Bergen, Torgallmenningen, tysdag 10. juli 2018:
Foto: Roy Henrik Eriksen
Strålande fin og varm sommardag. Ein av dei flottaste. Det var dagen for demonstrasjonen me i den vesle aksjonsgruppa hadde planlagt og mobilisert til i vekesvis. Enormt mykje arbeid vert lagt ned i planlegging og gjennomføring av ei markering av denne type, det veit alle som har prøvd. Så er spørsmålet: Får ein «løn» for strevet? Får ein oppmerksemd nok om den saka ein kjempar for? Kjem det mange tilhøyrarar? Kjem media og presse? Dette er alltid noko ein litt nervøst lurar på føre det heile brakar laus. 6 appellantar og 2 musikarar var klare til å setje i gong det heile: Siri Fransson, SMA2 diagnose, Bergen SV, Grete Linn Haldorsen, SMA2 diagnose, rådgjevar i Uloba, Lubna Jaffery, bystyremedlem, nestleiar i AP Bergen, Randi Elisabeth Aga, mor til to vaksne med SMA diagnose, Oddny Miljeteig, bystyremedlem i Bergen SV, Ivar Jørdre, SMA3 diagnose, Rødt Bergen, musikkinnslag ved Anette Aga, SMA3 diagnose, kunstnar/artist saman med bandet «Troll i ord».
Me kan ikkje seie anna enn at alt det nemnt ovanfor slo til denne gongen! Noko som slett ikkje er tilfelle alltid. Folk strøymde til, mobilisering og vær hadde virka, det kan ha vore mellom 2-300 menneske som var der og høyrde på appellane og musikkinnslaget. Fantastisk! Medieomtale og debatt i lang til om det vanvittig urettvise og ulovlege i aldergrense for bruk av medisinen Spinraza, gjorde utvilsomt også sitt til det store oppmøtet. Omtale og innslag frå sjølve markeringa i både aviser og kringkasting krona det heile. Me fekk verkeleg «løn» for strevet og oppmerksemd om saka denne gongen.
No gjeld det å halde «poteta» varm. Kampen held fram, heilt til medisinen Spinraza er tilgjengeleg for alle med SMA (Spinal Muskel Atrofi), uansett alder og progresjon!
Nokre av parolane i demonstrasjonen:
«Medisin er ein mennekserett!» – «Spinraza for alle med SMA, No!» –
«Kva om Spinraza kunne redde eliten og ikkje minoriteten? – Kjem pengane då?» – «Folk med SMA er ein ressurs – ikkje sløs dei vekk!»
Nedanfor, appell og dikt framført av meg og foto frå demoen:
Foto: Thorleif Berthelsen
Appell til demonstrasjon i kampen for Spinraza+for+alle+nå!
Torgallmenningen, tysdag 10. juli 2018
Også dei som er over 18 år må få Spinraza-medisinen – ei menneskerett er det!
Når vedtaket i Beslutningsforum i februar i år kom om at dei med muskeltilstanden SMA (Spinal muskel atrofi) som er under 18 år skulle få Spinraza, vart me glade, sjølvsagt vart me det. Endeleg hadde dei hemmelege forhandlingar om pris mellom legemiddelkapitalistane i legemiddelprofittøren Biogen og Staten ført fram. Omtala som verdas dyraste medisin, 1 million per dose, hadde vorte lågare i pris. Og Statens helseelite og verdas svakaste statsråd, helseminister Bernt Høie, såg seg råd til å godta tilbodet, kva no det var..gleda for dei under 18 var i alle fall stor.
MEN, stopp eit halvt rullestolhjul! Vurderinga som også kom var at dei over 18 år IKKJE skulle få Spinraza. Gleda gjekk eit SMA-sekund over til vonbrot for dei sokalla «vaksne». 19-20 åringar osv. oppover skulle altså ikkje få. På kva grunnlag? På det grunnlag at det ikkje var påvist dokumentert medisinsk verknad for dei «vaksne». Kven er så desse lite «nyttige» aldersgruppene? Er det 20-, 30-, 40-, 50-, 60-åringar? Ingen visste, og Beslutningsforum henta ikkje inn ny informasjon heller. Det måtte andre gjera. Den nystarta org. SMA-Norge gjorde det. Sendte inn ny dokumentasjon frå Stanford Medicine, som driv grundig forsking på medisin og medisinnytte, om at også «vaksne» med SMA kan nyttegjera seg av Spinraza. Men rykta melder at Beslutningsforum vurderte ikkje ei gong, den nye dokumentasjonen på møtet sitt 11. juni. Det er med litt liten respekt å melde, heilt, heilt in absurdum og til dei grader diskriminerande for dei det gjeld! Difor har SMA-Norge stemna Staten for retten. Ei rettsak er på gong, men me har eigentleg ikkje tid å vente, me treng Spinraza NO!
