«Sandra» – siste kapittel (Epilog)

«Sandra» er forteljinga om ei jente  (Sandra) og foreldra hennar som får greie på at dottera har muskelsvinn. Dette vert naturleg nok eit sjokk for dei, men dei prøver etterkvart å gjera det beste ut av det. Det same gjer vesle Sandra, på sitt forunderlege vis. Me føljer ho framover i livet. I oppveksten med barnehage, skule og seinare på Universitet, reiser, politisk medvit, kjærleik og mangt anna. Dette er kap. 11. Kap. 1 – 10  vart publisert 15. juni – 4. juli – 3. august – 27. september – 6. november – 4. desember  – 19. desember – 16. januar – 6. februar – 5. mars og 12. april

Utdrag, Epilog:

Ei gong som lita jente hadde Sandra høyrt ei forteljing som greip ho sterkt. Ho visste ikkje om historia var sann eller ei. Men, var det så viktig, om forteljinga var sann..eller ikkje? Det var ei lita historie ho var glad i uansett. Bestemor var det som hadde fortalt henne den og andre forteljingar når vesle Sandra skulle sove. Men, det var denne spesielle historia ho hugsa, dei andre var borte i gløymsla. Sandra hadde alltid tenkt på denne forteljinga om dn vesle guten som vart fødd i ei heilt annan tid, under heilt andre tilhøve enn ho sjølv. Kven var han denne guten, korleis hadde det gått med han, levde han lenge, fekk han seg familie? Ho berre undra, undra, undra. Hadde han draumar og håp om eit godt liv?

Gå inn på sida «Bok – Sandra» i menyen, eller klikk her

Dette er siste kapittel. Boka er ferdig!

Takk for følget – Ivar Jørdre

Ukjend's avatar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

Is this your new site? Log in to activate admin features and dismiss this message
Logg inn