
Nokre tankar og litt håp frå eit av mine mange opphald på Java, Indonesia. I desse tunge tider med krig, miljø- og naturkriser, vanskelege levekår for mange rundt om, så passar desse betraktningane truleg betre enn nokon gong, etter mi meining. I alle fall ønskjer eg god lesing og godt nytt (håp) år 2023:
Ein kan samanlikne vår tid med eit tog, tenkte eg, som går på sine vel disponerte skinner, men stoppe på mange og ulike stasjonar for å hente nye menneske og idear. Toget måtte fyllast opp av den nye etterkapitalistiske tid, med passasjerane som dei styrande, der togføraren skal styre toget berre etter folket sin vilje. Ein reiser frå utgangsstasjonen der urett og undertrykking dominerer til ein ny stoppestad, det er ikkje endestasjonen bokstaveleg tala, men ein mellomstasjon på vegen mot sosialisme og kommunisme, der rettferdig fordeling og fellesskap er interiøret. Der samlar ein seg om felles strategiar og utvikling. Ein reiser frå ein kapitalisme med sine stadige attendevendande krigar og kriser, ein hata situasjon, til ei verd der folk kan leve eit rikt liv med andre verdiar enn konkurranse, gjeld og utbytting. For ei verd det kan verte, tenkte eg. Måtte menneska berre få det til. Det ligg i håpet som er i Pandora si krukke som er det me har att..etter at Pandora frå den greske mytologi som hemn mot gudane som hadde forrådt ho, slepte ut all elende til menneska. Berre HÅPET vart att i krukka.
Neste dag stod eg tidleg opp i lag med tropesola. Ein frisk frukost med nysteikte pannekaker med tropesirup og ferske fruktslag i fint tilkutta bitar. Ein flott start på dagen. Men det var noko som ikkje stemte. Kva det var visste eg ikkje. Eg grubla litt på det, det kunne vera ein heilt vanleg dag, men med depresjon. Men det var det ikkje! Det var heller om ein annan depresjon eg hadde i tankane og ikkje fann ord på. Depresjon frå vår tid og det økonomiske ingenstad-landet som mange smakar no. Og det er arbeidarklassen som er midt i syklonen sitt auge. Ein teoretikar hevda at det var greitt nok å diskutera den store depresjonen sine årsaker, men at diskusjonen ikkje kan frigjerast frå drøftinga av arbeidarklassen sin stilling midt oppe i den. Men, tenkte eg, likevel er det eit nært samband mellom dei to. Om det er slik det vert hevda, nemleg at depresjonane skuldast spekulasjonar og manglande kontroll med finanskapital, så kan arbeidarklassen ikkje spele ei stor rolle i oppbygginga av ei ny verd. Forstår ein det slik. er dei avgjerande kreftene i oppbygging eller nedriving av kapitalismen, å finne andre stader. Men er dei verkeleg det? Nokon meiner det held seg annleis. Dei meiner at pengekapitalen rett og slett er produkt eller derivat blant kjennarar, av verdiar skapt i produksjonen. Sirkulerer desse verdiane i fellesskap på ein marknad og erstattar kvarandre, vert investert og handla for, så skuldast dette at det går attende på ein felles materiell substans. Denne substans er det menneskelege arbeid og kan ikkje vera noko anna. I følgje denne tankegangen, er pengemengda i eit samfunn bunde til mengda av materielt arbeid. Då vert samstundes arbeidarklassen den kraft som alltid står i spissen for det viktigaste politiske arbeidet. Dette skriv Marx også om i Kapitalen under Arbeidet sin verdi. Er det derimot slik at økonomien kan generera pengar og verdiar frå andre stader enn den materielle produksjonen, vert arbeidarklassen sin posisjon meir likegyldig. Det finns då eigentleg ikkje nokon god grunn til å kalle seg sosialist eller til å prioritera arbeidarklassen sine interesser i politisk arbeid. Ein viktig diskusjon, og eg grunna meir på korleis det kunne ha seg at ein ikkje kunne kalle seg sosialist på desse sistnemnde premissane. Éin tanke sveiv meg at då hadde andre økonomiske generatorar, som børsane og spekulantar, innverknaden og kunne drive arbeidarklassen ut, men ein sosialist kunne ein vera om desse ikkje-produktive kreftene vart brotne ned. Først då kan prosessen mot eit sosialistisk samfunn byrje.
