Makta er ikkje hjå tre parti – Ho er hjå folket
Dei tre største partia, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre kranglar om kven som er best i distrikta. For ei krangling! Høgre snakkar mest om byar og sentralisering og Senterpartiet snakkar mest om distrikta og AP snakkar om alt og ingenting. Ingen av desse tre partia har truverdige løysingar. Høgre har i regjering stått for dei mest omgripande og udemokratiske kommune- og fylkessamanslåingar i kjent minne. Når dei så har fenge banka gjennom mange (nokon var frivillige gjennom folkevilje) av samanslåingane, med tvang, og lova sjenerøse pengeoverføringar, så kjem «smalhans» i staden. Kommunar og fylker vert strippa for pengar. Det er eit gigantisk ran som hender. Og likevel talar Høgre om levande distrikt. At dei vågar! No vil dei blå-blå og Frp ha eit tak på eigedomsskatten også. Endå meir stripping av kommunane. Dei er ikkje sanne!
Senterpartiet snakkar mykje om distrikta, for mykje til å vera truverdige. Reversering av dei udemokratiske kommune- og fylkessamanslåingane er Raudt absolutt einig i. Men, når det gjeld statleg eigarskap i distrikta som industri, fiskeri eller landbruk er dei mindre snakkesalige om reguleringar. Sp vil ikkje byrje å trappe ned oljeproduksjonen i Noreg. Raudt vil redusera utvinninga av olje- og gass med 90 prosent innan 2030. Alle «dei tre» vil ikkje stanse oljeleiting av nye felt heller.
Tannhelsereform og heilt offentleg dreve gratis tannhelse til slutt, er ein av dei viktigaste sakene for Raudt. Nyleg var det oppe i Stortinget som sak fremja av Raudt og SV. Men, trur du ikkje Senterpartiet og AP i lag med Høgre og dei andre borgarlege partia stemte mot. Fint har dei tala om kor viktig ei tannhelsereform er, men når det kom til avstemming då bakka dei ut.Raudt vil ha profittfri velferd: Velferdstenester skal drivast av kommunen eller non-profit private org. Ap vil ikkje svare tydeleg på om dei ønskjer profittfri velferd eller ikkje. Heller ikkje Senterpartiet er klare nok i å seie nei til å privatisera og konkurranseutsette velferdstenester. Dei er ganske uklare her. Høgre vil prøve så godt dei kan å privatisera mykje meir til kommersielle aktørar.
Raudt sa nei til regjeringa si innstramming av sjølvbestemt abort i juni 2019 (flerlingabort). Senterpartiet støtta regjeringa sitt framlegg. Dei vil ikkje utvide aborttida eller fjerne abortnemdene, noko AP eller Høgre heller ikkje vil.
Raudt ønskjer ei mykje meir rettvis skattepolitikk, m.a. ein nyskatt på arv med botnfrådrag på 5 millionar kroner. Arbeidetpartiet støtta å fjerne arveavgifta i Stortinget. Det same gjorde SP og Høgre. Heller ikkje auka formugeskatt, særleg på store formuger vil «dei tre» ha. Sp vil i staden fortsetje å kutte i formugeskatten, både på botnnfrådrag og «arbeidande kapital». Noko sjølvsagt også Høgre vil, av heile sitt «blåe hjarta». Raudt vil absolutt skattelegge dei aller rikaste meir, for å fordela makt og finansiera felles velferd for alle. Høgre gjev milliardar i skattekutt til dei aller rikaste. Og vil halde fram med det om dei vert ved makta.
Når det gjeld tryggleikspolitikk vil eg hevde at Raudt er i ei særstilling, og ikkje minst i høve desse tre partia eg her samanliknar med Raudt. Sp vil servilt følgje NATOskrav om å bruke 2 prosent av BNP på forsvar. Raudt vil t.d. heller droppe å bruke over 200 milliardar kroner på dei usanske angrepsflya F-35, for å frigjera midlar til sivilforsvar og fredskapande arbeid. Raudt er eit konsekvent fredsparti. Alle dei tre partia omtala her vil ha meir av det same gamle: Styrke NATO, så mange store militærøvingar som råd er, spenningsdrivande militarisme, fiendeskaping av Russland og Kina. Raudt er ikkje for noko av denne verdsrivaliseringa, som er farleg konfliktdrivande, og støttar ingen av desse «verdsmaktene», men vil ha eit samarbeidande globalt tilhøve der fredsskapande institusjonar gjennom FN vert det sentrale. Berre slik vil komande generasjonar kunne arbeide for ei fredsjord og ikkje ei krigsjord!
Ivar Jørdre, leiar i Raudt Bergen Vest og stortingskandidat Raudt Hordaland
Siri Tuft Lundemoen, nestleiar i Raudt Bergen Vest
Fyrst publisert i avisa Hordaland, 24. juni 2021
Detta var GLASSklårt !!! Gratulerer 🎈🐙