I denne bloggposten, er det utdrag frå artiklane «Ein milliard menneske svelt i vår tid – og me lever i våre bobler», «Liberalismen, den individualistiske fridom og flyktningkrisa«, «Er dette framtida allereie i dag?«, som eg skreiv for fleire år sidan. Artiklane er på ingen måte utdaterte! OG, dei er, diverre kan ein seie med sikkerheit, like (om ikkje meir) aktuelle no. Difor er dei sett saman, oppdaterte der det trengs og blogga på nytt. Det vil truleg vera naudsynt i eit langt perspektiv med slike ny-bloggingar. Urettvisa vert ikkje slutt i morgon, eller i over-morgon! Godt nytt år!
Ivar Jørdre

foto: http://www.openpr.de
Pengane eller livet
I landa i sør vil det sjølvsagt også i framtida verte produsert, handla og forbrukt fleire landbruksvarer, men matvaremangel og svelt er likevel eit veksande problem i dag. Den globale kapitalismen har ikkje som føremål å gje alle verdas folk like rettar til mat, husvære, helse og arbeid. Han skal gje dei priviligerte rettar til profitt! I verda i dag svelt ein milliard menneske. Det er matvarer nok. Derimot har fattige langt ifrå nok tilgang til dei. Difor skal fattigdomen minskast, og økonomien vekse – heiter det i FN – og det skal landbruket i utviklingslanda kunne hjelpe til med (Wirtschaft.t-online.de, 17.6.09). (”Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling”, OECD, har også skreve, m.a. i sin ”Landbruksutsikt 2009”: at ”Ein milliard menneske svelt».)
Høyres sikkert vel og bra ut dette, men det manglar det avgjerande: ”tilgang” til desse matvarer. Kva ligg det så i denne ”tilgang”? Tilgangen ligg i pengar, sjølvfølgeleg. Det er pengane som utelet dei fattige frå midlet til å få tak i mat. Dei må først skaffe pengane før dei kan ete. Med litt logikk kan ein lett få slutninga: Formålet med all produksjon – også produksjonen av matvarer – er ikkje å framstille goder, t.d. det dei fattige treng. Formålet er i staden å skaffa pengar. Den materielle rikdom som vert produsert i så rikeleg monn, eksisterar utelukkande for å verte til pengar. Vidare er det denne tvang, dette altdominerande formål, som får fram det marknadsøkonomiske elendet! Ekspertane i OECD kallar likevel ikkje pengane for pengar, men derimot for ”tilgang”. Det er på den eine sida uttrykk for, at det for dei er den mest sjølvsakte ting i verda, at ein ikkje kan få noko utan pengar og at ein no ein gong ikkje har nokon ”tilgang”. Og på den andre sida dekkar dei over dette litt «fine» ordet, at det i det heile teke berre dreiar seg om pengar. Dei vil ikkje innsjå at det er pengane, altså fastlegginga av all produksjon på å tene pengar, som let folk svelte. For dei ligg problemet i, at folk manglar pengar. Berre mangelen på pengar hindrar at dei produserte godene kjem fram kor det er allar mest bruk for dei. Så snart pengane er til stades, muleggjer dei ”tilgangen” til godene. Sett gjennom dette blikket er det nok klart kva saka går ut på: Svolt handlar ikkje om mangel på mat, men derimot om mangel på pengar. Og det, som dei fattige primært har trong for, vert så: ein vellukka pengeøkonomi! Milliardar av sveltande menneske er medvitne (eller manipulerte) til å tru på naudsyntheita av marknadsøkonomisk vekst målt i pengar. Dei siste tiåra med vekst i verdsøkonomien før krisa i 2008, har gjeve eit kjempestort og stigande tal sveltande – og det einaste riktige middel mot det var verdsøkonomisk vekst, vart folk fortalt om og om igjen. Og no etter økonomikrisa med nedgang i den totale verdsøkonomien seier det seg sjølv kva som hender.
Det er dermed gitt kva som føreskrivast som løysing i den sosiale marknadsøkonomien, som er berømt (eller berykta) for sin «effektivitet og menneskelegheit»: Om sveltande i det heile teke får tilgang til mat, så skjer ikkje det ved å lage og ete han. I staden skal dei væra med på å gjere mat til ei vare, som kan handlast, og så skal dei transportera vara dit kor ho kan betalast for. Det er den einaste måte dei kan tene pengane, som dei så kan bruka til å kjøpe mat for. Kva elles kan ein då tilby dei fattige enn økonomisk vekst?
