Tankar som kjem, tankar som går – Om vår felles lagnad

Lat meg i desse «pandemiglobale» tider prøve meg med nokre tankeeksperiment og litt håp:

Realverdien av ei investering var på 1 krone i 1899, og skulle kaste av seg fram til vår tid på 2000-talet, t.d. 2006. Dette er gjort på same måte som det ei stortingsmelding (nr.24 frå 2006-7) fortel om ”Oljefondet” si avkastning. Ein kunne då tenkje seg, tenkte eg, ei akkumulert avkastning med litt større tal for å prøve å gripe dette. Ein kapitalstorleik i 1899 på 1 million kroner med eit krav om ein realprofitt på 4 prosent vert 40 000 kroner. I 2006 har kapitalen vokse til 1 milliard med eit profittkrav på 40 millionar. Tenkjer ein seg framover mot år 2100, har kapitalen vokse til astronomiske 40 milliardar, profitten er då, framleis med eit krav på 4 prosent, kome opp i 1,6 milliardar. Går ein endå lenger fram i den mørke framtid har ein fenge kapitalen til å vekse til kosmiske dimensjonar og det som større er, til 2000 milliardar, då har dei som trur at pengar veks opp i himmelen og endå lenger, fenge 80 milliardar i profitt. Fantastisk ville dei sikkert tenkje, men utan ein einaste tanke på at denne bisarre vekstideologien ikkje er berekraftig på nokon som helst måte, og at ein slik vekstfanatisme ikkje er mogeleg med dei resursar som jordkloten kan tilby. Slike tankar er heilt fjerne for kapitalistane, dei har kanskje ikkje gena som skal til for å fatte denne ulogiske samanhengen mellom resursar og vill vekst, tenkte eg.

Denne kapitalen sin tvangsmessige ekspansjonskrav er, tydeleg nok, grunnen til dei siste tiders kriser, og som i åra framover vil føre menneskeslekta til si endelikt. Eg håpar sjølvsagt ikkje det, til det er tross alt menneska for dyrebare, men likevel, det låg i korta at slik kan me ikkje halde fram om me ikkje skulle møte endelikta. Greitt, me forstår kva me er i ferd med å gjere, men kva er vårt svar? Eg tenkte på eit ordtak: Livet er ikkje for amatørar. Kva er no tydinga bak det, lurte eg på. Truleg for å møte livet sine utfordringar må menneska ha eit definert, gjennomtenkt og, om ein vil, ha eit profesjonelt tilhøve til å gjere det betre. Rett og slett løysa problem som er uhaldbare for ikkje berre seg og sine, men for heile menneskeslekta. Det må vera vår plikt som tenkande vesen å strekke oss etter endring, når det me har slumra oss gjennom altfor lenge, ikkje lenger verkar. Så enkelt, men likevel så vanskeleg, såg det ut til. Men kva er svara, spesielt frå oss sosialistar? Ein må kjempe mot åtaka retta mot folk sine levekår. Viktigare enn nokon gong, då åtaka mot folk sine tilkjempa rettar på går for fullt. I kampen for endring må me studere kapitalismen sitt ”vesen” endå betre. Ikkje minst studera Marx og alternativ politisk økonomi. I lengda av dette lyt ein lære meir om korleis kapitalismen utfordrar jordkloten sine rammer, og korleis kapitalen verkar inn på miljøet og miljøpolitikken. Noko av det viktigaste framover er å engasjera folk i debatten om det etterkapitalistiske samfunn, altså sosialismen og deretter kommunismen, tenkte eg nesten høglydt med meg sjølv. Det måtte skapast ei stor rørsle for å få dette til, ei svær rørsle må til. Først då kunne folket verkeleg truge det eksisterande kapitalistiske system.

