Noreg må arbeide for ei sterk forbetring av tilhøve vårt til Russland og ikkje innretta alt for å oppfylle USAs og Natos behov.
- Ivar JørdreLagsleiar i Raudt Bergen Vest og stortingskandidat for Raudt Hordaland
Publisert Publisert 3. ma
DebattDette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Den sterkt auka militære aktiviteten frå USA og Nato i nordområda utgjer ein trugsel mot Noreg sin viktige og gode naboskap med Russland. Det er i Noreg si interesse å bygge ned dette spenningsdrivande tilhøvet og attopprette normale forbindelsar.
Det norske militærapparatet er i dag innretta for å oppfylle USAs og Natos behov, og mesteparten av militærbudsjettet på mange titals milliardar tenar difor ikkje Noreg sine interesser. Eg personleg føreslår, i tillegg til naudsynt styrkja diplomati, ein rundebordskonferanse for Norden og Russland.
Der kan landa genuint setje seg inn i kvarandre sine tankar og opplevingar av tinga si tilstand. For så rett og slett kome med avspenningstiltak og planar for ei framtidsretta avmilitarisering i Norden. USA og Nato må ha eigne møter med alle landa rett etterpå.LES OGSÅ
Norge ruster opp i nær allianse med USA: På kant med naboen
Om Noreg genuint vil vera ein fredsnasjon, må me utvikle alternative næringar til norsk våpenproduksjon og eksport – ikkje auka militariseringa i nordområda. Her må Noreg og Russland møtast. Overvaking og kontroll av dei norske havområda skal vera den sentrale oppgåva for sjø- og luftforsvaret, ikkje åttaksretta forsvar og vitjing av amerikanske bombefly, som no på Ørland Flystasjon.
Nord-Europas største marinebase ligg åtte kilometer utanfor Bergen sentrum. Der lastar reaktordrivne angrepsubåtar frå USA torpedoar. Ekspertar uavhengig av kvarandre seier at atomubåtane som kjem til Haakonsvern, «med stort sannsyn» har atomvåpen om bord, ifølgje Antikrigsinitiativet. Urovekkande og uakseptabelt, seier folk eg har spurt i Bergen om dette.
Spenningsdrivande politikk som dette er, må på dagsorden no. Me i Noreg må arbeide for ei sterk forbetring av tilhøve vårt til Russland. Dette gjeld i Nordområda og elles.
Ein aktiv og konkret politikk for avspenning og oppbygging av tillit, samarbeid og venskap må prege tilhøve vårt til Russland. Utgangspunktet skal vera «Naboar som vener, ikkje fiendar!»
publisert: 3. mai 2021, bt.no
DET FAMØSE KOMMENTARFELTET:
- Ivar Jørdre 5. mai: Takk til de som har kome med konstruktive kommentarar til innlegget. Det er oppløftande å sjå at fleire meiner som meg at det er på høg tid å tenkje annleis i høvet vårt til naboen i aust spesielt, og i høve avspenning og nedrusting generelt. Dette er viktigare arbeid enn nokon gong.
- Det som er meir føreseieleg av kommentarar er slengarar som «Hvor i nyhetsbildet har Lagsleiaren i Raudt Bergen Vest opphold seg de siste tyve årene – siden Putin tok makten i Russland?» Lagsleiaren var i dei siste 20 år og er framleis trygt planta i forståinga og analysa si verkelegheit. Med det meinast å følje nøye med på t.d. Putin og maktapparatet si utvikling i desse åra i meir og meir autokratisk retning. Og med Russland sitt nærområde som bakteppe og deira militære aggressivitet der. Spesielt Tsjetsjenia må her trekkast fram.
- Men, kva med å sjølve ha sove i timen og det skikkeleg, om de ikkje tek inn over dykk kva Vesten og spesielt USA har gjort geopolitisk i dei same 20 åra og meir? Om det trengs litt vaksenopplæring her så gjerne det: Dei siste 20-25 åra har USA i utstrakt grad nytta seg av såkalla «sivile operatørar» som innsatsstyrkar i invasjonane sine, der sivile er drepne. I tillegg har usanske soldatar drepe mange titals sivile. Usanske soldatar er drepne i tusenvis. Og påstandar om krigsbrot og operasjonar med juridisk tvilsamt grunnlag har etter kvart vorte grundigt dokumentert. Ein treng berre nemne Afghanistan 2001, Irak 2003 og Libya 2011, så veit de kva eg talar om. Resten får de finne ut meir av sjølve. Det vert heimeleksa dykkar til neste gong me «møtast» i kommentarfeltet att.
