Har Nrk og media generelt mista synet i USA-dekninga?

Norske media og USA-dekninga

Det vert sagt no og då i «lystige» politiske lag at Noreg er USA sin 51. delstat. Etter dette presidentvalet i USA i 2020, kan ein verkeleg byrje lure om det er noko i det. I alle fall om ein skal døme etter dekkinga av dette valsirkuset i norske media og for å ikkje å snakke om i (del)statskanalen Nrk. For maken til bruk av sendetid til dekking av valet har ikkje eg sett i vår tid. Dei einaste kanalane er Nrk Klasisk, Nrk Jazz og Nrk Folkemusikk eg ikkje har høyrt ein lyd (i alle fall så langt eg har høyrt) om valet i. Og takk for det! Elles er «pakka» full. Det er omlag ingen sending i verken fjernsyn eller radio som har sluppe unna. Til og med i «alternativkanalane» Nrk 2 og Nrk p2 har ein fenge rikeleg med USA-stoff. Med andre ord: Det er ikkje noko «fristad» i eteren for dei av oss som har trong for å «røme» unna litt. Eg synes dette er grovt udemokratisk av Nrk. Det er som om me lydarar og sjåarar på «død og liv» skal måtte få innpota i oss kvar minste detalj og avkrok i USA om «kva og kven, korleis og kvifor, kven har ikkje..og kven har..og så bortetter i hule h..», kva veit eg? Ja, me kan treffe avknappen om me vil, men det er ikkje det som er poenget. Ein medieorganisasjon som Nrk skal ikkje vera ein valkanal for eit anna land sitt val, heller ikkje USA! Dette gjeld alfor mange norske aviser også.


Sjølvsagt skal eit val i det viktige landet, globalt sett også, dekkast både før og etter valet, med nyhendeinnslag, reportasjar, kommentarar, analyser, osb. Men, det har teke overhand, til dei grader! Dei har i mediane vorte nærast sjukleg oppteken av USA-valet, med Nrk øverst på pallen: Når ein «hærskare» av kommentatorar og programleiarar sit i studio natta gjennom frå klokka 22 kvelden før, 29/30. september, kan ein lure på kva som er føremålet? Få det norske folk til å sitje oppe og verte ekspertar i tidas truleg verste presidentdebatt? Der berre avbrytingar og skjellsord var hovudinnhaldet. Politikk kunne ein sjå langt etter. Kvifor sendte ikkje Nrk presidentdebatten 20. oktober? Fekk programsjefane kalde «Trumrp-føter»? Var dei redde for at det vart mindre «underhaldningsverdi» enn i den første, sidan kandidatane fekk tildelt taletid og mikrofonar avskrudd når den «andre» snakka?

Så tok Nrk 1 sanneleg det att på sjølve valdagen (natta), 3/4. november! Frå 21-tida om kvelden til nærare klokka 18 neste ettermiddag. Slå den! Nei, det trur eg ikkje nokon gjer. Berre om Trump dukkar opp att ved neste val om 4 år eller tviheld seg ved makta, kanskje då. Forsyne meg heldt Nrk 1 på utover kvelden den 4. november til og med Kveldsnytt. Berre avbrote av «småtterier» som Oddasat – nyheiter på samisk, Tegnspråknytt og Distriksnyhende. Det kokte over for meg når også Nrk p2 «måtte» i samsending med Nrk Alltid nyheter halve kvelden og heile valnatta og to dagar på rad med Dagsnytt 18 berre om USA-valet. Eg flykta til kanalar med klassisk musikk eller rock, eller las ei bok.


Kva med om Nrk-leiinga i dette veldige valmaskineriet sitt hadde sett av, berre litegrann tid, til ein alternativ forskar, kommentator eller akademikar (les marxistisk skulert), til meir djupgåande samfunnsanalyse om det samansette landet USA. Berre det at USA omlag alltid har hatt 2 parti folket kan velje mellom (andre parti er kjempesmå), altså reelt eit topartisystem, hadde vore interessant stoff i Nrk og andre media. Kva med det faktum at USA er kanskje det mest kapitalistiske land i verda og kanskje med dei største ulikskapane i Vesten. Kva med Noreg sitt «tvangsmessige» avhengige tilhøve til landet og vår regjering sitt syn på USA sin utanrikspolitikk, systemisk sett. Nei, ingen (med få unntak) av media torer det i Noreg, aller minst Nrk. Då er det tryggare å «hanke» inn dei mest brukte i kommentariatet, som så mange gonger før. Likar desse mediaaktørane noko særs kritikk eller tips frå «oss på sidelina» om deira dekning? Nei, det er den same forsvarstalen det. Så det er soleis ingen ting å glede seg til ved neste valsirkus i USA, heller ikkje i tida mellom. Om ikkje noko drastisk hender i media då?


Ivar Jørdre, bloggar, kunstnar og aktivist

Innlegget først publisert i avisa Hordaland, laurdag 7. nov. 2020

(Karikaturane brukt i denne bloggposten er henta frå VG-artiklar)

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Noreg - Norway, Politikk&Samfunn og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Har Nrk og media generelt mista synet i USA-dekninga?

  1. ralf stahlke's avatar ralf stahlke seier:

    Enig, at det ble i rikeligste laget på nrk 1, men det går an å slå av TV’en eller se på en annen kanal (jeg 43 kanaler fra 14 land)

  2. Kjel Henrissbø's avatar Kjel Henrissbø seier:

    Svært einig med deg Ivar. 👍

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.