Dette virka stort å tenkje på, ”først då kunne folket verkeleg truge”, sa eg høgt til meg sjølv. Å truge det kapitalistiske system var ei sak for seg, ei anna var at faktisk så truga kapitalen seg sjølv. Ja, rett og slett ved å rive under seg sine eigne pilarar. Pilarar av grådigskap. Det å verte for grådig, er i seg sjølv noko menneska alltid har gjort og vorte offer for. I antikken snakka grekarane om ”hybris”, overmot, overfor både seg sjølve og gudane. Noko som fort straffa seg, om ein gjorde det med overlegg, men og om ein meir uvitande gjorde hybris. Men det var vel ingen nokolunde oppegåande no som innbilte seg at kapitalen dreiv med sin grådigskap, uvitande? I alle fall ikkje uvitande om at det gjekk ut over andre, dess meir ein grabba til seg di mindre fekk andre. Når det finansspekulative ”big bang” hendte, så hadde europeiske bankar tapt den galaktiske store summen på 120 000 milliardar euro i sine ulike aktiva. Det virka opplagt, meinte eg som hadde studert dette nøye, at desse pengane kom frå folket og deira arbeid. Så hadde spekulasjonsgribbane slengt dei ut i det tomme rom av verdipapir og slikt rask, og så vart dei berre borte i ein spekulativ supernova. Kven er det som vert sitjande att med sine tomme lommer? Vel, er det nokon som vil prøve eit svar? Ikkje politikarane som ein trudde skulle verne folket mot gribbane, dei er lamma av sitt eige spel. Dei er i gribbane sine klør, og det verste er at det også er eit medvete inngifte i mange høve. I det heile teke var det mange nye omgrep ein måtte lære seg i denne vår turbulente tid. Eg ramsar opp inni meg: klimakrise, matvarekrise, matjordkrise, oljekrise, energikrise, vatnkrise. Eg vert nesten sliten etter denne oppramsinga. Likevel, slik var det, krise på krise, ein kunne verte ør av mykje mindre.

Då var det godt ein kan ha det litt morosamt og le godt av komiske kommentarar ulike høge herrar har kome med midt oppe i det økonomiske kaoset. ”Det ser ut til å bli ein relativ mild nedgangskonjungtur”, var det ein bankmann som sa. Fantastisk å få seg til å sei slik. Noko anna klang brått i hovudet mitt. Det var Rudolf Nilsen sine ord i ”Revolusjonens røyst: Kan hende det gjeld å redde vår jord”. Jan Erik Vold har også sine gullkorn, i ”Nyttårsdiktet” heiter det: ”Det er håplaust, me gjev oss ikkje”. Akkurat, me må ikkje gje oss, det er kjernen i folket sitt arbeid for å få den endringa som ein håpar menneska vil lengte etter snart.

Når nokon skriv moraliserande at grekarane må rydde opp i eige hus og underforstått bruke IMF som reingjeringsmiddel, oser det moral og kapitalisme av det. Det er ikkje så overraskande at ein del meiner slikt, all den tid me som eit rikt folk er manipulerte til å tenkje at sidan me har slik bra økonomi, så må det vera dei andre som rotar det til og har seg sjølve å takke for det og berre det. Ein vel då å gløyme at me også er bunde saman med dei andre nasjonar i den globale kapitalismen. Og i dette systemet er det ikkje rettferdig handel eller solidaritet ein arbeidar etter, men blodig urettferdig profitt i kampen for den sterkaste sin rett. Så er det slik at også Noreg er ein aktør i IMF og har aldri i nemneverdig grad heva røysta si mot den historisk feilslåtte og endra politikken i høve til kva det var meint IMF skulle gjere. LEGG NED HEILE SPETAKKELET! Og bygg opp ein ny rettferdig pengeorganisasjon styrt av FN og ikkje av USA og Vesten. Ironisk nok er tre av dei landa som vart råka av kanskje den verste svoltkrisa på 60 år i Afrika, Somalia, Etiopia og Kenya, hardt tilpassa IMF sine strukturtilpassingsprogram. Ein skal passe seg vel for å tale med fleire tunger: Først kutte så det skrik etter, så gje stakkarane naudhjelp, for til sist å vera like rik og hovmodig som alltid her i nord. IMF og Verdsbanken er våre leiketøy i den kapitalistiske sandkassa, og med dei kastar me sand i augene på dei små i staden for å la dei bygge noko sjølve. Me spring så heim att til pappa kapital, stolte og dobbeltmoralske!

