Raudt fordømmer angrepskrig, uavhengig av kven som står bak
Natos krigføring har forringa folkeretten. Dette nyttar Putin seg av no.
- Magne HagesæterBystyrerepresentant for Rødt Bergen
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Elias Eide frå Høgre hevdar 22. februar at det er stille frå venstresida om Nato i samband med Russlands opptrapping til krigen i Ukraina.
Eide har ikkje fått med seg at Raudt eintydig har fordømt Russlands framferd i dagane før angrepet, noko vi òg har gjort etter angrepet natt til 24. februar. Og i motsetning til Høgre, stemte vi for SV sitt forslag i bystyret i Bergen 23. februar som fordømte Russland.
Raudt fordømmer all angrepskrig om det er Russland, USA eller andre som står bak. Det same kan ikkje seiast om dei andre partia.
Raudt har òg kritisert USA som flyttar militære styrker stadig lenger inn mot Russland sine grenser, inkludert i Noreg, og på denne måten aukar konfliktnivået.
Natos krigføring har uthola folkeretten og skapt presedens for å krenke andre lands grenser. Dette nyttar Putin seg av no. Denne samanhengen endrar ikkje at Russland har det fulle ansvaret for åtaket.
Eide påstår at Nato har sikra fred i Noreg dei siste 70 åra, men eg kan opplyse om at det også har vore fred i Sverige og Finland i dette tidsrommet. Vårt alternativ til Nato er å bygge opp ein nordisk forsvarsallianse.
Medlemskapen i stormaktsalliansen Nato inneber å rette forsvarsbudsjettet inn mot å angripe land langt unna, ikkje til forsvar.
Medlemskapen skal beskytte oss fordi vi samstundes pliktar å delta i operasjonar som bombing av Libya i 2011. Dette er verken bra for vår eigen eller verdas tryggleik.
publisert: 1. mars 2022 – bt.no