Arbeidardikt – Til kampen!

Arbeidarklassen, oljemåleri (60×70 cm), 2010, Ivar Tveito Jørdre

Arbeidaren

Arbeidaren hevar sine armar

i fortviling opp mot grå-svart sky

Ho ser sine røter no rivast sund

Men tenkjer: Kjemp, kjemp, på ny!

——————————–

Til kamp med arbeidarstolte rop

hevar ho og dei andre si røyst

Krev dine rettar og stolt er det folk

som kjem over den allmenne trøyst

———————————-

Lenge har kapitalen halde oss nede

Det er nok no, me vil ikkje leva som trell

Frå brunsvidde marker me reiser oss opp

Vidare menneske, vidare, heilt til makta fell

————————————

Mot eliten sitt tomme rom, jallar me ut:

Søster og bror står saman i legselens vår

Me vil drive dykk grådige frå skanse til stup

Lat oss stå skansen ut, til fridom me får

————————————-

Frå universet sin store sal jagar me resolutt ut:

Desse griske fargelause økonomiske gribbar

Me driv til vanvit deira huglause pengeskallar

Tida er no tragisk kort, før dei oss Jorda ribbar

—————————————

Men, denne traurige pandemi av finans og gull

skal drivast ut frå deira vernande mørke bol 

På endelause sletter av fridom, der fuglen er fri

kan atter dei dunkle skuggar sløkjast med vår «sol»!

Ivar Tveito Jørdre

(Først publisert i avisa Hordaland, 6. desember 2022)

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kapitalisme, kommunisme, Kvinne- og jentekamp, Vår globale verd og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to Arbeidardikt – Til kampen!

  1. thorleifb's avatar thorleifb seier:

    Rudolf Nilsen av i dag?:-)

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.