Dette er måten som marknadsøkonomar arbeidar med spørsmål om liv og overleving på. For profesjonelle økonomar startar og sluttar økonomien med pengar. Dei forstår ikkje eller kjenner ikkje andre behov og produkt enn pengar. Ikkje andre spørsmål og ingen andre middel til problemløysing, kjenner dei. Same kor dei byrjar, så avsluttar dei med det evindelige maset om at økonomisk vekst er uunnværleg. Desse sokalla ekspertar uroar seg ikkje om stort anna enn marknadsøkonomien og hans vekst målt i pengar. Så er det oss sokalla vanlege borgarar som ikkje lever i fattigdom og vårt kjennskap til kva vårt økonomiske system (les kapitalismen) verkeleg held på med. Me lever mest i vår eigen boble og ensar svært lite at me sjølve er «slavar» av kapitalismen, men då ikkje som fattige og sveltande menneske, men som relativt velfødde konsumistar. Denne tilstanden er sjølvsagt perfekt for dei systemtru politikarane og kapitalistane. Det er ikkje før både me velfødde og dei fattige reagerar mot uretten systemet fører med seg, at systemet sjølv har grunn til uro. Ikkje før!
Framtida på havet (The future at sea), olje_61x40cm, 2011, Ivar Jørdre.
Flyktningane sin tidsalder og fridomen sin pris
Aldri før har den individbaserte «fridom» vore større, meinar liberalistane. Samstundes har dei globale krisene aldri vore større heller: miljøkrise, økonomikrise og flykningkrise. Midt oppe i dette er vår forståing av fridomsomgrepet sentral. Fridom vert universelt sett oppfatta som positivt, dei fleste vil ha det, men dei færraste definerar innhaldet i det. Heilt frå antikken, hjå grekarane og romarane (og før) til omlag vår tid har omgrepet «fridom» vore diskutert. To hovudretningar gjer seg gjeldande: Den liberalistiske fridom. Definert som «fråvær av innblanding», frå staten eller andre menneske. Ofte forbunde med den kapitalistiske marknaden sin “fridom” og den individuelle “fridom” til å velje sitt konsum. Denne liberalistiske ideologien har sitt opphav på tidleg 1800-tal, m.a. med filosofen Adam Smith. Det andre fridomsomgrepet har sitt opphav i antikken og vidareført i m.a. den usanske (1776), franske (1789) og norske grunnlov (1814). I nyare tid har ein brukt omgrepet «republikanisme» (har ingenting med dagens republikanarar i USA å gjera!). Dette politiske fridomsomgrepet har m.a. i seg “fridom frå vilkårleg makt, tyranni og tvang”. Ein kan her legge til, fridom frå vilkårleg marknadsmakt og «konsumtvang», fattigdom og krig. Les om dette og meir i artikkelen: «Ta fridomsomgrepet attende frå liberalistane og høgrekreftene»
Dette krysspunktet mellom ulike innhald i «fridom» lyt me som menneske forhalde oss til, også i krisetider som vår. Me ser gradvis forverring av mange sider av menneskelivet. I denne artikkelen er det flykningar, folk som rømmer frå noko alvorleg og uhaldbart som krig, svolt og fattigdom, kontrast til «vår fridom», som det vert sett på. Innan EU er den kapitalistiske fridomen dei fire friheiter: Fri flyt av varer, kapital, tenester og menneske. MEN, skal nokon inn i dette Schengen-området og med Dublin-forordninga, vert saka straks annleis. Då er krava harde og utvelginga av folk som får kome inn urettvise. Dette «regimet» EU fekk framover seinsommaren 2015 sin største utfordring nokon gong.
Den sommaren og hausten kom det først omlag 350 000 menneske så over millionen til kontinentet frå land som Afghanistan, Eritrea, Iraq og Syria. Frå Syria kom langt på veg dei fleste. Over 3000 menneske (uoffentleg mange fleire) drukna i Middelhavet på veg i farkostar ein knapt kan kalle båtar, sendt avgarde av kyniske menneskesmuglarar. Dette sett i scene frå land i Vesten med USA i spissen fullt ut har øydelagt stukturelt og sosialt med krigar, invasjonar, innblandingar og regimeskifte ved Nato-bombing. Libya er no ein kaotisk stat etter Nato sine herjingar i 2011. Staten Noreg var den flinkaste bombaren i «Nato-klassen». Syria har vesten også blanda seg inn i og på kaotisk vis støtta eller ikkje støtta ulike fraksjonar og ekstreme grupper etter ad hoc-prinsippet. Dei langvarige vestlege invasjonar i Iraq og Afghanistan, talar vel for seg sjølv i mange års «produksjon» av flyktningar. Som til og med Torbjørn Jagland, leiar i Europarådet, har sagt, i Søndagsavisa 30.08 i Nrk p2, i 2015, at det er Vesten som har skapt denne flyktningekrisa ved sine innblandingar og krigar.
