«Eg er så lei Nato!»

Å ha oppfatningar om Nato kan krevje mykje overskot og tankeresursar. Spesielt om ein er motstandar eller er kritisk til alliansen. Overskot til å stå i mot all motstand og til og med ukvemsord ein som er motstandar møter. Tankeresursar til heile tida å  kome opp med endå betre argument og fakta enn det ein hadde før. Ikkje desto mindre er det viktig med sakleg og faktabasert diskusjon om Nato, om kva alliansen er for noko i dag i høve tidlegare, kva er konsekvensane av Nato og kva er interessene bak, ikkje minst.

Det er ein kjensgjerning at mange i Noreg anten ikkje veit nok eller ikkje er interessert i fenomenet Nato. Undersøkingar finns, men ikkje mange, om kva folkeopponionen meinar om Nato (kjelde). Det er pr. i dag fleirtal for norsk medlemskap, men slikt kan endre seg. Avhengig av fleire ting: Tidene endrar seg, spenningsnivået i verda, bruken av pengar, skandalar, nye fakta kjem fram, m.m. Ein ting er truleg sikkert, det kan ta lang tid før Noreg er ute av alliansen og at alliansen vert nedlagt i det heile. Difor er det viktig sett ut frå eit nedrustings-, avspennings- miljø- og økonomisk perspektiv å heile tida drive informasjonen og motstanden framover. Når ein høyrer generalsekreteren i Nato, Nato-politikarar og andre stadig hevde at nettopp Nato er fredsskapande og er viktig for såkalla stabilitet i verda, ja, då bør ein stoppe opp og spørje nokre viktige ting:

KVEN VIL AT ME SKAL TRU DETTE? KVA ER INTERESSENE BAK OG KVIFOR?

Dei som vil dette er m.a. det militær-industrielle kompleks der store økonomiske interesser er det sentrale i kollaborering med styresmakter. Kvifor? Fordi den kapitalistiske vestlege verda (i dette høvet) vil ha verdshegemoniet inntakt. Store imperialistmakter konkurrerar om dette hegemoniet. Difor vert Russland og no under Nato-toppmøtet i Brussel vert spesielt Kina trekt fram som hovudtrugsmålet. Slik opprethaldast og styrkast eit fiendebilete der no t.d. Kina ikkje må verte makt nummer 1 i verda, men trengs å haldast nede. Diverre er våre store mediar med på dette spelet og er med på å tåkelegge eller forherleggjera, som ein t.d. ofte høyrer og leser om Nato-medlemskapet og «vår» trong for å forsvare oss mot «dei andre».

Denne forherlinga av Nato m.a. av Nrk-redaksjonar er eg så lei. Aldri noko gode kritiske spørsmål, alltid denne kosepraten, eller denne uroa over «våre fiendar», ingen utfordrande spørsmål til Nato sin generalsekretær. slik som i Dagsnytt 18, eller i Drivkraft. Det er frustrerande å vera vitne til denne journalistiske «skuggeboksinga». Kva med dette: Det er ein råten gamal løyndom. Men det er også ein av dei mest formidable nektingar hjå Den Atlantiske Alliansen: Atombomber er lagra– eit alvorlig brot på internasjonale lover – i Italia, Tyskland, Belgia, i Nederland og i Tyrkia. Kvifor dekkar ikkje norske media slikt?

USA har utplassert atombomber i desse fem NATO-landa. Dette har lenge vore kjent (spesielt av Federation of American Scientists- FAS). Men, tydelegvis ikkje av norsk media? Eit dokument kom på nettet ved ei tabbe av den kanadiske senatoren Joseph Day, på vegne av forsvars- og sikkerheitskomiteen i NATOs parlamentariske forsamling, og «løyndomen» vart avslørt. NATO prøvde fort å fjerne det, og deretter publisera det i en annen versjon. Men det var for seint. Nokre nettstader (framfor alt i det belgiske De Morgen) hadde allereie publisert den komplette original-versjonen. 

Eg er så lei det såkalla «Nye Nato» som vil vera meir globalt retta. Som skal engasjera seg meir i strategiar mot Kina. Som skal vera den reiskapen som me skal tru på «må» verna verdas «demokrati» mot dei andre. Mot Russland, mot Kina. Eg er så lei av å høyre om kvar gong det er Nato toppmøte i Brussel skal eit par tusen politifolk stenge av heile byen for å verne om ein militaristisk elite. Ein elite som gjer veda meir utrykk, dei seier det motsette. Ein elite som vil ha meir og meir av medlemslanda sine pengar og der Nato-sjefen tek til orde for eit Nato med meir samarbeid, større budsjett og endra byrdefordeling. Ein elite som er ein del av det militære klimarekneskapet i verda som er rekna til omlag 5 prosent av verdas CO2 utslepp. Her ikkje medrekna utsleppa frå krig og konflikt.

Eg er så lei meg for at folk verda over ikkje protesterar mot militærbruk i staden for kamp mot fattigdomen. Og at me i Nato-landa ikkje klarar å mobilisera til kjempeprotestar mot våre styresmakter med krav om å bremse den vanvittige rustningsspiralen me er med i som følgje av NATO sitt påbod om auking av militærbudsjetta til to prosent av BNP og krav om å fjerne subsidiane til militærindustrien og konvertera den til sivil og miljøretta industri. Eg er så lei alt dette og mykje meir, men håpar verdas unge også er «dritlei» og vil organisera seg i stort monn til protest mot dei gamle tankane og for noko nytt og medmenneskeleg. Dette meinar eg er vårt beste håp!

Ivar Jørdre

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kapitalisme, nedrustning, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.