Eg sat i eigne tankar rundt dette ei stund, mens eg såg tropesola gå ned over Java. Brått for ein litt uklar skygge over ansiktet mitt. Det var noko som ikkje heilt stemte omkring den noverande økonomiske krisa og venstresida sine alternativ og utfordringar. Klart me har klare løysningar på den etterkapitalistiske epoken, prøve eg å fortelje meg sjølv, men vart ikkje heilt overtydd. Kampen vert hard, om endringar, men også før den tid, om velferda, som vert rasert dag for dag av kapitalistane og bankane. Og kvar gong kapitalismen kjem i ein av sine sedvanlege kriser, sånn i gjennomsnitt kvart 30 år, altså ein generasjon, eller oftare, så er svaret innstrammingar og sentralisering. Bort sett frå Rooseveldt-tida under 1930-åra sin depresjon. Då vart det sprøytt inn midlar for å stimulera til arbeid for folk og dermed litt meir pengar å leve for, som i sin tur fekk økonomien til å svive att. Slik som eurolanda har stelt seg, var det stikk motsette av den såkalla keynesianske politikken. Det er då me på venstresida må kome med truverdige alternativ, slo eg hardt fast. Sidan krisa er menneskeskapt, me kan liksom ikkje klandre marekattane eller sjimpansane for elendet, så må me som vesen også kome med nye løysningar.

Nokon hadde skrive noko veldig treffande minnest eg: Sanninga er at det er børsmeklarane, bankvesenet, valutaspekulantar og investeringsfond som har køyrt verda i grøfta, samstundes som dei har gjort seg sjølve kvalmande rike. Akkurat det som har hendt i Europa og USA no. Men noko nytt er det ikkje minte eg meg på, slike kriser og slike gribbar har menneska hatt før. Eg lo svakt for meg sjølv, er det slik at kapitalismen vert redda og krisefri berre ein får regulert litt her og der og sender spekulantane på kostskule? Då må ein tru om att. Naturlegvis kan den noverande krisa verte løyst, med det det vil koste av offer og lidingar. Slike ting hender allereie med massearbeidsløyse, svelt og krigar. Dette vil berre auke framover og vare gjennom lange og pinefulle år. Ja, slikt må til vil kapitalistane seie, mens dei gnikkar gullpengane sine. Vidare så vil denne pinsame krise føre med seg drastiske angrep og attendegang for arbeidarklassa. Opparbeida faglege rettar vil sikkert verte truga og truleg fjerna. Verdiar som eigedom og velferda vil på dramatisk vis verte omfordelt frå offentleg til privat. Dei rike vil og sjølvsagt planlegge og utnytte krisa til å verte endå feitare for ein endå mindre gjeng. Ein slik omfordeling frå dei 99 prosent til dei 1 prosent vil slå hardt ut og vil forsterke seg med stor styrke. Noko som er godt forklart i Naomi Klein si bok ”Sjokkdoktrina”. Her må arbeidarane forsvare sine lenge tilkjempa rettar og det med ny glød og klare alternativ. Venstresida har vorte skulda for ikkje ha alternativ til det kapitalistiske system, og mykje av kritikken kjem frå etablissementet. Nettopp den eliten som står for frisleppet av kapitalkreftene og som har deregulert marknaden. Eg tenkte mykje på dette med alternativa og korleis dei skulle sjå ut. Eg visste at folk kjente lite til systemkritikk og at tenkinga til Karl Marx plutseleg hadde fått ein ny vår. Dette måtte utnyttast! Éin måtte som sosialist frå desse tankane fram, og ved studiar i marxisme utvikle forståinga av kapitalismen sin ibuande dynamikk og plassere eit nytt system i vår tid, tilpassa samtida og framtida. Sosialismen er ein prosess og kan ikkje ha fasttømra fasitsvar og ferdig med det. Det er ei utviklande rørsle med eit mangfalda innhald som skal drive prosessen framover.