Våre innblandingar og krigar er gamalt nytt. I heile den koloniale historie og meir til, har Vesten sine armear og elite rana andre kontinent for folk og ressursar. I dag er det olje og mineral Vesten mest jaktar på. Eller om det berre er eit regimeskifte Vesten vil ha av økonomiske og geopolitiske omsyn. Den største flykningkrise sidan 2. verdskrig seier mange om det i Europa. Men det er ei dreiing av sanninga. Den største krisa er i konfliktområda sine nærområde, nabolanda. Dei har teke i mot millionar av menneske. Og kva kranglar politikarane i Noreg om, skarve 8 000 kvoteflykningar over 3 år. Er det dette vår fridom utspeiglar seg i: Til å ta minst av byrda som ein av dei rikaste landa. Til å oppmode kommunane til ikkje å ta i mot flyktningar, slik finansministeren gjorde i 2015(ikkje å undrast slikt kjem frå Frp-kanten, men totalt sprøtt frå ein minister). Til å vera mest mogleg umenneskeleg i kjeften på sosiale media der nokon får seg til å seie at det er betre dei druknar så vert det færre som kjem seg til Europa. Kva for fridom er det?
I 2018 er stemninga i Europa endra sidan 2015. Ingen vil ha flyktningar lenger. Grensene vaktast meir og meir. Dei mange redningsbåtar i Middelhavet er vekke, berre få att. I dette året kom berre litt over 70 000 menneske over havet. 2200 menneske har drukna. Er dette den fridomen Europa vil stå for?
Den totale framandgjeringa av fenomenet «menneske» gjer seg her gjeldande. Med denne dehumaniseringa ikkje berre av flyktningen, men også av seg sjølv, kjem eit mørkt systematisk syn i historia brått attende. For alvor i slike tider der hundretusen kjem og bankar på «festung Europa» si dør er det kritisk viktig at me står opp mot fascistiske krefter og deira mørke gribbar av tyrrani og ufridom. Fridomsomgrepet «republikanisme» med m.a. “fridom frå vilkårleg makt, tyranni og tvang” må gjelde vårt tilhøve til folk på flykt. Solidaritet frå folk til folk er basen for at endring hender av samfunnsstrukturar, men inn til det hender er dei tusenvis som er på flukt frå Vesten sine skapte kriser og eit klima som stadig vert meir uføreseieleg.
Diktet
Dette er eit dikt som på fleire måtar speiglar miljø og framtid, og kva tilstand menneska kan vente seg om me eventuelt ikkje tenkjer oss om i tide. Men gjer me det? Arktis smeltar som aldri før. Det same gjeld i Himalaya. Metan stig opp frå steppene i Sibir og frå havbotnen i nord, snart enormt. Verdas regnskog forsvinn framleis i stort monn. Menneska rømer til konsumisme og dårskap. Er det håp? Ja, det er det! Men då må me vakne opp frå dvala, endre oss og kjempe saman – for noko nytt!
Regnskogen brenn II (The rainforest is burning), olje_61x85cm, 2008, Ivar Jørdre.
Eg skreiv dette diktet for ein del år sidan, men fann det fram att no og ser at det er meir aktuelt enn nokon gong.
Anno 2020
Nokre born sit i skuggen
av eit tre
Dette tre har sorg i sine lauv
Ei gong stod dette tre
i lag med
sine systre og brødre
i ein park
Dei var litt av eit syn
der dei stod
duvande i lett bris
med stolte bladkroner
som krystal
Parken er ikkje meir
eit tre står att
ein fabrikk er bygd
liknar ein sarkofag
med skorstein av død
Men denne generasjon
som sit under
dette tre
frå forige generasjon
veit noko saman
Det er
løyndomen
om ei betre verd
Sosialisme trengs mer enn noen sinne!
-Tankevekkjande og godt sagt. Takk til deg Ivar Jørdre.for diktet. Sjølv i den alvorlege bodskapen din finst optimisme. Trass alt, trass i dumskapen og egoismen til menneska finst ein optimisme : Det gjeld det nye året 2019.
Eli Raa Nilsen
» Menneska,» skulle det stå, og får ikkje til å endra feiltastinga !
Takk for fin kommentar Eli! Ja, det er tankevekkjande stoff dette og verda treng å verte minna på det heile tida. Som sosialist og kommunist har eg ei plikt til i alle fall å gjera det vesle eg kan i kampen for endring.
Eg har retta feilstavinga di, «messeska» til «menneska».