Oppstilling (soldatar), olje på lerret, 2012, Ivar Jørdre
Til kampen mot krig og norske soldatar i Syria!
Noreg sendte i fjor 60 soldatar til Jordan, då etter seiande frå regjeringa, for å trene og vegleia opprørsgrupper i Syria, mot IS. Dei «lova» då, at neidå, dei skulle ikkje setjast inn direkte i kamp. Året etter, i mai 2017, var det nettopp det dei vart: Sendt inn i Syria i kamp. Slik virkar «nytale-ministeriet»!
Dette er eit dikt om dette lureriet og hykleriet frå vår eige regjering. Skreve til markeringa mot «norske soldatar i Syria» på Torgallmenningen, 12. mai, arr. Raud Ungdom:
Noreg i Syria
Du lagnadstunge land, Syria
som alle ville gripe, men ingen får
Du lagnadstunge land, Syria
der ditt folk vil ha fridom, men ikkje rår
Du lagnadstunge land, Syria
som blør så valdsamt, utan ende
Du lagnadstunge land, Syria
her kjem framande inn, og er ingen frende
Mitt vesle land der nord, Noreg
som alle veit diltar så veldigt, etter dei store
Mitt vesle land der nord, Noreg
der mi regjering sender i krig og vil Syria borde
Mitt vesle land der nord, Noreg
som også blør, men av dårleg samvit
Mitt vesle land der nord, Noreg
her kjem det neiggu meg, ingen skamvit
Mitt vesle land der nord, Noreg
du sender soldatar i imperialismens hegn
og du, Mitt vesle land der nord, Noreg
kva er det du vil, gjere alle til blodigaste tegn?
Ivar Jørdre
OG, til den norske regjering: Sjå te heilsik i innerste h å få soldatane heim NO! Dei har ingenting der å gjera. Det einaste dei bidreg med, er utryggheit for mange!
