Denne gongen varte krigføringa i Gaza 11 dagar, men med store omkostningar i liv og materielle øydeleggingar. 250 menneske er drepne, 238 palestinarar der 61 er born, og 12 israelarar der 2 er born. Våpenkvile vart inngått natt til 21. mai. Som før i desse stridsutbrota er det den okkuperte som vert overkøyrt av okkupanten militært sett. Som lesarane håpnadsfullt kan forstå av det semantiske «okkupert og okkupant», så er ikkje dette og har aldri vore likestilte partar. Det syner desse utbrota og det syner kvardagslivet til kvar og ein palestinar på Vestbreidda eller på Gaza. Så tek denne håplausheita og frustrasjonen over å «aldri» reelt sjå sin eigen stat kome til live, fyr med jamne mellomrom. Kvar einaste gong noko kanskje tyder på det motsette hender det noko som nok ei gong set stoppar for draumen. Den nye generasjon ser ingen framtid og daglege trakaseringar og utkastingar frå sine heimar slik som no i nabolaget Sheikh Jarrah like ved Jerusalems gamleby i israelsk-annekterte Øst-Jerusalem, tenner sjølvsagt sinnet endå meir. I tillegg denne gongen storma israelske opprørspoliti Haram al.-Sharif (Tempelhøgda) i Jerusalem 10. mai. Hundrevis vart skadde i samanstøyt mellom israelsk politi og palestinske demonstrantar på plassen ved Al-Aqsa-moskeen i Jerusalem, meldte Røde Halvmåne. Reine provokasjonar dette og planlagt, tenkjer eg, for å få oppmerksamheita vekk frå dei politiske vanskane den israelske statsminister er i for tida, med fleire anklagar om korrupsjon og fare for å verte kasta hengane over seg. Dette tente fyr i heile «greia» både i Gaza og inne i Israel. Rakettane kom over til Israel og med lenger rekkevidde enn før. Det israelske militære IDF svarte med bomberegn i 11 dagar og Hamas skaut om lag 4000 rakettar, dei fleste teke ned av rakettskjoldet, men mange fleire enn tidlegare kom forbi og skapte frykt i fleire israelske byar, inkl. Tel Aviv. Så gjekk dette helvete sin gong endå ei gong.
Nedanfor har eg blogga på nytt det eg skreiv om Gaza-krigføringa sommaren 2014. Det er skremmande å sjå at det er omtrent som å lesa om det som no gjekk føre seg, og omvendt. Same uproporsjonale israelske krigføringa, same statsterror type metodar og same haldninga i Washington. Som under Obama den gongen så også under Biden no: «Me støttar Israel og støttar deira rett til å forsvare seg og let dei gjere arbeidet sitt ferdig, før me ringjer dei og krev våpenkvile. Slik gjer me det». Les innlegget nedafor og ikkje la deg overraske over likskapen. Før dei reelle tilhøva mellom okkupert og okkupant vert løyst av det internasjonale samfunnet (les: USA og EU) SÅ VERT DET TRULEG NYE TRAGISKE HENDINGAR AV RÅ MAKT, GJORT AV EI ATOMMAKT MOT EIT FOLK UTAN LAND, på nytt. Men, eg håpar noko anna i det lengste. Det kjempar eg for heile tida saman med mine palestinske og norsk aktivistar!
Ivar Jørdre
No har krigføringa i Gaza heldt på i tre veker! Om lag kvart 2-4 år er helvetet laust på nytt. Israel bombar, skyt med artilleri frå sjøsida og sender sjokkgranatar inn i byane. Den siste veka har det israelske militære gått inn med bakkestyrkar. Ei kraftig eskalering av konflikta er i gang. Over 800 drepne og nærare 6000 skadde palestinarar, mange ungar og kvinner, er førebles resultatet av Israel sine åtak på Gaza. To israelske sivile er drepne og over 30 soldatar. Det som svar på Hamas sine rakettar, ifølge styresmaktene. Men dette er ikkje svar, dette er terrorisering, av eit heilt folk. Rakettane til Hamas er stort sett «heimelaga», men påstandar om innsmugla rakettar frå Libanon. Dei har ikkje tilgong på rakettar frå sørgrensa lenger etter at alle tunnelane dei kunne fraktast gjennom ved grensa til Egypt forlengst er øydelagde av militærregimet. Som oftast lagar ikkje desse sjølvlaga rakettar noko stor skade, men denne gongen rekk dei lenger inn i Israel enn før og skapar frykt som all våpenbruk gjer. Proporsjonane i det israelske militære sine reaksjonar er som vanleg i desse aksjonane. Dei angrip med slik kraft at ein skulle tru det var ei supermakt som gjekk til åtak på dei. Det er då også den største militærmakta i verda, USA, som mest har forsynt Israel med våpenarsenal av den mest moderne type sidan staten Israel vart oppretta i 1948. I den same perioden har palestinarane ikkje hatt nokon eigen stat og det som skulle vore deira land er stort sett okkupert og/eller kontrollert av Israel. Vestbreidda er ein «sveitsarost» med busettarkoloniar og økonomiske/tryggleikssonar i mellom det vesle som er att av palestinsk kontrollert land. Reine bantustan (omgrep for gettoar i Sør-Afrika)! Gaza er ikkje okkupert i teknisk forstand, men er kalla «verdas største fengsel» grunna den beinharde blokaden Israel utset dette miniområdet for.
