Denne teksten nedanfor, skreiv eg etter Gaza-krigen i mai 2021. Han kunne ha vore skreve i dag! MEN, med det tillegget at denne gongen vert det truleg endå verre enn før, endå fleire drepne og skadde enn før, endå meir støtte militært til Israel enn før og endå meir «dei» og «oss», enn før. LAT OSS ALLE HÅPE AT VERDA STOPPAR DETTE BLODBADET, TIDA VIL VISE, OG PROTESTANE VÅRE!
OG, eit tillegg til: På aldri den tid har så mange israelske sivile vorte drepne. Dei får no også «smake» den sorgen, den fortvilinga, det sinnet, palestinarane har kjent på i årevis, ja i tiår etter tiår. DESVERRE, FOR ALLE HAR DET VORTE SLIK. Slikt skal ikkje hende, for nokon av folka i regionen. Her har me i Vesten det største ansvaret for å presse USA/Vesten til å presse Israel til avslutning av okkupasjonen og palestinsk fridom!
Nedanfor dette skrivet er det også eit dikt eg tidlegare har skreve og publisert. God lesing! Ivar
Den vestlege verda med blod på sine hender!
Me veit det alle saman. Me har blod på henda! Vesten har blod på henda! Ja, det internasjonale samfunn har det. Dette er blodig storpolitikk. Det handlar ikkje om menneskeverd. Det handlar ikkje om likeverd. Det handlar ikkje om rettferd. Det handlar om kynisme. Det handlar om brutalitet. Det handlar om «dei» og «oss». Me er skuldige i dette!

Ja, det handlar om dei og oss. Me er ikkje som dei. Me er oss. Me er som israelarane. Me er ikkje som palestinarane. Me kjenner ikkje dei. Me kjenner ikkje israelarane heller, men me er som dei. Dei gjer som me ville ha gjort, forsvarar seg. Ja, dei forsvarar seg, mot «dei». Me ville også ha gjort det, ikkje sant? Me vil og gjerne forsvare oss mot dei andre. Dei som kjem til oss!
Sidan det er dei andre så er det forsvar, det er ikkje åtak. Nei, nei, det er ikkje åtak. Og sidan dei andre er f.eks. palestinarar, så kan me angripe dei og kalle det forsvar. Så kan me la vera å kritisera «den sterke parten», men kalle det forsvar, kalle det forståeleg, kalle det retten til… Så kan me la vera å kritisera vår eigen regjering, for dei forsvarar seg jo. Det er jo «dei» dei forsvarar seg mot. Me går ikkje ut i gatene for «dei». Nei, det gjer me ikkje!
Så kan me la det gå sin gong. Det har me gjort så mane gonger før. Det vert vel «våpenkvile» att. Det har no hendt før. Ja, dei klarar nok dette denne gongen også. Mange gonger før har me latt det gå sin gong, me i Vesten. Me som er saman med den sterkaste våpenmakta i verda. Slik har me gjort det mange gonger før. Me har gjort ingenting lenge, me har latt det gå. Me gjorde det i 2006 då det byrja for alvor, me gjorde det under Gazakrigen i 2008-9, i 2010, i 2011 under bakkestyrkeåtak, me gjorde det under Gazakrigen i 2014, i 2018 under grenseprotestane og me gjer det framleis, no, idag, i 2021. Slik held me på!
Den sterkaste våpenmakta i Midt Austen tenkjer me ikkje på. Den som har atomvåpen i Midt Austen tenkjer me ikkje på. Nei, me tenkjer ikkje i heile på Israel som det. Me tenkjer ikkje på USA som den sterkaste hjelpar til at landet er det atomvåpenlandet det er, at dei har dei mest moderne våpen, at dei har brukt fosfor, at dei knuser hus med familiar inni. Me tenkjer at dei må jo forsvare seg, at dei heile tida er truga, at dei er eit offer. Eit offer for åtak frå «dei andre».
Me tenkjer ikkje på korleis styrketilhøvet er. Me tenkjer berre ikkje på det. Kvar Gazakrig tenkjer me ikkje på den store overmakta mot den vesle. Kvar Gazakrig tenkjer me ikkje på kor mange sivile som døyr, og kvar det døyr flest. Kvar Gazakrig tenkjer me ikkje på kva våpen som vert brukt og kor uproporsjonalt mykje Israel brukar sine våpen på. Etter kvar Gazakrig tenkjer me ikkje på dei mange tusen palestinske sivile som ikkje er meir, av dei er det 0,5 som er israelarar som ikkje er meir. Alle som ikkje er meir etter krig må me tenkje på, men tenkjer me på dei som er døde i Gaza med same tristheit, same sinne, same fortviling? Ser me dei? Ser me alle dei familiar som ikkje er meir, som no også under den Gazakrigen?
Inntil me alle ser «dei andre» som oss. inntil me alle ser det triste, det forferdelege, det meiningslause, det urettvise, ja, så vil det triste, det forferdelege, det meiningslause, det urettvise, berre halde fram. Inntil me ser at ei sterk makt tek andre sitt land, inntil me ser overmakta, inntil me ser Vesten i alt dette, ja, så vil det berre halde fram. Det vil halde fram i det «uendelege». Inntil me alle ser «bjelken i vår eige auge og ikkje berre splinten hjå «dei andre»!
Ivar Tveito Jørdre
Tears of Gaza (skreve under Gaza-krigen sommaren 2014)
Tears of blood in Gaza now
Arms in despair towards the sky
They are asking WHY?
Why are they killing us?
Why this degradation?
Where is the human nation?
The world must not forget
Palestinians are humans too!
But bombs still falling from the blue
From fascist stile they are
Talking revenge and war
What if we are no more?
Let mankind know this story:
Of a people fighting for survival
Against all odds of denial
Will justice win after all?
Ivar Tveito Jørdre
13/10: Israel vil tvangsflytte 1.1 millioner mennesker sørover på Gazastripen og tømme sykehus, før de ødelegger Gaza by og rykker inn. FN og Norge protesterer, og regjeringen fordømmer blokaden, men mer må gjøres.
Israel har bombet grensen til Egypt og forhindrer humanitær hjelp, som står klar til å hjelpe palestinerne.
https://roedt.no/blogg/angrepene-pa-sivile-ma-stoppe-og-okkupasjonen-ma-opphore
Norge må ta flere skritt for å legge press på at okkupasjonen tar slutt:
Norges nåværende posisjon, der vi anerkjenner Israel som stat, men ikke anerkjenner Palestina som egen stat, er uholdbar. Det er på tide at Norge anerkjenner Palestina som egen stat, slik Rødt foreslår i et representantforslag som Stortinget har til behandling nå.
Et viktig hinder for en varig fred er de israelske bosettingene som norske regjeringer har fastslått er i strid med folkeretten. Det er på tide at Norge innfører et forbud mot varer og tjenester fra selskaper og virksomheter produsert i strid med folkeretten på okkupert jord, og dette er ogsp en del av forslaget Stortinget nå har til behandling.
Til slutt foreslår Rødt at Norge tilslutter seg FNs apartheidkonvensjon. Konvensjonen kategoriserer apartheid som en forbrytelse mot menneskeheten og innebærer at representanter for stater som begår denne forbrytelsen, kan straffeforfølges for dette.