Dikt: Det er sonen min

Krig & Tragedie III, Olje på lerret, 1996, Ivar Tveito Jørdre

Det er sonen min

———————-

Han står der i døra

Profesjonelle er dei vel?

tenkjer mora

Han skal ut i krigen

———————–

Eg forlater deg ikkje mor

eg kjem attende

Kvar skal du slåss?

————————

I ein meiningslaus krig

Kva kjempar du for?

spør mora

Eg veit ikkje mor, svarar han

————————-

Du kan verte kanonføde

seier mora fortvila

Dei store maktene drep oss, ja

svarar sonen og går ut døra

—————————

Ivar Tveito Jørdre

Fyrst publisert i avisa Hordaland, 25. april 2023

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under dikt, Vår globale verd og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.