Bok: «Tidlaus er du» – Dikt om ei mor

Foto: Privat

Denne vesle diktboka har eg nyleg gove ut på eige forlag. Fleire bøker kan kome i åra som kjem. Boka har dikt tileigna alle mødre og mor mi, skreve dei siste 5 åra. Eg har også med eigne teikningar i boka, som er av mor mi når ho levde. Det er ei bok med dikt tilknyta mor mi på eit eller anna vis, men som skreve, er det like fullt også ei hyllest til alle mødre. Ho kan med andre ord passe for ei kvar si mor.

Boka er no i sal i Norli sentrum bokhandel og snart også hjå Ark Beyer bokhandel i Bergen.

Foto: Privat

Eitt av dikta:

Den tomme stolen

Det står ein tom stol

her på verandaen

Der kunne du ha såte, mor

Du kunne ha såte der og smilt

om noko me nettopp hadde sagt

Noko morosamt

Du kunne ha såte der og fortalt

om ungdomens og krigens dagar

Det gjorde du ofte

Du kunne ha såte der og hardnakka

påstå noko me ikkje var einige om

Me gav oss begge, til slutt

Du kunne ha reist deg opp og ga inn,

hente ein kopp kaffi og sei:

«Han e visst litt billigare no, kaffien»

Du kunne ha kome ut att på verandaen

mens du sa: «Det e felt me denna bombingje»

Eg såg raskt på deg og nikka.

Du kunne ha såte der ei lita stund til

før sommarkvelden vart noko kjølegare

«Ein lyt vel leggja seg snart, veit eg», sa du

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Bøker og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Bok: «Tidlaus er du» – Dikt om ei mor

  1. Roger's avatar Roger seier:

    Flott Ivar !
    Snakket med en annen kamerat jeg har, som og liker og skrive og jeg foreslo et kurs på Skrivekunstakademiet. Alle trenger jo «påfyll» av gode ideer for formuleringer om skriving etc.
    Han ville ikke enda og dumt er det da han nok og hadde fått en fot i ræven og skrevet mer. mer mer. Og slik lært mer og utviklet mer og utfordret den viktige politiske skrivingen av MANGE.
    Vi som har et skrivekunsakademi, burde selvsagt bruke det.
    De har mange !!! typer kurs og som du vet i våre yrker trenger en i det minste å møte andre som en kan bli kjent med for og faglige diskusjoner. Noen kurs er bare for en dag !
    ALTSÅ
    Lykke til.!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
    Dikt og tegninger er helt topp og du burde og tegne til alt du har skrevet.
    Dette og siden få skrivere tegner.
    Korte det voldsomt ned det du har skrevet til f.eks bare to sider og laget en tegning til teksten……
    ALTSÅ lykke til min venn !!
    Vi snakkast.
    Roger

  2. Tone Krogh's avatar Tone Krogh seier:

    Nydelig

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.