palestinske folk kjempar. Her er dei nyaste forsøka mine:

Dødsenglar over Gaza (til minne om ofra etter bombinga av Al-Ahli Arab Hospital, 17. okt. 2023)

Eit brennande helvete,

sa dei som såg neste morgon

Eit endå meir helvete

enn det som står i Skrifta

————-

Dette er verkeleg, ikkje fiksjon

sa dei som samla kroppsdelar

sa dei som leitte i oska etter kjære

sa dei som ingenting fann

————–

Eit brennande helvete,

mange såg aldri meir 

neste morgon

————–

Ein sommarfugl kviskrar,

til menneska:

Dødsenglane er på veg att,

fly din veg!

I humanismen sitt namn:

Fly din veg! 

Men, til kvar flyg eg?

Kvar har menneskeverdet reist?

———————————————————-

Kuvøsene

Dei står tomme no, kuvøsene

på al Shifa sjukehuset, Gaza

Dei for tidleg fødde er der

ikkje lenger, dei  ligg samla

på golvet og ventar på siste

andedrag

——————–

Dei myrkaste krefter me kjenner til

gjer at døden er vanlegare enn livet

Sjølv dei minste sparast ikkje her

i dette kyniske uhorvelege brutale

spelet i døden sin forgard

———————-

Dei små får aldri oppleve dei er til

Ingen voggar dei i svevn nokon gong

Ingen leikar med dei i morgonstund

Ingen ser dei smilande i sola sitt ljos

Ingen festar andleta deira heilt fast

men, nokon hugsar dei for alltid

———————

Bombene sin forkvakla etikk rår grunnen

Bombene sine velgjerarar sår sin profitt

Bombene og mørke sionistar, hand i hand

Drapsmaskiner alle saman heiar døden fram

Deira kvinande song syng dødelege tonar

men, nokon syng dei i mot med livskraft

——————–

Dei står tomme no, kuvøsene

på al Shifa sjukehuset, Gaza

Har verda moral til å tåle slikt?

Har verda samvit til å tåle slikt?

Har verda trong til å gløyme det heile?

Nei, verda kan aldri gløyme det heile

ALDRI!

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under dikt, genocide, Midt-Austen, Palestina, Politikk, samfunn og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Ord vert fattige i helvetet sin forgard – Då trengs poesien!

  1. Roger's avatar Roger seier:

    Ivar
    Når gir du ut bok med de beste ! diktene og illustrasjoner med egne bilder?
    Hvor får du lkaget den billigste og enkleste boka, som må spres gratis til minst alle i Rødt Norge.
    Når får du oversatt noen av diktene til dansk og svensk og engelsk og fransk.
    SKRIV !!
    Roger

  2. ivarjordre's avatar ivarjordre seier:

    Roger
    Det er bra du pressar på.
    Jau, det artige er at eg har nett byrja med å samle dikt til ei ny bok, og med eigne illustrasjonar til. Håpnadsfullt vert det råd å få boka klar i fyrste halvår av 2024. Og eg har allereie kontakt med trykkeri om det.
    Ivar

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.