Alt dette vil Vesten kalla likestilte partar i denne konflikta. At slik tilnærming til problemstillinga endå er gjeldande i 2014 er absurd! Ein høyrer alltid frå vestmaktene at no må begge partar tolma seg når spenningane på nytt aukar. No har det vorte ei palestinsk samlingsregjering dette året. Ikkje med direkte Hamas-politikarar, men med teknokratar saman med Fatah-folk. Dei håpa dei kunne samtale med israelarane, men NEI! Det hjelper ikkje kva palestinarane gjer i så måte. Israel vil ha okkupasjon, dei vil ha landområda i Palestina til eit ideologisk sionistisk Stor-Israel. Men vil folket i Israel dette? Mange vil ikkje det, dei vil ha fred, men uhorveleg mange bryr seg ikkje eller veit ikkje ei gong noko om grovheitene deira militære gjer ovanfor palestinarane.
Denne desperate situasjonen gjer at rakettar kjem inn i Israel no. Hamas vil late seg høyre, dei vil fortelje Israel at «me er her – føl oss». Sjølvsagt er ikkje dette måten å snakke med fienden på, men kva er att, tenkjer dei: «Ingenting, me har ikkje noko att å tape». Elles moderate palestinarar som trudde på dialog er blitt vantru og seier blokaden av Gaza har gått for langt, og at det er betre å verte drepen av bomber enn av langsam «kvelning». Trist, men slik er det!
Etter tre veker med israelsk bombing og Hamas-rakettar er det framleis ingen våpenkvile. Folket vil ha den harde blokaden av Gaza vekk, fritt til å handle med kven dei vil og fridom til å røre seg inn og ut av sitt eige område. Kven vil ikkje det? Men det vil ikkje okkupanten. Israel vil ha meir og meir av heile Palestina til sitt sionistiske Stor-Israel. I lengda går slikt sjølvsagt ikkje. Ingen klarar eller har klart å okkupera eit anna folk til «evig tid». Kanskje grev Israel seg endå meir inn i hjørnet av isolasjon. Ja, for det har auka dei siste åra og boikott, både økonomisk og akademisk, gjer seg meir og meir gjeldande frå verdssamfunnet si side. Slik apartheidstaten Sør-Afrika vart pressa til endringar gjennom sanksjonar må apartheidstaten Israel pressast til det same!
Røde Kors og Amnesty International kritiserar Israel for åtak på helsepersonell og sivilarbeidarar. To sjukehus har vorte bomba og ved Al-Aqsa-sjukehuset vart minst 5 pasientar drepne. Den store skilnaden mellom Gaza-krigen i 2009 og no er at alle sivile er potensielle målskiver for israelske åtak, seier den norskpalestinske legen Mohamed Abo Arab, som er i Shifa-sjukehuset for tida. Skal ein tru kjelder i Det gamle testamente med historiske hendingar som også er stadfesta av m.a. samtidige egyptiske skrifter, så liknar dagens måte å innta Gaza veldig på åtaka på byane Jeriko og Ai, fortalt i Josva si bok. Her for israelittane brutalt fram og skåna ingen når dei inntok desse byane. Samanlikninga er sjølvsagt ikkje lik, men er av historisk interesse i denne regionen i den forstand at dette er «historisk» tankegods som dagens sionistar ser til. Dette har historia tidvis mange døme på. Men når det er sagt så er det internasjonale traktatar som Geneve-konvensjonen det internasjonale samfunnet lyt måle Israel sine handlingar opp mot. Og ikkje gamle forteljingar i ei gamal religiøs bok.
Folket i Gaza vert av ultra-høgre israelske politikarar utan blygsel definert som terroristar. I denne konflikta kan dette illustrerast ved nokre brutale og umenneskelege døme: Den israelske parlamentarikaren Ayelet Shaked frå det ultra-nasjonalistiske Jewish Home party uttalar at palestinske mødre må drepast sidan dei føder «små slangar». Ho legg til at «dei er alle våre fiendar og deira blod burde vera på våre hender», til den israelske avisa Daily Sabah. Dette er det ein parlamentarikar som seier! Dette vert rekna for eit utsagn som oppmodar til folkemord. Ein rabbi er sitert på å ha sagt at «det er greitt å drepe palestinarar». Til tross for desse fascistiske haldningane er kontrastane store i Israel: Større protestar frå menneskerettsaktivistar går føre seg i Tel Aviv mot israelske militære overgrep i Gaza. Protestar går føre seg elles i verda også. Det er å håpe at dette aukar, og i den grad at sioniststaten skjønar at okkupasjonen lyt opphøyre og valdsbruken stanse. Men kor mange liv til går tapt før verdas politiske elite har vilje til å sanksjonera Israel for det dei gjer av brot på det meste av internasjonal folkerett?