- Det som undra meg mest denne gonen, er at ikkje ei gong eit innlegg om freds- og tilnærmingsmøter kan tolererast som positivt av enkelte av dykk. Vil de aldri ha fred og alltid spenning og krig?
- Til sist: Det som er vanskeleg med det me i Vesten ofte meiner, er at me ser heilt bort frå historia med Nato/Vesten sine brot på sine lovnader om ikkje-ekspansjon austover. Gorbachev og Sovjetunionen vart i 1990, m.a. i møte med den tyske kansler Helmut Kohl, lova at Nato-ekspansjon austover ikkje var aktuell politikk. I Ukraina-konflikta er Ukraina sitt brot på sine eigne lovnader om utvida sjølvstyre i Dombas, Lehansk, osb. også eit faktum. Så ikkje minst no med den endra og meir krassare tilnærminga til Russland frå Biden-adm, og stadig mindre «demokratisk rom» i Russland, er fredsinitiativ viktigare enn nokon gong! Ivar Jørdre×00Svar
- Jan Rasmussenfor to dager siden Nei, Nord-Europas største marinebase ligg IKKE åtte kilometer utanfor Bergen sentrum. Den ligg 150km øst for Kirkenes i byen Severomorsk, hjemhavn for den Russiske nordflåde.Der lastar reaktordrivne angrepsubåtar frå Rusland torpedoar. Ekspertar uavhengig av kvarandre seier at atomubåtane såvel som de større overflateskip som kjem til Severomorsk, «med stort sannsyn» har atomvåpen om bord.Sterke vel fungerende militære allianser er den eneste grunn til at vi nu er inne i en av de lengste perioder uten krig i Sentral/Nord-Europas historie.Rapporter262Svar
- Steinar Arild Klockfor to dager siden Hvor i nyhetsbildet har Lagsleiaren i Raudt Bergen Vest opphold seg de siste tyve årene – siden Putin tok makten i Russland? Putin snakker ikke med noen, uten at det er spill for galleriet! Det tror jeg Tetjenere, Afghanere og Ukrainere, samt et utall av russiske borgere kan vitne om – for å ha nevnt noen!MvhRapporter104Svar
- Kjell Aasensvarte Steinar Arild Klock for to dager siden Sannsynligvis på samme sted som deg.Initiativet er interessant.Rapporter00Svar
- åge jansenfor to dager siden (redigert) Selvfølgelig er det bra og ha et så godt naboforhold som mulig , men det er ikke alltid det funker så godt ! Våre naboer i øst sin historie er vel ikke akkurat noe beroligene medisin ! Men for all del en prat over en kopp kaffe eller et glass cola , pleier som ofte til større forståelse, og ganger mer en det skader! Som du vet er ikke akkurat Russland noen pusekatt, med sin historie og dominans og vise til ! Det er viktig og ikke provosere, men det som er enda viktigere er og være med i et sterkt og oppegående Nato ,historien har vist at et samlett Nato er det beste ,selv om U.S.A. til tider mer opptrer som et verdenspoliti!Rapporter32Svar
- Nils Johnsensvarte åge jansen for to dager siden Hvem frigjorde Finnmark i 1944?Rapporter43Svar
- Jan H. Michelsenfor to dager siden (redigert) Ordtaket er «hold hodet kaldt, hjertet varmt og kruttet tørt». Den russiske nasjon og den jevne russer er absolutt ikke vestens fiender, men Putin er ingen venn. Han er en mektig leder av et antidemokratisk, voldelig og nasjonalistisk maktapparat som ennå drømmer om Sovjet-imperiets glansdager.Rapporter10Svar
- terjefor to dager siden Det var vel ikke dette innlegget fra Jørdre handlet om?Terje AarsandRapporter34Svar
- Kjell Aasenfor to dager siden Noe av det mest fornuftige på det forsvarspolitiske skrevet i denne avisen på årtier.Rapporter412Svar
- Gunnar Haugefor to dager siden Vel er ikkje alt bra med USA, men Russland og Putin er no hakket verre, så nøkkelen ligg der, og slik vil det vere, inntil diktaturet der er avskaffa.Rapporter
Delt på Rødt Bergen Vest sin fb-gruppe:-)