«Eg er så lei Nato!» Det vert ikkje fred med Nato!

Å ha oppfatningar om Nato kan krevje mykje overskot og tankeresursar. Spesielt om ein er motstandar eller er kritisk til alliansen. Overskot til å stå i mot all motstand og til og med ukvemsord ein som er motstandar møter. Tankeresursar til heile tida å  kome opp med endå betre argument og fakta enn det ein hadde før. Ikkje desto mindre er det viktig med sakleg og faktabasert diskusjon om Nato, om kva alliansen er for noko i dag i høve tidlegare, kva er konsekvensane av Nato og kva er interessene bak, ikkje minst.

Det er ein kjensgjerning at mange i Noreg anten ikkje veit nok eller ikkje er interessert i fenomenet Nato. Undersøkingar finns, men ikkje mange, men kva folkeoponionen meinar er bra med Nato-medlemskap er aukande. Det er pr. i dag fleirtal for norsk medlemskap, men slikt kan endre seg. Avhengig av fleire ting: Tidene endrar seg, spenningsnivået i verda, bruken av pengar, skandalar, nye fakta kjem fram, m.m. Ein ting er truleg sikkert, det kan ta lang tid før Noreg er ute av alliansen og at alliansen vert nedlagt i det heile. Difor er det viktig sett ut frå eit nedrustings-, avspennings- miljø- og økonomisk perspektiv å heile tida drive informasjonen og motstanden framover. Når ein høyrer generalsekreteren i Nato, Nato-politikarar og andre stadig hevde at nettopp Nato er fredsskapande og er viktig for såkalla stabilitet i verda, ja, då bør ein stoppe opp og spørje nokre viktige ting: No har krigen i Ukraina øydelagt det, enn så lenge.

KVEN VIL AT ME SKAL TRU DETTE? KVA ER INTERESSENE BAK OG KVIFOR?

Dei som vil dette er m.a. det militær-industrielle kompleks der store økonomiske interesser er det sentrale i kollaborering med styresmakter. Kvifor? Fordi den kapitalistiske vestlege verda (i dette høvet) vil ha verdshegemoniet inntakt. Store verdsmakter konkurerar om dette hegemoniet, med USA og Kina. No under Nato-toppmøtet i Vilnius no i juli vert sjølvsagt Russland og krigen i Ukraina hovudtemaet. Også innanfor Nato styrkast eit fiendebilete der no. Kina ikkje må verte makt nummer 1 i verda, men trengs å haldast nede. Diverre er våre store mediar med på dette spelet og er med på å tåkelegge eller forherleggjera, som ein t.d. ofte høyrer og leser om Nato-medlemskapet og «vår» trong for å forsvare oss mot «dei andre». Etter invasjonen av Ukraina er det om lag umogleg og vera Nato-motstandar. Ein vert med ei gong «Putinist» (tilhengar av Putin). Det går liksom ikkje an å vera mot både Nato og Russland si tru på at «krig fører til Fred», og heller ta til vet og stanse denne forferdelege krigen. Før eller seinare må det verte fredssamtalar der «begge partar» er nøydd å gje og ta, for freden si sak. Historia har vist oss det før, kvifor ikkje denne krigen også? Men, det er visst ikkje tillate å stille slike spørsmål no når krigsskodda ligg tett over oss alle.

Denne forherlinga av Nato m.a. av Nrk-redaksjonar er eg så lei. Aldri noko gode kritiske spørsmål, alltid denne kosepraten, eller denne uroa over «våre fiendar», ingen utfordrande spørsmål til Nato sin generalsekretær. slik som i Dagsnytt 18, eller i Drivkraft. Det er frustrerande å vera vitne til denne journalistiske «skuggeboksinga». Kva med dette: Det er ein gamal løyndom. Men det er også ein av dei mest formidable nektingar hjå Den Atlantiske Alliansen: Atombomber er lagra– eit alvorlig brot på internasjonale lover – i Italia, Tyskland, Belgia, i Nederland og i Tyrkia. Kvifor dekkar ikkje norske media slikt?

USA har utplassert atombomber i desse fem NATO-landa. Dette har lenge vore kjent (spesielt av Federation of American Scientists- FAS). Men, tydelegvis ikkje av norsk media? Eit dokument kom på nettet ved ei tabbe av den kanadiske senatoren Joseph Day, på vegne av forsvars- og sikkerheitskomiteen i NATOs parlamentariske forsamling, og «løyndomen» vart avslørt. NATO prøvde fort å fjerne det, og deretter publisera det i en annen versjon. Men det var for seint. Nokre nettstader (framfor alt i det belgiske De Morgen) hadde allereie publisert den komplette original-versjonen. 

Eg er så lei det såkalla «Nye Nato» som vil vera meir globalt retta. Som skal engasjera seg meir i strategiar mot Kina. Som skal vera den reiskapen som me skal tru på «må» verna verdas «demokrati» mot dei andre. Mot Russland, mot Kina. Eg er så lei av å høyre om kvar gong det er Nato toppmøter skal eit par tusen politifolk eller meir stenge av heile staden for å verne om ein militaristisk elite. Ein elite som gjer veda meir utrykk, dei seier det motsette. Ein elite som vil ha meir og meir av medlemslanda sine pengar og der Nato-sjefen tek til orde for eit Nato med meir samarbeid, større budsjett og endra byrdefordeling. Ein elite som er ein del av det militære klimarekneskapet i verda som er rekna til omlag 5 prosent av verdas CO2 utslepp. Her ikkje medrekna utsleppa frå krig og konflikt.

