Dikt til undring: «Lykkeglans»

Klimagalgen, 60 x 85 cm, olje, 2021, Ivar Tveito Jørdre

LYKKEGLANS

Me driv og masar rundt

i dei grå-grøne glitrande

senter, forvitrande

Frå dei mentale katakomber

av kjøleg konsum på topp

stig me opp

Me stig fram med blanke auger

av materiell «lykkeglans»

utan stans

Kven er det me helsar til

med å stadig vera fangar 

i kremmarlange armar

Me kjempar med stor møye

desse slag, ofte i falske tonar

mot fristing og salsdemonar

Gje heller tryggleik og håp til 

din neste i solidaritetskap

enn masse tid og pengar til 

kapitaltrollet sitt store gap

Ivar T. Jørdre

Først publisert i avisa Hordaland, tysdag 3. januar 2023.

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under dikt, Politikk&Samfunn og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.