Lenker:
Palestinske flyktninger – wikipedia.org
Det palestinske folk – wikipedia.org
Palestinas historie – wikipedia.org
Midtøsten-konflikten – snl.no
Oldtidens Palestina – snl.no
Palestina – snl.no


Palestinere raser mot mulige utkastelser i Jerusalem – får FN-støtte
NTB 7. mai 2021

Palestinere og israelsk politi i håndgemeng i Øst-Jerusalem. Foto: Mahmoud Illean / AP / NTB Foto: Mahmoud Illean / AP
Strid om eiendom og mulig utkastelse av palestinere setter sinnene i kok i Øst-Jerusalem. Et FN-byrå ber innstendig om at utkastelsene avblåses.
To kvelder på rad har det vært harde sammenstøt mellom israelsk politi og palestinske demonstranter i Jerusalem.
Striden har vart i flere år, også i rettsvesenet, og mandag skal saken avgjøres i høyesterett. På den ene siden er fire palestinske familier som risikerer å bli kastet ut av hjemmene sine, på den andre siden står israelske jøder som mener at palestinerne bor på eiendommer som tilhører dem.
Boligene ligger i nabolaget Sheikh Jarrah like ved Jerusalems gamleby i israelsk-annekterte Øst-Jerusalem.
Fredag ba en talsmann for FNs menneskerettskommissær, Rupert Colville, om at Israel avblåser alle tvangsutkastelser umiddelbart.
– Ulovlig konfiskering
– Vi ønsker å understreke at Øst-Jerusalem fortsatt er en del av okkupert palestinsk territorium der internasjonal humanitær rett gjelder, sa Colville på en pressekonferanse i Genève.
– Den okkuperende makt kan ikke konfiskere privat eiendom i okkupert område, sa han og føyde til at det i henhold til folkeretten er ulovlig å overføre sivilbefolkninger til okkupert territorium og at dette derfor kan utgjøre en krigsforbrytelse.
Rupert Colville ber også Israel respektere ytringsfriheten og friheten til å demonstrere, samt at myndighetene bruker så lite makt som mulig.
Tidligere i år kom en domstol i Jerusalem fram til at boligene tilhører jødiske familier. Retten viste til kjøp som ble gjort da hele det historiske Palestina, inkludert det som i dag er Israel, var under britisk styre.
Eide boligene før 1948
De jødiske saksøkerne hevdet at familiene deres mistet eiendommene under krigen som fulgte opprettelsen av staten Israel i 1948, en konflikt som også førte til at hundretusener av palestinere ble fordrevet fra sine hjem.
I henhold til israelsk lov kan jøder som kan bevise eierskap til boliger før 1948, få dem tilbake. Den samme retten gjelder ikke palestinere.
Palestinerne har på sin side lagt fram dokumentasjon på at de kjøpte eiendommene av jordanske myndigheter, som styrte Øst-Jerusalem fra 1948 til 1967.
Både onsdag og torsdag kveld brøt det ut harde sammenstøt mellom palestinske demonstranter og israelsk politi. Onsdag kveld ble 22 palestinere såret, ifølge Røde Halvmåne. Elleve personer ble pågrepet.Kraftige sammenstøt etter fredagsbønnen i PalestinaLES SAKEN
Natt til fredag ble 15 palestinere pågrepet etter at det ble kastet stein mot politi og kjøretøy i det aktuelle nabolaget.
Flere drept
Få timer etter kom meldingen om at to palestinere var drept på den okkuperte Vestbredden etter at de ifølge israelsk politi åpnet ild mot en israelsk kontrollpost nær Jenin. En tredje palestiner ble såret.
Det har vært flere voldsepisoder med dødelig utgang denne uken. En israelsk 19-åring ble drept og to andre såret da det ble skutt mot tilfeldige personer fra en bil på Vestbredden. Torsdag ble en mistenkt palestiner pågrepet i forbindelse med saken.
Onsdag kveld ble en 16 år gammel palestiner skutt og drept av israelske styrker i et sammenstøt ved byen Nablus på Vestbredden. Det ble kastet brannbomber mot soldatene, ifølge det israelske militæret.
Nekter å flytte
Blant innbyggerne i bydelen i Øst-Jerusalem er det sterke følelser i spill.
