Direkte-TV frå ei militærøving er ikkje statskanalen verdig!
Det er særs alvorleg at NRK gjer show av det å leike krig.
Det er som mange hevdar veldig viktig no å få fram oppriktige og faktabaserte argument mot denne overdimensjonerte og ikkje minst farlege militariseringa av våre liv. Diverre er ikkje norsk presse den som er mest kritisk til dette. Berre sjå på at de i sjølve statskanalen NRK sendte direkte frå militærøvinga Trident Juncture 18, tysdag 30. oktober.
«Heilt utruleg at dei kan gjera slikt og heilt forkasteleg», har me høyrt mange seie. Dei gjer show av det å leike krig, ein særs alvorleg og farleg leik. Ja, så langt er me komne i Noreg også: Krig og trening på krig er blitt underhaldning.
Krig som underhaldning
Me forstår det slik på manglande kritisk og god journalistikk i dei store media og aviser i Noreg at det ikkje er god tone å setje for mykje kritisk søkeljos på den NATO-lina som Noreg om lag alltid har halde seg til. Nemleg det at ein stiller rett og slett ikkje spørsmålsteikn ved Nato i det heile teke. Slik forstår me haldninga til NRK også.
Med dette som bakgrunn vil me hevde at ein statskanal, som for det meste er betalt av oss skattebetalarar og ein statskanal som ser på seg sjølv som «nøytral», altså vel å vise deler av militærøvinga Trident Juncture direkte på fjernsynet utan å ta omsyn til at underhaldning og krig ikkje høyrer saman.
Desse nesten to timar med direktesending frå deler av dei militære framstillingane med dei øvste og politiske dignitarar til stades under eit militært show, er interessant til i etterkant å tenkje på korleis statskanalen har gjort sitt journalistiske arbeid.
NATO-øvinga Trident Juncture 18 er å rekne for den største i Noreg sidan den kalde krigen. NRK virker ikkje å kjenne på dei store linene med spenning og militarisering av Norden, men snarare ser på dette som god fjernsynsunderhaldning. Det er både trist og beklageleg.
Militære provokasjonar i ei usikker tid
Dette føyer seg difor inn i mange døme frå historia der øvste befal, politikarar og rikfolk møtest for å sjå på militære slag og bombingar.
Omgrepet «krigsturisme» var først brukt under Krim-krigen då velståande europearar saman med britiske øverskomanderande i 1854 såg på «Alma-slaget» frå ein nærliggande fjelltopp. Under Irak-invasjonen i 2003 vart kampane i Bagdad og elles i landet direktesendt på dei store fjernsynskanalane i USA. Og under Gaza-bombinga i 2014 skålte israelske soldatar og befal i sjampanje frå eit høgdedrag mens dei såg flya deira bomba Gaza, der det for det meste gjekk ofseleg ut over dei sivile.
Det er viktig for oss å vise at dette med showlaging av krig eller øvingar ikkje er greitt. Det er heller ikkje greitt for alle i Noreg å ha slike store militære provokasjonar i ei tid som pregast meir av opprusting og kald krig enn det motsette.
Dyr militærøving
NRK bør i staden setje søkeljoset på føljande framover: I oktober-november i år er det ei stor øving, denne gongen i Midt-Noreg.
Med så mange som 50 000 soldatar og tusenvis av køyretøy og skal operera 150 fly og 70 skip, til lands og til vanns. Denne gigantøvinga kalla Trident Juncture 18 vert den største øvinga i Midt-Noreg på minst 15–20 år. Ein mindre del av øvinga skal føregå i Sverige, Finland, på Island, og i Austersjøen.
Noreg er altså vertsnasjon. Slik er det å vera medlem av Nato: Servil, underlagt, miljøsyndar, pengeslukar og med velvillige militærhissarar hjå makta. Denne øvinga kostar vertsnasjonen Noreg dyrt.
To milliardar kroner er reservert, men summen kan verte tydeleg høgare, fortel forsvarsleiinga til NRK. Våre skattepengar går til militarisering og ikkje nok til helse, skule, arbeid. Er ein skattenektaksjon det me treng, for fred?
Store miljøskadar på produktiv jord, veg og anna infrastruktur er også venta.
Vi må nedruste, ikkje det motsette!
Militariseringa av Skandinavia og Norden er altså i full gong og dermed spenningsdrivande! Og Noreg og Norden er med denne politikken medverkande til å potensielt eskalera faren for storkrig i Europa.
Atomvåpenproblematikken og Nato er som eit par tenkjande på krig, tett knyta til kvarandre i avskrekkingsterror, trugsmål i førstegongsbruk og milliardbeløp i vedlikehald og fornying av atomvåpena. Dette gjer også at motpartane Russland og Kina held oppe og rustar opp sine arsenal.
Hadde berre Vesten og Nato rusta ned og invitert motparten til det same, då hadde me kanskje kunne sett fram mot fredelegare tider og ein tinande isfront.
––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––––
Tilsvar fra NRK
Espen Olsen Langfeldt, Redaktør i NRK Nyheter
Den pågående militærøvelsen «Trident Juncture» er – som innleggsforfatterne også påpeker – den største Nato-øvelsen i Norge siden den kalde krigens opphør. Med 50 000 deltagere og med et så stort militært oppbud, har NRK en plikt til å informere og opplyse befolkningen om konsekvensene av en slik tilstedeværelse. Derfor valgte vi tirsdag å direktesende deler av øvelsen – under den såkalte DV-dagen på Byneset i Trondheim.