SMA-problematikken gjeld alle som vil ha Spinraza, at folk uansett alder og grader av progresjon, også får det. Det er tale om dei sokalla «vaksne» med SMA. Heilt utruleg er det å tale om aldersgrense i det heile teke. Absurd og menneskerettsstridig er det. Endå meir galskap er det når ein no har forsking på det. Problematikken pris og kven som får og kven som ikkje får nye medisinar er heilt essensielt i dette. Me som har SMA opplever at ein er vorten ein del av eit politisk spel mellom helsestyresmaktene og legemiddelføretaka. Slik skal det ikkje vera! Denne avgrensinga i alder er tydleg brot på m.a. Pasient- og brukarrettigheitslova, Spesialisthelsetenestelova, Prioriteringsmeldinga til Stortinget, FNs menneskerettskonvensjon, osb.
I ljos av dette er sjølve menneskeverdet på spel for oss. Det er utruleg at denne nye kunnskapen ikkje leiar Beslutningsforum sjølv fram til den kunnskapen og det grunnlaget dei treng for å gjera eit positivt vedtak. Heilt ulogisk er det å ikkje vurdera ny dokumentasjon. Slikt lærte i alle fall nokon av oss i skulen før i tida, at ny fakta skulle me ta på alvor og læra av. Kanskje ikkje alle i medisineliten har gått på slik skule?
Det er vanskeleg å godta at me over 18 år ikkje skal få nytte Spinraza sidan legemiddelet har gove så gode resultat allereie. No også i høve lovande data på dei over 18 år. Legemiddelindustrien er ein kynisk bransje, det veit me. Men det me ikkje alltid tenkjer over er dei styrande sin kynisme. Det å ikkje gjera medisin for folket likt fordelt, det å ikkje ville ta kontroll over medisinens økonomi, berre late den sokalla frie marknad styre – Det er kynisme det! Denne kampen gjeld ikkje berre oss «SMA-bandittar», det gjeld dei alle. Eg kjempar denne kampen for dei mange, for dei få, for dei store, for dei små. Denne kampen kjempar eg for alle marginaliserte grupper som treng medisin for eit verdig liv, for eit trykt liv, for eit rikt liv, for ei helse alle kan leve med. Det veit eg mange andre gjer også. Det gjer meg glad – det gjer meg optimistisk!
Dei rike får sine milliardar i sine skattelettelommer, mens dei mange andre får sine superdyre medisinar Staten ikkje vil gje oss. Men kampen held fram, me gjev oss ikkje no, ikkje i morgon, ikkje neste dag, ikkje på vilkår NOKON GONG!
Ivar Jørdre

Foto: Roy Henrik Eriksen
Eg har høyrt
Eg har høyrt om ei lita jente
eg har høyrt om ein liten gut
dei saman med mange
lengtar etter lange livet ut
Lengtar etter den gode medisin
den tryggleik deira vesle kropp treng
når livet i den tynne tråden heng
Dei har no tryggleik i livet fenge
Det var noko me hadde håpa så lenge
Eg har også høyrt om ein mann
eg har også høyrt om ei kvinne
som saman med mange
langar ut sitt inderlege sinne
Eit sinne mot dei som slår att døra
Eit sinne mot profittørar,
dei styrande og deira like
som vil menneskerettane heilt svike
Eg har no også høyrt at kampen ikkje stilnar
Heilt til rettferd seg visar
og eliten i sine hovud endrar tanke
Ja, heilt til då denne kampen aldri mildnar!
Ivar Jørdre
En ting er sikkert: du er en fighter og en bauta, Ivar – alltid positiv og smilende på Universitetsbiblioteket!!