Dette er eit dikt som på fleire måtar speiglar miljø og framtid, og kva tilstand menneska kan vente seg om me eventuelt ikkje tenkjer oss om i tide. Men gjer me det? Arktis smeltar som aldri før. Det same gjeld i Himalaya. Metan stig opp frå steppene i Sibir og frå havbotnen i nord, snart enormt. Verdas regnskog forsvinn framleis i stort monn. Menneska rømer til konsumisme og dårskap. Er det håp? Ja, det er det! Men då må me vakne opp frå dvala, endre oss og kjempe saman – for noko nytt!
Eg skreiv dette diktet for ein del år sidan, men fann det fram att no og ser at det er meir aktuelt enn nokon gong. OG, som ei helsing til dei unge som no går ut i gatene i klimastreik for ei betre framtid, dei skal vekse opp i. Vakn opp kapital og maktelite!
Ivar Jørdre
Anno 2020
Nokre born sit i skuggen
av eit tre
Dette tre har sorg i sine lauv
Ei gong stod dette tre
i lag med
sine systre og brødre
i ein park
Dei var litt av eit syn
der dei stod
duvande i lett bris
med stolte bladkroner
som krystal
Parken er ikkje meir
eit tre står att
ein fabrikk er bygd
liknar ein sarkofag
med skorstein av død
Men denne generasjon
som sit under
dette tre
frå forige generasjon
veit noko saman
Det er
løyndomen
om ei betre verd