Her deltok 3000 soldater, 20 krigsskip , 42 jagerfly og 12 stridsvogner innenfor et svært konsentrert geografisk område og tidsrom. Det definerte vi som en nasjonal nyhetshendelse, og vi dekket det slik som vi gjør ved alle andre nyhetshendelser: Ved å informere saklig og så objektivt som mulig om det som skjedde med bruk av levende bilder, tekst og egne og eksterne kommentatorer.
Vi formidlet også Nato-kritiske synspunkter fra politikere på Stortinget og bilder fra demonstrasjoner mot øvelsen. Derfor mener vi bestemt at vi ikke formidlet dette som et slags «show» eller «underholdning», for her har forfatterne Jørdre og Dahl helt rett: Underholdning og krig hører ikke sammen.
Men det betyr ikke at vi skal forholde oss tause om øvelsen, vi skal forholde oss til NRKs oppdrag: Å oppfylle demokratiske, sosiale og kulturelle behov i samfunnet samt formidle redaksjonell uavhengig journalistikk.
Det gjorde vi også denne gang.
Kronikk og tilsvar frå NRK publisert første gong på nrk.no/ytring, 30.10.18
Mitt svar til alle dei fornektarar i kommentarfeltet under Ytring-kronikken:
Til dei i denne diskusjonen som av ulike grunnar nektar for at USA og dei andre store vestmaktene ikkje vil ha interesser i nordområda og konsekvensane av USA’s geopolitiske interesser.
Her er litt frå historia:
Etter 2. verdskrigen stod USA og Sovjet att som leiarar for kvar sine blokker, eit godt kjenneteikn på perioden. I tillegg oppsto den såkalla “tredje verda” i kolonialismens fotspor. Det tredje kjenneteiknet på epoken var utviklinga av eit internasjonalt produksjonssystem. To militære poler – mange økonomiske. Danninga av to store imperialistiske blokker førte til at mange ytre kjenneteikn ved den klassiske imperialismen vart vekke. Tendensen til krig i imperialismen sine kjerneområder vart erstatta med terrorbalanse.
Stalin, Churchill og Roosevelt delte Europa mellom seg. England vart svakast og kunne berre halde sin stilling om dei andre to heldt fingrane frå imperialistfatet. Prisen var at England måtte gje frå seg dei viktigaste koloniane – India og Midtausten. India si frigjering var i stor grad ein følgje av motstandskamp, mens USA ville ha sin del av Midtausten. Israel vart danna i britisk Palestina etter press frå dei andre stormaktene, men også etter sionistanes ønske. Dermed vart Israel ei viktig geopolitisk og imperialistisk brikke.
Militært var verda delt i to. Men vestblokka hadde mange fleire økonomiske sentra i høve dei i austblokka. Blokkdanninga gjorde systemet stabilt i Europa. Den kalde krigen vart ei tvangstrøye, forsterka av trusselen om atomkrig. Krigane som hadde ridd Europa i hundrevis av år, var borte, men førebuingar til krig vart ei ny mare. Rustningsøkonomien hindra store økonomiske kriser. USA og Sovjet rusta opp som aldri før. Dette hadde ein utilsikta effekt: Ein permanent rustningsøkonomi oppsto. Militære investeringar sugde til seg profitt frå resten av systemet. Akkumulasjonen vart sterkt nedsett i dei produktive delar av produksjonen. Investeringane hendte i staden innan våpenproduksjon. Det viste seg å ha ein krisedempande effekt på heile verdsøkonomien. Resultatet vart kapitalismens lengste oppgangstid. Mellom 1948 og 1973 vart verdas inntekter meir enn tredobla.
Som verdas største økonomi kunne USA langt på veg bestemme den økonomiske utviklinga. Likevel førte oppgangen i verdsøkonomien til at dei landa som ikkje hadde dei store militærutgiftene kunne svinge seg opp. Oppsvinget ga Japan og Vest-Tyskland ein stadig større del av verdsmarknaden. Dei var i ferd med å underminera USAs økonomiske domene. USA brukte dollaren til kva den var verd. USA kunne underskotsbudsjettera meir enn alle andre økonomiar. Landet lånte av andre lands valutareservar. Ettersom valutareservane i vesten var i dollar, kunne t.d. ein nedgang i dollarkursen føre til at dei andre vestlege land var med på å betale for USAs opprusting. Til tross for det og til tross for rustningsøkonomien, gjekk USA inn i krise både i 1973-74 og 1979-82. Verdas profittrate byrja å søkje. Men ein ny amerikansk kjempesatsing i våpenkappløpet førte til at Sovjet tapte.
Krigen er ikkje like kald over alt. Militært var USA sterkast og millionar av menneske hadde fått kjenne at kald krig kunne vera varmare enn helvete om ein budde i imperialismens konfliktområder. USA var i heile perioden garantist for framleis vestleg verdskontroll. Innanfor USAs kontrollområde heldt den økonomiske konkurransen fram utan store militære konfliktar. Det tydde også at amerikansk kapital fekk langt betre moglegheiter til å spreie seg enn tidligare. Gjennom FN og FN-organ sikra USA sin imperialisme ein internasjonal legitimitet. Berre få gonger var det klare interessekonfliktar mellom vestmaktene, som i Suezkrisa 1956 og Kongo 1960 (president Patrice Émery Lumumba, vart avsett og seinare avretta 17. januar 1961 med hjelp av CIA, belgisk etterretning og så seint som i år, 2013, har det kome fram at britisk etterretning M16 truleg organiserte det heile). Men krigane heldt fram alle andre stader. Gong på gong har USA lukast i å gripe inn for å sikre sin kontroll. Over 300 gonger brukte USA militærmakt i perioden 45-75. Mellom 15 og 30 millionar menneske mista livet i krigar etter 1945.
Ivar Jørdre, ein av kronikkskrivarane