Vegen ut av krisa, er noko nesten alle snakkar om i ei stor økonomisk og klimatisk krise. Spørsmålet er kven som snakkar om det? Folka i gata snakkar sjølvsagt om det, og ikkje utan grunn. Det er dei som må betale for krisa, gjennom tapt arbeid, auka skattar og meir fattigdom. Og så er det dei som snakkar om vegen ut av krisa, som høyrer til den vesle eliten og er skuld i elendet sjølv. Dei driter i folket! Ingenting er viktigare enn å fornye tilliten til marknaden som det heiter der i garden. Marknaden er det mest heilage ein kapitalist kan tenkje seg, han er deira gud. Vegen ut av krisa er for dei å rehabilitere denne veldig så abstrakte såkalla usynlege handa som heiter marknaden. Får dei det til vert dei så lukkelege at sjampanje og honorar skyter til himmels, til mammon sin himmel, smilte eg sarkastisk. Eg trilla ut i tropesola og såg meg ikring på den kaotiske trafikken, gateseljarane, sykkeldrosjene og alt anna som gjekk føre seg i dette tropiske gatesirkuset. Er dette slik folk her i Jogja vil ha det, meir av dette, meir sirkus, meir kapitalisme? Kva tenkjer desse indonesarane mens dei rasar forbi meg på sine tusenvis av støyande motorsyklar og dei som har råd til nye bilar dyre i drift? Produksjonen av desse motorsyklane og alle andre typar av industrivarer har kome til eit vegskilje, til overproduksjonen. Dette fører til at kapitalistane har trong for store justeringar, til å nedskrive og destruera denne materielle kapitalen, og samstundes for å degradere både produksjonskapasitet og arbeidskrafta si kvalitet. Ein kan difor realistisk snakke om lang tid, om ein tjue års nedgang. Dette er den tid det tek å slite ned kapitalutstyret reint fysisk. Marx skreiv om dette allereie i si skildring av kapitalen si historiske fødsel på 1500-talet. Her skriv han at denne produksjonsforma alltid vil prøve å kutte svingane, Med politiske midlar forsøker dei å korte ned dei periodar som trugar med å utsetje kapitalismen sine blomstringsfasar. Som før og i vår tid kan dette tyde at krig fristar, for å få produksjonsutstyret raskare nedskrive. Ettersom alle veit kva dette kan tyde, må det setjast mykje inn på å oppretthalde og styrke arbeidarklassen sin internasjonale solidaritet. Samstundes må ein vera realistisk når det gjeld å analysere skilnaden mellom dei kapitalistiske formene på verdsmarknaden.
Eg måtte trekke pusten litt i filosoferingane mine. Litt drikke hadde gjort seg. Eg såg meg rundt i gatebiletet, og riktig, der var ein med ei tralle som hadde kokosmjølk og isbitar. Eg tok meg eit forfriskande glas, ja, eg tok eitt til. Sette meg ved ein stein i vegkanten og kom i tankar om problemstillingane rundt arbeidarklassen og dei kapitalistiske formene på verdsmarknaden. Proteksjonismen er ein ting som ikkje tyder på at kapitalen er globalisert på nokon nemneverdig måte. Heller det at kapitalistklassane bind seg desperat til det dei har. Dette gjer det klart at ein kvar arbeidarklasse må ta seg av sin eigen kapitalistmotstandar lokalt. Men også her må ein ha fleire tankar i hovudet. For samstundes må arbeidarklassen vere våken med omsyn til å utnytte dei faktiske fordelane proteksjonismen kan gje arbeidarklassen på kortare sikt. Kapitalismen sitt statsgjeldssystem har i Europa kollapsa og har svekka den rådande antidemokratiske statsforma. Marx skreiv at dette gjeldsystemet var ei hovudkraft ved produksjonsmåten i Europa allereie frå 1500-talet.