Eg er så lei meg for at folk verda over ikkje protesterar mot militærbruk i staden for kamp mot fattigdomen. Og at me i Nato-landa ikkje klarar å mobilisera til kjempeprotestar mot våre styresmakter med krav om å bremse den vanvittige rustningsspiralen me er med i som følgje av NATO sitt påbod om auking av militærbudsjetta til to prosent av BNP og krav om å fjerne subsidiane til militærindustrien og konvertera den til sivil og miljøretta industri. Eg er så lei alt dette og mykje meir, men håpar verdas unge også er «dritlei» og vil organisera seg i stort monn til protest mot dei gamle tankane og for noko nytt og medmenneskeleg. Til og med no med krigen i Ukraina. Dette meinar eg er vårt beste håp!

Ivar Jørdre

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kapitalisme, nedrustning, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

3 Responses to «Eg er så lei Nato!» Det vert ikkje fred med Nato!

  1. thorleifb's avatar thorleifb seier:

    Rett før møtet er det blitt klart at USA sender klasevåpen til Ukraina. Er det slik landet skal jage ut de russiske okkupasjonsstyrkene? Gahr Støre har omsider (etter svært uklare uttalelser fra Huitfeldt) påpekt at Norge følger bl.a.Canada og GB sin motstand av bruk av forbudte våpen, som vil drepe sivile og barn i Ukraina i årtier framover. Og det skulle bare mangle, siden (ironisk nok) daværende statsminister Jens Stoltenberg tok initiativ til forbudstraktaten mot klasevåpen som et stort flertfall av NATO-landene har undertegnet. Men så lenge USA vil, sier resten fremdeles «hopp» i praksis. Ingen vil hindre Biden! Er dette en demokratisk militærallianse eller amerikansk diktatur?
    I september 2022 utga Rødt et hefte hvor vi forklarer hvorfor NATO-motstanden står seg. Jeg leste det for første gang nå, og det er på tross av all tvilen rundt Rødt sitt NATO-standpunkt, veldig god lesning. Det dumme er at argumentene partiet har, i liten grad har kommet ut i debatten. Heftet kan lastes ned i PDF.
    https://roedt.no/nato-hefte-22?v=X1k0cohLcI73fmfA5BzwGu&fbclid=IwAR3pyeJ-7gvqkqdCMfkXVRMd8eJwuykI-PS8CEabqyUxFrBBBlb4QLwKz7g

    Fra heftet side 12-13:
    «..Norges evne til å forsvare seg selv brytes ned ved at forsvarspolitikk innordnes NATO/USAs militærstrategi. Materiell og mannskaper prioriteres deretter, som til F-35 kampflyene og rekognoseringsflyene P8 – Poseidon, til det nordlige såkalte
    «rakettskjoldet», og til spesialsoldater i utenlandsoppdrag. Samtidig prioriteres kapasiteter vi trenger for et defensivt invasjonsforsvar vekk. Dette bryter ned grunnleggende trekk for et invasjonsforsvar, forbindelsen mellom forsvarsmakten og befolkningen.

    Rødt har allerede bragt dette opp på Stortingets dagsorden. Men en snuoperasjon vil avhenge av at den organiserte fredsbevegelsen på grasrota vekkes til live igjen. Lenge
    ble den offentlige debatten rundt utenriks- og forsvarspolitikk kvalt av den breie konsensusen på Stortinget og i de dominerende mediekanalene i den forrige rødgrønne regjeringsperioden. Etter Russlands invasjon av Ukraina er det imidlertid tatt en rekke
    initiativ for å bygge en ny fredsbevegelse. Dette støtter Rødt og oppbyggingen og utviklingen av en ny fredsbevegelse må Rødt delta i.

    Den åpenbare underdanigheten for USA i utenrikspolitiske spørsmål begynte å slå sprekker i flere miljøer i president Donald Trump sin periode på grunn av hans framferd overfor NATO; i media, forsvarskretser og også partipolitisk. De kritiske røstene styrket seg også da nederlaget for Taliban i Afghanistan var et faktum og «Vesten» rømte landet etter 20 års krigføring. Etter Russlands invasjon har oppslutningen om NATO styrket
    seg, men vi tror allikevel at kritikken av nedbyggingen av det norske forsvaret fortsatt er sterk og bred. For oss i Rødt henger dette sammen – NATO-medlemskapet styrer norsk
    forsvarspolitikk, det er ikke omvendt. Skal vi kunne bygge opp et selvstendig forsvar og avslutte deltakelsen i amerikanske krigstokt verden over, må vi ut av NATO.»

  2. thorleifb's avatar thorleifb seier:

    Keep up the good work, Ivar:-)

  3. ROGER's avatar ROGER seier:

    Kjernen er at NATO ikke er en fredsorganisasjon, men en organisjon for å sikre økonomien.
    Særlig når kvinnene kom ut i produksjonen i USA da krigen nesten var slutt og en måtte ha kriger for å holde «krigsproduksjonen» i gang.

    Da MÅ EN OG HA et fiendebilde, samtidig som en krevde, at nærmest all olje skal kjøpes via Dollar , slik at underskuddet i USA, bare kan vokse uten problemer.
    Alt dette er i ferd med å endres ved samarbeidet Russland, Kina, India, Sør Afrika, Brasil , osv, osv.

    To håp står fram i verden.
    En fortsatt radikalisering av arbeiderklassen i Frankrike og en oppvåkning av arbeiderklassen i England. Og, en kvinnefrigjøring i Saudi Arabia og Iran.

    En vanske eksisterer i vårt land, et av verdens rikeste land. Det at de to nordligste fylkene ikke har flere el jernbaner til Sverige og Finland.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.