Gamlabesta og koronatesten (skreve til ære for beste/oldeforeldregenerasjonen)
Ho gamlabesta hadde da sista aoret høyrt mykje om desse koronatestane. For mykje tykte ho. Ho hadde vorte noko lei alt da dar maset. Test deg her og test deg dar, test deg om du kjenner noko, test deg om du ikkje kjenner noko, men kjenner deg uvel. Ho visste ikkje ka ho skulle tru. Måtte ho testa seg om ho ikkje kjende noko eller korleis skulle ho kjenne noko som skulle tesei at ho skulle testa seg? Ho grubla felt pao detta ei stund. Det var so mangje meldingar frao styresmakta at ein kunde verta heilt øren. Nei, detta måtte ho finna ut tao. Gamlabesta ringde legen sin.
«Goddag detta e ho gamlabesta», sa gamlabesta. «Ja, goddag», sa da i hin enden. «Ka kan eg hjelpa deg med?» Da va doktor Rask som va fastlegen eller «husdoktoren» «na gamlabesta, som da heitte hjå ho. «Eg lurte pao»..ho drog litt pao da..»ka ti ska eg testa meg fy denna koronaen?» Da vart stilt i telefonen eit lite bel før doktoren svara. «Eg veit ikkje»..doktoren drog pao da..»trenge du da dao, kjenne du nokon symtoma? «Ka e da fy noko, simtomma? E da noko so e ilt da?» Doktoren pusta litt matt. «Nei, ikkje akkurat, men da likna litt pao naor ein vert forkjøla», prøvde han seg. Gamlabesta svara med ei gong bestemt. Nei, forkjøling, nei, da ha eg ikkje hatt sidan krigen dao me måtte gjøyma oss fy tyskarane å me vart for lengje ute i regn å sludd. Dao fraus eg so felt», la ho te. «Sidan ha’kje eg hatt da», sa gamlabesta stolt. «Neivel», sa doktoren litt brydd. «Du treng ikkje testa deg no, berre om du kjenner deg litt uggen». Ka meinte ha men da, tenkte ho, men la pao røyret. Ho for inn pao badet å tok seg ein c-vitamin.
Seinare pao kvelden va da Dagsrevyen og dar bjynte dei som vanleg med koronanyheite. Gamlabesta hadde nesten lyst te å slao tao heila dritet, ho va temmeleg «fed up» tao da samma maset oppatt heila tide. Men, so spissa ho øyrena. Ka va da han sa han Høge eller ka han no heitte dan helseministeren? Koronasmitten aukar og dei fleste bør halda seg heime og ikkje ta i mot nokon og halde minst ein meter avstand. Helst ikkje ga ut om du ikkje treng da, la helseministeren te. «Ga ut!», fnyste gamlabesta og halde ein meter til kem, kjølesskaopet? Nei, detta va berre tull å høyra pao. Ho hadde no’kje hatt besøk tao ei einaste sjel på maonasvis no i desse tider likavel. Seinare pao kvelden tok gamlabesta seg ein god støyt brennevin og la seg.
Betre søvn kunne ein ikkje fao seg, tenkte gamalbesta og sko te å lesa avisa som nett va komen. Ikkje før ho hadde gjort seg ferdig med dødsannonsane so ringde telefonen. Da va ei røyst ifrao smittesporinga i kommunen so snakka. Stemma spurde om da va slik at ho gamlabesta hadde vore hjå doktor Rask i førre veke og fengje resept? Ja, ho hadde no da, svara gamlabesta. «Doktoren har fengje korona», sa dama frao smittekontoret kort. «Ja, å so dao», spurde gamlabesta. «Dao ha du vore nerkontakt med han og du lyt testa deg». Gamlabesta tenkte seg om. «Eg har ikkje vore ner han», byrja ho, men dama sa..»da spela ingjen rolle, ein mao testa seg samme kor ner ein har vore. Da e te da besta fy deg» la ho te. «Jaja, eg lyt vel da dao».
Vel nere pao kommunebrakko, so eigentleg va ei gamal brakka frao krigen sine daga, va da ein veldig kø naor ho gamlabesta kom dar. Men, da gjekk nokolunde radigt so ette ein halvtime va da hennar tur. Damo so kom bort te’ne saog mest ut som eit romvesen ho gamlabesta hadde sett pao film, med desse draktene, visir, dobble hanskar å da heila. Faor håpa desse «visirfolka» e her i frao jorde, tenkete ho lurt inni seg (gamlabesta elska slike science fiction filma, eller «skienefiksen» so ho kalla dei). «Ta tao deg munnbindet», sa visirdamo. Gamlabesta strevde ofte med å fao munnbindet skikkeleg pao seg naor ho sko ut or huset. Da hang litt pao skeivo idag og, da va te å med oppned. So kom da versta ho gamlabesta hadde kjent pao lengje. Visirdamo stakk pinnen med bomull pao langt inni nose’na. Gamlabesta rykte te dar ho sto. Da kjendest piske meg ut som pinnen rota rundt i hjernen hennar. Men, like fort som han for inn va han ute att. Ho pusta ut, men sa..»va da nødvendigt å pita han heilt inn i hove pao meg dao?» Damo svara ikkje..»du faor svaret i morgo», sa ho fort og skunda seg inn att i brakko med prøven.
Dagen ette fekk gamlabesta negativ pao testen. Ho va frisk som ein kalv om vaoren! Men, da va noko løye med da heila, synes ho. I posten va da kome eit brev med ein vaksinedato fy koronavaksinen. Da va ikkje lengje te, berre ei veka. Kunde eg ikkje ha fengje han naor eg va dar nett ijaor, spurde ho seg. Men, ho vart sjølvsagt gla! Ho gamlabesta og mangje andre i detta landet gledde seg stort te vaksine so dei kunde fao sjao badnabodne sine att, kan du veta. Dagen ho gamlabesta sko vaksinera seg gjekk ho i sine finaste klede, og munnbindet hang rett pao ho denna gongjen.
Ivar Jørdre