Eit godt døme på at proteksjonismen eit stykke på veg svekkar kapitalen sin stilling i høve til arbeidarklassen, er den nye ordninga med eksportfinansiering. Dette er ting statar har kjent seg tvinga til. Dette har vore med å redde arbeidsplassar, men viktig her er at dei er kapitalistiske. Slike tiltak bidreg til å regulera ein internasjonal konkurranse som har vore prega av mafialiknande kinesisk og elles asiatisk kapital. Dette kan vera eit av mange teikn på at dei nye halvkapitalistiske herskarklassane, som alle står på leirføter, og vil vera mellom dei første som vil falle grunna depresjonen. Ramlar desse klassane vil det vera ei positiv tyding for arbeidarklassane i Asia og elles. Ein slik utvikling er truleg på gang og ei slik bossrydding har ikkje eg noko i mot!
Arbeidarklassen sine moglegheiter i depresjonen ligg i det politiske. Difor har det stor viktigheit at arbeidarklassen sin største motstandar, den kapitalistiske klasse organisert som stat, er meir svekka enn nokon gong sidan 1920-åra. Sjølv om det er viktig ikkje å undervurdera motstandaren, er det klart at når arbeidarklassen klarer å hevde seg sjølvstendig, treng han ikkje lenger vera redd for borgarskapet reint politisk. Det kanskje einaste botemidlet mot depresjonen er at arbeidarklassen vert klar over sin eigen styrke. Og brukar han! Det som kapitalen prøver på, det å korte ned historia sine svingar, det kan nemleg arbeidarklassen gjere mykje meir effektivt og definitivt ved å sosialisera produksjonsmidlane og kaste den kapitalistiske produksjonsmåten ein gong for alle, på kapitalismen sin skraphaug. For å få til dette må mykje meir informasjon, kursverksemd, sosialistiske studiar, ut til folk. Like viktig er det å få meir tilgang til grunnplanen i fagrørslene, og unngå pampane i same rørsle. I alt dette tenkte eg, må arbeidarklassen og bruke dei sokalla ulovlege aksjonsformer, dei må lære kva som er gode og lure ulovlege verkemidlar og kva som ikkje er det. Trua på seg sjølv som politisk kraft er sentralt og må ikkje undervurderast. Mykje av tidlegare krav har vore å kreve førebels endringar i form av nasjonaliseringar av bank- og kredittvesen. Noko som kan inspirera arbeidarklassen er å reisa på nytt kravet som var på britiske verft i 1970-åra. Nemleg kravet om nasjonalisering under arbeidarkontroll. For å få dette inn i folk si medvit er det viktig å få ei kjensle av att felles kamp gjev resultat.
Noko veldig sentralt, tenkte eg, er tanken om at den revolusjonære rørsla ikkje kan utgå frå noko anna enn ein medviten arbeidarklasse. Ein må her passe seg for at uavhengig av kor sterkt arbeidarklassen står frå tid til annan, ikkje prioritetar såkalla spontane rørsler slik som ”okkupering av alt-rørslene”. Sjølvsagt kan det vera nyttig med liberal motstand på kort sikt, men kan virke demoraliserande når motstanden bryt saman. Noko som tyder at ein må vera open for taktiske attendeskritt i den hensikt å prioritera at arbeidarklassen sitt anti borgarlege medvit vert halde oppe. Ein god og positiv tanke, men om dette er god logikk, må reformkrava vera realistiske, og sjølvsagt er dei det, tenkte eg. Ingenting er umogeleg når sosialistiske rørsler står overfor ein handlingslamma kapitalisme. Noko ein med rette kan hevde går føre seg her og no, altså handlingslamming i herskarklassane. Det er berre å gjere som Lenin ei gong skreiv: Makta låg på gata. Det var berre å plukke ho opp. Den illusjonen ein må verte kvitt, om han finns, er å tru at ein er langt vekke frå ”makta i gata”. Det er ein ikkje. Ta sjansen, ta ho opp, sa eg høgt til meg sjølv. Medan trafikken rasa rundt meg, såg eg med eitt at det er rett: Makta låg i gata, om enn litt i uorden, men likefullt, ho ligg der framfor oss. Ho måtte berre brukast!
Så sette eg rullestolen i «høggir» og rasa mot soloppgongen, og borte vart eg.
Ivar Tveito Jørdre
Godt, rødt år!