Ein kan samanlikne dette med eit tog, tenkte eg, som går på sine vel disponerte skinner, men stoppe på mange og ulike stasjonar for å hente nye menneske og idear. Toget måtte fyllast opp av den nye etterkapitalistiske tid, med passasjerane som dei styrande, der togføraren skal styre toget berre etter folket sin vilje. Ein reiser frå utgangsstasjonen der urett og undertrykking dominerer til ein ny stoppestad, det er ikkje endestasjonen bokstaveleg tala, men ein mellomstasjon på vegen mot sosialisme og kommunisme, der rettferdig fordeling og fellesskap er interiøret. Der samlar ein seg om felles strategiar og utvikling. Ein reiser frå ein kapitalisme med sine stadige attendevendande krigar og kriser, ein hata situasjon, til ei verd der folk kan leve eit rikt liv med andre verdiar enn konkurranse, gjeld og utbytting. For ei verd det kan verte, tenkte eg. Måtte menneska berre få det til. Det ligg i håpet som er i Pandora si krukke som er det me har att..etter at Pandora frå den greske mytologi som hemn mot gudane som hadde forrådt ho, slepte ut all elende til menneska. Berre HÅPET vart att i krukka.

Neste dag stod eg tidleg opp i lag med tropesola. Ein frisk frukost med nysteikte pannekaker med tropesirup og ferske fruktslag i fint tilkutta bitar. Ein flott start på dagen. Men det var noko som ikkje stemte. Kva det var visste eg ikkje. Eg grubla litt på det, det kunne vera ein heilt vanleg dag, men med depresjon. Men det var det ikkje! Det var heller om ein annan depresjon eg hadde i tankane og ikkje fann ord på. Depresjon frå vår tid og det økonomiske ingenstad-landet som mange smakar no. Og det er arbeidarklassen som er midt i syklonen sitt auge. Ein teoretikar hevda at det var greitt nok å diskutera den store depresjonen sine årsaker, men at diskusjonen ikkje kan frigjerast frå drøftinga av arbeidarklassen sin stilling midt oppe i den. Men, tenkte eg, likevel er det eit nært samband mellom dei to. Om det er slik det vert hevda, nemleg at depresjonane skuldast spekulasjonar og manglande kontroll med finanskapital, så kan arbeidarklassen ikkje spele ei stor rolle i oppbygginga av ei ny verd. Forstår ein det slik. er dei avgjerande kreftene i oppbygging eller nedriving av kapitalismen, å finne andre stader. Men er dei verkeleg det? Nokon meiner det held seg annleis. Dei meiner at pengekapitalen rett og slett er produkt eller derivat blant kjennarar, av verdiar skapt i produksjonen. Sirkulerer desse verdiane i fellesskap på ein marknad og erstattar kvarandre, vert investert og handla for, så skuldast dette at det går attende på ein felles materiell substans. Denne substans er det menneskelege arbeid og kan ikkje vera noko anna. I følgje denne tankegangen, er pengemengda i eit samfunn bunde til mengda av materielt arbeid. Då vert samstundes arbeidarklassen den kraft som alltid står i spissen for det viktigaste politiske arbeidet. Dette skriv Marx også om i Kapitalen under Arbeidet sin verdi. Er det derimot slik at økonomien kan generera pengar og verdiar frå andre stader enn den materielle produksjonen, vert arbeidarklassen sin posisjon meir likegyldig. Det finns då eigentleg ikkje nokon god grunn til å kalle seg sosialist eller til å prioritera arbeidarklassen sine interesser i politisk arbeid. Ein viktig diskusjon, og eg grunna meir på korleis det kunne ha seg at ein ikkje kunne kalle seg sosialist på desse sistnemnde premissane. Éin tanke sveiv meg at då hadde andre økonomiske generatorar, som børsane og spekulantar, innverknaden og kunne drive arbeidarklassen ut, men ein sosialist kunne ein vera om desse ikkje-produktive kreftene vart brotne ned. Først då kan prosessen mot eit sosialistisk samfunn byrje.