– Dette er palestinsk jord. Vi som innbyggere i nabolaget kan ikke godta at dette er deres jord, dette er vår jord, sier 77 år gamle Nabeel al-Kurd, en av dem som trues med å bli kastet ut.
Israelske Yehonatan Yosef beskylder på sin side palestinerne for å avvise ethvert kompromiss.
– Det er deres problem, sa han og gjør det klart at de jødiske familiene vil gjøre som de vil med eiendommene dersom høyesteretts kjennelse er i deres favør.
Også høyesterett har bedt partene om å inngå et kompromiss.
Ber Israel stoppe
FNs Midtøsten-utsending Tor Wennesland sier at utviklingen «i forbindelse med utkastelsen av palestinske familier i Sheikh Jarrah og andre nabolag i det okkuperte Øst-Jerusalem er bekymringsfull».
– Jeg oppfordrer Israel til å stanse rivingen av hus og utkastelsene i tråd med forpliktelsene i folkeretten, sier han.
Israel erobret Øst-Jerusalem sammen med resten av Vestbredden i 1967 og annekterte byen, noe som ikke er anerkjent av verdenssamfunnet.Israel frykter uro etter fredagsbønnen i JerusalemLES SAKEN
Israelsk politi stormet Haram al-Sharif i Jerusalem – hundrevis skadd
NTB10. mai 2021

Palestinere bærer vekk en skadd demonstrant gjennom i gamlebyen i Jerusalem. Foto: Oded Balilty / AP
Hundrevis er skadd i sammenstøt mellom israelsk politi og palestinske demonstranter på plassen ved Al-Aqsa-moskeen i Jerusalem, melder Røde Halvmåne.
Politiet stormet mandag morgen plassen som er kjent som både Haram al-Sharif og Tempelhøyden i Øst-Jerusalem. De avfyrte sjokkgranater og tåregass mot flere tusen palestinske demonstranter, hvorav noen landet inne i Al-Aqsa-moskeen.
Palestinerne svarte på sin side med å kaste stein, stoler og andre gjenstander mot politiet.
De skadde ble hentet i ambulanser, og om lag 50 personer er innlagt på sykehus, opplyser palestinske Røde Halvmåne. I tillegg skal mange palestinere være pågrepet.
Ifølge avisa Haaretz anslår politiet at rundt 8.000 palestinere har barrikadert seg på plassen for å hindre jøder som eventuelt forsøker å ta seg inn på området.
Politiet stanset mandag morgen om lag 150 jøder som var på vei til plassen, ifølge avisa.
(Saken fortsetter under bildet)

En skadd palestiner blir tatt hånd om av ambulansepersonell. Foto: Oded Balilty / AP
Nasjonalistisk marsj
Situasjonen i Jerusalem er nå mer anspent enn den har vært på flere år. De palestinske protestene i israelsk-annekterte Øst-Jerusalem har vart siden midten av forrige uke, og ser ikke ut til å avta. Mandag planlegger nasjonalistiske jøder en marsj gjennom palestinske boligstrøk, noe som er ventet å fyre ytterligere opp om konflikten.
Uroen har brutt ut i forbindelse med ramadan, en høytid som samler titusener av palestinere til bønn ved Al-Aqsa-moskeen på Haram al-Sharif.Jordan protesterer mot israelske overtramp i JerusalemLES SAKEN
Samtidig har det nærmet seg en avgjørelse i en betent eiendomstvist mellom jødiske bosettere og palestinske familier. Fire palestinske familier risikerer å bli kastet ut hvis bosetterne vinner fram, men søndag besluttet israelske myndigheter å utsette mandagens behandling i høyesterett.
Tidligere har bosetterne vunnet fram i en lavere rettsinstans.
Frykter fordrivelse
I forbindelse med ramadan har israelske myndigheter satt opp en rekke sperringer i gamlebyen, noe palestinerne har reagert sterkt på. De frykter at Israel forsøker å endre befolkningssammensetningen i det palestinsk-dominerte Øst-Jerusalem, som palestinerne ønsker som sin hovedstad, og som siden 1967 har vært okkupert og deretter annektert av Israel.
Politiet ga søndag grønt lys for marsjen som jødiske nasjonalister hvert år avholder i Øst-Jerusalem i forbindelse med Jerusalemdagen.
Dagen er til minne om at området ble erobret av Israel under seksdagerskrigen i 1967, og marsjen oppleves om svært provoserende av palestinerne som bor i området.
Søndag advarte en israelsk general myndighetene mot å la marsjen gå sin gang.
– Kruttønnen brenner og kan eksplodere når som helst, fastslo Amos Gilad.Sammenstøt mellom politi og palestinere i JerusalemLES SAKEN
Lenker:
Gaza–Israel conflict – Wikipedia
Atommakt – snl.no