Antikrigsdikt

Krig & Tragedie I, Akryl, 65×95 cm, 1996, Ivar Jørdre

Bak idyllen

–

Bak dei tildekte løgnene

innanfor alle dørene

lever den arrogante makt

Dei militæres tunge ord

sleng dei i folkets ansikt

–

I all opprustninga

bortanfor all fornuft

dreg dei våpna fram

utan omsyn til
menneskeverdet ikring

–

Bak idyllen og falsk fred

ligg råtne tankar
om mørke fiendar

Folket må reise fanen

mot denne råskap

–

Trugsmålet om krig

og kjernevåpen handla

med profitt i grådige hender

er fiendar av sjølve livet

Stopp det med fredens kraft

Stopp det med folkeleg makt

–

Ivar Tveito Jørdre

Først publisert i avisa Hordaland, 20. juli 2022

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under nedrustning, Politikk&Samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to Antikrigsdikt

  1. RALF STAHLKE's avatar RALF STAHLKE seier:

    Meget bra, Helt enig. Ralf

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.