Vegen ut av krisa, er noko nesten alle snakkar om i ei stor økonomisk og klimatisk krise. Spørsmålet er kven som snakkar om det? Folka i gata snakkar sjølvsagt om det, og ikkje utan grunn. Det er dei som må betale for krisa, gjennom tapt arbeid, auka skattar og meir fattigdom. Og så er det dei som snakkar om vegen ut av krisa, som høyrer til den vesle eliten og er skuld i elendet sjølv. Dei driter i folket! Ingenting er viktigare enn å fornye tilliten til marknaden som det heiter der i garden. Marknaden er det mest heilage ein kapitalist kan tenkje seg, han er deira gud. Vegen ut av krisa er for dei å rehabilitere denne veldig så abstrakte såkalla usynlege handa som heiter marknaden. Får dei det til vert dei så lukkelege at sjampanje og honorar skyter til himmels, til mammon sin himmel, smilte eg sarkastisk. Eg trilla ut i tropesola og såg meg ikring på den kaotiske trafikken, gateseljarane, sykkeldrosjene og alt anna som gjekk føre seg i dette tropiske gatesirkuset. Er dette slik folk her i Jogja vil ha det, meir av dette, meir sirkus, meir kapitalisme? Kva tenkjer desse indonesarane mens dei rasar forbi meg på sine tusenvis av støyande motorsyklar og dei som har råd til nye bilar dyre i drift? Produksjonen av desse motorsyklane og alle andre typar av industrivarer har kome til eit vegskilje, til overproduksjonen. Dette fører til at kapitalistane har trong for store justeringar, til å nedskrive og destruera denne materielle kapitalen, og samstundes for å degradere både produksjonskapasitet og arbeidskrafta si kvalitet. Ein kan difor realistisk snakke om lang tid, om ein tjue års nedgang. Dette er den tid det tek å slite ned kapitalutstyret reint fysisk. Marx skreiv om dette allereie i si skildring av kapitalen si historiske fødsel på 1500-talet. Her skriv han at denne produksjonsforma alltid vil prøve å kutte svingane, Med politiske midlar forsøker dei å korte ned dei periodar som trugar med å utsetje kapitalismen sine blomstringsfasar. Som før og i vår tid kan dette tyde at krig fristar, for å få produksjonsutstyret raskare nedskrive. Ettersom alle veit kva dette kan tyde, må det setjast mykje inn på å oppretthalde og styrke arbeidarklassen sin internasjonale solidaritet. Samstundes må ein vera realistisk når det gjeld å analysere skilnaden mellom dei kapitalistiske formene på verdsmarknaden.

Eg måtte trekke pusten litt i filosoferingane mine. Litt drikke hadde gjort seg. Eg såg meg rundt i gatebiletet, og riktig, der var ein med ei tralle som hadde kokosmjølk og isbitar. Eg tok meg eit forfriskande glas, ja, eg tok eitt til. Sette meg ved ein stein i vegkanten og kom i tankar om problemstillingane rundt arbeidarklassen og dei kapitalistiske formene på verdsmarknaden. Proteksjonismen er ein ting som ikkje tyder på at kapitalen er globalisert på nokon nemneverdig måte. Heller det at kapitalistklassane bind seg desperat til det dei har. Dette gjer det klart at ein kvar arbeidarklasse må ta seg av sin eigen kapitalistmotstandar lokalt. Men også her må ein ha fleire tankar i hovudet. For samstundes må arbeidarklassen vere våken med omsyn til å utnytte dei faktiske fordelane proteksjonismen kan gje arbeidarklassen på kortare sikt. Kapitalismen sitt statsgjeldssystem har i Europa kollapsa og har svekka den rådande antidemokratiske statsforma. Marx skreiv at dette gjeldsystemet var ei hovudkraft ved produksjonsmåten i Europa allereie frå 1500-talet.

