Poesi: Algoritmespiralen

Algoritmespiralen

Tenk deg om, tenk deg om

du diditale menneske

før det går rett utfor stupet

————–

Algoritmane er etter deg

dei spinn sitt kapitalistiske nett

kring deg som «den svarte enkje» 

gjer rundt sitt offer

—————

Algoritmane tenkjer ikkje

dei gjer berre det dei vert fortalt

av sine haukar i «high tec»

Dei tenkjer heller ikkje, på følgjene

—————

Algoritmene har ikkje kjensler

det har berre mennesket

men, ikkje alle brukar dei

når alltid pengar og gullkalven rår

—————–

Algoritmene har ingen anger

det har berre mennesket

men, ikkje alle brukar han

Dei mange lever i silikonverda si

——————

Algoritmane genererar pengar, mykje pengar

og alle andre er fanga, fanga, fanga

i det største nett av bortkasta tid

dette universet kjenner så langt

——————-

Ja, eg er moralist, politisk moralist

Kan «du» tenkje deg å vera like eins,

mot kapitalen sin amoral?

——————–

Ivar Tveito Jørdre, også politisk aktivist

(Fyrst publisert i avisa Hordaland, laurdag 18. februar 2023)

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under dikt, Politikk&Samfunn og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.