Den franske president, «Notre Dame» og dei «gule vestane»

Han har fenge endå meir å tenkje på no den franske president Macron enn før. Først protestar frå dei gule vestane mot regjeringa sin nyliberale og for mange urettferdige økonomiske politikk, som har vara i nærare eit halv år. Så på toppen av det den katastrofale brannen i Notre Dame. Presidenten skulle halde ein tale nettopp til eller om dei folkelege protestane same kveld katedralen byrja brenne. Talen avlyste han, naturleg nok. I staden held han ein tale seinare om dette triste som hendte med katedralen, tapet og sorgen det franske folk kjende, og håpet om å bygge han oppatt på «fem» år. Vel og bra så langt? Nei, ikkje heilt. Det er ein nyliberal politikk som Macron prøver å føre i Frankrike, men til store protestar som ein har sett lenge, mot m.a. kutt i pensjonar og fragmentering av rettar i arbeidslivet. Er det korttidskontraktar, mindre stillingsvern, utvida areidslivsalder, for t.d. også dei heroiske brannfolka som faktisk «redda» katedralen frå heilkollaps, presidenten ønskjer. Dei gjorde ein utruleg sterk innsats. Det er stolte representantar for arbeidarar og brannfolk i alle land. Så ikkje forsøk deg på noko nyliberalisering her, Mr. President!

Ein katedralruin kan truleg byggjast oppatt på relativ kort tid. Men, set ein først attende arbeidslivrettar og den nylierale marknaden får fotfeste, kan det verte ein hard og bitter kamp lenge. Inntil vidare får Macron hjelp av styrtrike kapitalistar til attoppbygginga av Notre Dame. Eit interessant paradoks er det då at dei mange milliardar som no vert gove til dette er verdiar skapt av dei mange arbeidarar, og ikkje av kapitaleigarane. Det same gjeld dei som bygde denne katedral med sine hender i slit og strev, mens den katolske overklassen koste seg i materiell overflod. «Og slik går no dagan»…heilt til opprøret kjem..

Ivar Jørdre

Derfor var slokkingen så vanskelig: Brannen startet i «Skogen»

Brannen oppsto inne i kjernen av taket. Dette var en trestruktur som var forseglet med blyplater. Taket gjorde det veldig vanskelig å få inn vann slik at flammene kunne slukkes.

HER BEGYNTE BRANNEN: Dette er loftet i katedralen. Noe av tømmeret er fra 1170-tallet og skal ha vært veldig tørt.

Foto: Nasjonalbiblioteket, Frankrike

Området der det begynte å brenne kalles bare «Skogen». Det er et hundre meter langt og ti meter hø7yt loft bygd i tre. Det tar imot vekten av taket og fordeler kreftene over til murkonstruksjonen. Omtrent 13.000 eiketrær ble brukt i byggingen.

Taket er dekt av 210 tonn med blyplater, står det på hjemmesidene til Notre-Dame. Blyet er brukt for å gjøre det vanntett og for at det skal stå imot brann.

Les meir på sida mi Archaeology eller nrk.no

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Europa, Fagrørsle og kamp, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

Is this your new site? Log in to activate admin features and dismiss this message
Logg inn