Eit godt døme på at proteksjonismen eit stykke på veg svekkar kapitalen sin stilling i høve til arbeidarklassen, er den nye ordninga med eksportfinansiering. Dette er ting statar har kjent seg tvinga til. Dette har vore med å redde arbeidsplassar, men viktig her er at dei er kapitalistiske. Slike tiltak bidreg til å regulera ein internasjonal konkurranse som har vore prega av mafialiknande kinesisk og elles asiatisk kapital. Dette kan vera eit av mange teikn på at dei nye halvkapitalistiske herskarklassane, som alle står på leirføter, og vil vera mellom dei første som vil falle grunna depresjonen. Ramlar desse klassane vil det vera ei positiv tyding for arbeidarklassane i Asia og elles. Ein slik utvikling er truleg på gang og ei slik bossrydding har ikkje eg noko i mot!

Arbeidarklassen sine moglegheiter i depresjonen ligg i det politiske. Difor har det stor viktigheit at arbeidarklassen sin største motstandar, den kapitalistiske klasse organisert som stat, er meir svekka enn nokon gong sidan 1920-åra. Sjølv om det er viktig ikkje å undervurdera motstandaren, er det klart at når arbeidarklassen klarer å hevde seg sjølvstendig, treng han ikkje lenger vera redd for borgarskapet reint politisk. Det kanskje einaste botemidlet mot depresjonen er at arbeidarklassen vert klar over sin eigen styrke. Og brukar han! Det som kapitalen prøver på, det å korte ned historia sine svingar, det kan nemleg arbeidarklassen gjere mykje meir effektivt og definitivt ved å sosialisera produksjonsmidlane og kaste den kapitalistiske produksjonsmåten ein gong for alle, på kapitalismen sin skraphaug. For å få til dette må mykje meir informasjon, kursverksemd, sosialistiske studiar, ut til folk. Like viktig er det å få meir tilgang til grunnplanen i fagrørslene, og unngå pampane i same rørsle. I alt dette tenkte eg, må arbeidarklassen og bruke dei sokalla ulovlege aksjonsformer, dei må lære kva som er gode og lure ulovlege verkemidlar og kva som ikkje er det. Trua på seg sjølv som politisk kraft er sentralt og må ikkje undervurderast. Mykje av tidlegare krav har vore å kreve førebels endringar i form av nasjonaliseringar av bank- og kredittvesen. Noko som kan inspirera arbeidarklassen er å reisa på nytt kravet som var på britiske verft i 1970-åra. Nemleg kravet om nasjonalisering under arbeidarkontroll. For å få dette inn i folk si medvit er det viktig å få ei kjensle av att felles kamp gjev resultat.

Noko veldig sentralt, tenkte eg, er tanken om at den revolusjonære rørsla ikkje kan utgå frå noko anna enn ein medviten arbeidarklasse. Ein må her passe seg for at uavhengig av kor sterkt arbeidarklassen står frå tid til annan, ikkje prioritetar såkalla spontane rørsler slik som ”okkupering av alt-rørslene”. Sjølvsagt kan det vera nyttig med liberal motstand på kort sikt, men kan virke demoraliserande når motstanden bryt saman. Noko som tyder at ein må vera open for taktiske attendeskritt i den hensikt å prioritera at arbeidarklassen sitt anti borgarlege medvit vert halde oppe. Ein god og positiv tanke, men om dette er god logikk, må reformkrava vera realistiske, og sjølvsagt er dei det, tenkte eg. Ingenting er umogeleg når sosialistiske rørsler står overfor ein handlingslamma kapitalisme. Noko ein med rette kan hevde går føre seg her og no, altså handlingslamming i herskarklassane. Det er berre å gjere som Lenin ei gong skreiv: Makta låg på gata. Det var berre å plukke ho opp. Den illusjonen ein må verte kvitt, om han finns, er å tru at ein er langt vekke frå ”makta i gata”. Det er ein ikkje. Ta sjansen, ta ho opp, sa eg høgt til meg sjølv. Medan trafikken rasa rundt meg, såg eg med eitt at det er rett: Makta låg i gata, om enn litt i uorden, men likefullt, ho ligg der framfor oss. Ho måtte berre brukast!

Så sette eg rullestolen i «høggir» og rasa mot soloppgongen, og borte vart eg.

Ivar Jørdre

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kapitalisme, Klima, kommunisme, Marxisme og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.